Erfaringane tilseier at det er eit behov for eit oppslagsverk som kan brukast både til konverteringa av årsrekneskapen, men òg for å syne kva filstruktur rekneskaps-rapporten skal ha. Konvertering av årsrekneskapen til gyldige kodar, samt at fila har rett filstruktur er ein viktig føresetnad for å få rekneskapsrapporten godkjend i Statistisk sentralbyrå (SSB).
Rettleiing for levering og oppbygging av filuttrekk finn ein i kapitla 2, 4.1 og 4.2.
Notatet gjev ein oversikt over dei funksjonane, artane og kapitla som er gyldige for rekneskapsåret 2025. Det er også presiseringar av kva kombinasjonar av kontoklasse, funksjon og art i drifts- og/eller investeringsrekneskapen som ikkje vert godkjend. Kapittel 3.1 "Kontrollar ved rapportering " gjev ei detaljert oversikt over krava som blir stilt til rekneskapsrapporten i innrapporteringsportalen hos SSB. Dette er for å sikra god kvalitet på statistikken.
Oppslag til hjelp ved rapportering av filuttrekk for rekneskapen
Kyrkjeleg fellesråd – rapportering 2025
Notatet « Kyrkjeleg fellesråd - rapportering 2025» er meint å vere ei samling av informasjon til hjelp i filoppbygging og konvertering av fellesråda/sokneråda sine interne årsrekneskap til rekneskaps-rapport tilpassa KOSTRA-kyrkje.
Notater 2025/30
Publisert: 31. oktober 2025
ISBN (elektronisk):978-82-587-2036-9
ISBN (elektronisk):978-82-587-2036-9