Formålet med skjemaet

Formålet med skjema 34 er å skaffe data om arealet på kommunale formålsbygg. I kontoplanen for KOSTRA blei det frå og med 2008 skilt ut informasjon om forvaltning, drift og vedlikehald (FDV). På denne måten vil det kunne presenterast nøkkeltall der til dømes kommunanes utgifter/inntekter til FDV finns i teljaren og bruttoarealet i nemnaren.

Rettleiing

Det kommunale føretak (KF) skal føre opp samla bruttoareal på funksjonane i skjemaet. KF skal rapportere både eigde og leigde formålsbygg. Bruttoareal ein rapporterer på funksjonane i skjemaet skal korrespondere med utgiftene og inntektene som er ført på kvar av funksjonane i rekneskapen. Kommunale føretak skal rapportere areal for bygningar dei har ført opp i balansen i skjema 34B. For dei bygningane KF leiger skal art 190 ”Leige av lokaler og grunn” korrespondere med areal ein rapporterer i skjema for disse bygningane. Er lokala nytta av forskjellige funksjonar, skal arealet fordeles.

Dei bruttoareal ein skal rapportera er knytt til funksjonane:

  • F130 Administrasjonslokaler
  • F221 Barnehagelokaler
  • F222 Skolelokaler
  • F261 Institusjonslokaler
  • F381 Kommunale idrettsbygg og anlegg
  • F386 Kommunale kulturbygg

Lokale knytt til andre funksjonar skal ikkje rapporteras. Dersom det kommunale foretaket du rapporterer for ikkje eig eller leiger areal knytt til funksjonane lista opp  kan ein sende inn skjema tomt slik at SSB ikkje treng å purre unødvendig.

Det er svært viktig at det er samsvar mellom utgifter og inntekter for dei funksjonane ein finn definert i «kontoplanveilederen» i KOSTRA og det arealet ein rapporterer på dei same funksjonane i dette skjemaet. Dersom utgiftene og inntektene ikkje står i samsvar med arealet vil kommunens nøkkeltal bli misvisande.

Definisjon av bruttoareal (BTA) i NS 3940:

"Bruttoarealet for en bygning er summen av bruttoarealene for alle plan. Bruttoarealet for hvert plan beregnes utvendig av omsluttende bygningsdelar i gulvhøyde og inkluderer utside utvendig kledning."

Regler for å måle bruttoareal

Bruttoarealet finn ein ved å måle yttersida på ytterveggen. Alle plan er måleverdig same kvar dei ligg i bygget, så lenge dei har ei etasjehøgde på 1,90m eller meir. Innhukk og/eller framspring av konstruksjonsmessig eller estetisk art reknas ikkje med i arealet.

Bruttoarealet fastsetjas separat for kvart plan og blir målt i golvhøgd. Nødvendige opningar i etasjeskilje for trapp, heiser, sjakter og liknande reknas med i arealet for kvar etasje.