Kvar kommune skal fylle ut eitt skjema, dette gjeld også for interkommunale samarbeid.

I Oslo skal kvar bydel fylle ut eitt skjema, og i tillegg eitt skjema for dei bydelsovergripande stillingane. Det er stillingar knytt til funksjonane 244, 251 og 252 i rekneskapet som skal rapporterast i dette skjemaet.

Punkt 1. Opplysningar om kommunen og ansvarleg for rapporteringa

Opplysningane om kommunen er preutfylt gjennom innlogginga.

Ansvarleg for rapporteringa

Det er viktig at ein registrerer korrekt navn, e-postadresse og telefonnummer til den som leverer skjemaet. SSB vil nytte denne kontaktinformasjonen i kvalitetssikringa av rapporteringa.

Punkt 2. Personell i barnevernstenesta funksjon 244, 251 og 252 per 31.12.2023

Generelt

Alle tilsette i kommunal barnevernsteneste, også tilsette i tiltaksstillingar skal registrerast i denne rapporteringa, både tilsette på heiltid og deltid, fagpersonell, kontorpersonell og administrativt personell. Tilsette/oppdragstakarar i besøksheim/støttekontakt skal ikkje registrerast i dette skjemaet.

Tilsette på deltid skal reknast om til heiltidstilsette. For eksempel er 50 % stilling lik 0,5 årsverk som heiltidstilsett.

I samband med vikariat er det utdanninga til vikaren ein registrerar, ikkje utdanninga til den som er i permisjon.

Personell, også administrativt personell, som er felles for barnevernstenesta og andre kommunale tenester, skal registrerast etter ressursinnsats innanfor barnevernstenesta.

Personell i barnevernsvakt skal takast med, same korleis tenesta er organisert.

Innleidd jurist, psykolog e.l. skal ikkje reknast med.

Personell i ei interkommunal barnevernsteneste skal ein fordele mellom kommunane jamfør inngått avtale. Alle kommunane i ei interkommunal barnevernsteneste skal rapportere inn på eige skjema frå sin kommune.

A. Stillingar i barnevernstenesta med tilsette, etter utdanning

Stillingar med tilsette er stillingsheimlar som på rapporteringstidspunktet, det vil seie på slutten av oppgåveåret, har stillingsinnehavar og denne eller vikar i denne sin stad er i arbeid. I punkt A skal desse fordelast etter utdanninga til stillingsinnehavaren.

B. Stillingar i barnevernstenesta med tilsette, etter type stilling

Sum tilsette skal her vere lik sum tilsette i punkt A. Her skal stillingane fordelast etter type stilling. I tilfelle der dei tilsette i barnevernstenesta både har arbeidsoppgåver knytt til sakshandsaming og tiltak, kan ein fordele stillingsheimlane mellom funksjonane 244, 251 og 252. Frå 2023 skal det i punkt 2B òg registrerast kor mange som oppfyller kompetansekravet i barnevernsloven § 15-6, det vil seie at dei har ein relevant master, eller fire års relevant arbeidserfaring og ei relevant vidareutdanning med minst 30 studiepoeng. Også dette skal ein fordele mellom fagstillingar og tiltaksstillingar (ikkje støttefunksjonar).

Fagstillingar, funksjon 244

Tilsette i barnevernstenesta med ansvar for sakshandsaming av barnevernssaker (forvaltningsloven/barnevernsloven), deira leiarar, eventuelt andre tilsette som arbeider med å opplyse sakene (som psykolog, jurist, rettleiar etc.). Tilsette som er leigde inn skal ikkje inkluderast.

Støttefunksjonar, funksjon 244

Kontorfaglige/merkantile stillingar, stabsfunksjonar (eksempelvis knytt til økonomi/controllerfunksjon), og liknande.

Tiltaksstillingar, funksjon 251

Tilsette i barnevernstenesta med ansvar for tiltak til barn og familiar som mottek hjelp frå barnevernstenesta utan at barnet er plassert av barnevernet (jf. definisjon av funksjon 251 i Veileder til kontoplanen i KOSTRA – regnskapsåret 2023). Tiltaka er sett i verk av barnevernstenesta gjennom vedtak og tiltaksplanar. Oppdragstakarar skal ikkje inkluderast. Eksempel på aktuelle stillingstypar er miljøarbeidarar, terapeutar (miljø/familie) og heimekonsulentar.

Tiltaksstillingar, funksjon 252

Tilsette i barnevernstenesta med ansvar for tiltak til barn og familiar som mottek hjelp frå barnevernstenesta når barnet er plassert av barnevernet (jf. definisjon av funksjon 252 i Veileder til kontoplanen i KOSTRA – regnskapsåret 2023). Tiltaka er sett i verk av barnevernstenesta gjennom vedtak og tiltaksplanar. Oppdragstakarar skal ikkje inkluderast. Eksempel på aktuelle stillingstypar er miljøarbeidarar, terapeutar (miljø/familie) og heimekonsulentar.

C. Stillingar i barnevernstenesta utan tilsette, etter type stilling

Stillingar utan tilsette er stillingsheimlar som på rapporteringstidspunktet anten er utan stillingsinnehavar eller har ein stillingsinnehavar som har vore borte frå stillinga i 3 månader eller meir på grunn av sjukdom, permisjon eller liknande, og det ikkje er sett inn vikar.

For meir om fordeling etter type stilling, sjå under punkt B.

Punkt 3. Organisering av barnevernstenesta per 31.12.2023

Registrer ja eller nei ettersom korleis barnevernstenesta i kommunen er organisert.

Punkt 4. Kvalitetsindikatorar for barnevernstenesta

Registrer ja eller nei på desse spørsmåla om brukarundersøking og internkontroll.