13102_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/datapi/kvartal
13102
Oppgang i prisane på datakonsulenttenester
statistikk
2007-11-01T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Teknologi og innovasjon
no
datapi, Databehandlingstjenester, prisindeksInformasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Produsent- og engrosprisindekser, Teknologi og innovasjon, Priser og prisindekser
false

Databehandlingstjenester, prisindeks2. kvartal 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Oppgang i prisane på datakonsulenttenester

Prisane på datakonsulenttenester auka med 6,3 prosent frå 2. kvartal 2006 til den tilsvarande perioden i 2007. Frå 1. kvartal 2007 til 2. kvartal i 2007 steig prisane med 1,4 prosent.

Prisindeks datakonsulenttenester. 2006=100. Totalindeks, kompetansenivå frå ein til fire

Prisindeks datakonsulenttenester. 2006=100. Totalindeks, datakonsulentkategoriar

Prisane har auka mest i dei to siste kvartala av perioden. Frå 2. til 3. kvartal i 2006 steig prisane med 1,2 prosent, og frå 3. til 4. kvartal auka prisane med 2,8 prosent.

Prisane har auka mest for dei med lågast kompetansenivå (sjå boks nedst). Frå 2. kvartal 2006 til 2. kvartal 2007 steig prisane med 9 prosent for desse. Delindeksane for dei med høgast kompetansenivå auka minst.

Vekter. Tilsette i næringa fordelt på kompetansenivå

Vekter. Tilsette i næringa fordelt på datakonsulentkategoriar

Størst auke for IT-arkitektar og rådgjevarar

Utviklinga varierer òg for ulike datakonsulentkategoriar. Delindeksane for IT-arkitektar og rådgjevarar auka mest. Systemtekniske konsulentar og programmerarar/systemprogrammerarar har ein gjennomsnittleg prisutvikling, medan IT-prosjektleiarar har litt lågare prisutvikling enn gjennomsnittet.

Dette er første gongen Statistisk sentralbyrå publiserer ein prisindeks for datakonsulenttenester. Indeksen er kvartalsvis, og publiseringa første gongen inneheld tal frå 2. kvartal 2006 til 2. kvartal 2007

Dei fire kompetansenivåa er definerte etter utdanning og lengda på arbeidserfaring:

Nivå 1: Utdanning innanfor området og inntil eitt års erfaring.

Nivå 2: Utdanning innanfor området og eitt til tre års erfaring.

Nivå 3: Minst tre års utdanning og meir enn åtte års erfaring.

Nivå 4: Ekspertkompetanse og minst sju til tolv års erfaring.