Versjon 29.11.2023

Oversikt over rapportering av barnevernsdata for 2023

Frå og med statistikkåret 2013 vil all rapportering av data på barnevern (KOSTRA skjema 15) vere basert på filuttrekk frå fagsystem. Her gjev vi ei skjematisk oversikt over kva data som skal rapporterast inn for statistikkåret 2023. For kommunar med nye fagsystem, Flyt Barnevern (Visma) eller Modulus Barn (Netcompany) vil dei same opplysningane kontinuerleg rapporterast til det nye Barnevernsregisteret (BVR). Og SSB hentar statistikkgrunnlaget frå BVR.

1. Opplysningar om kommunen

  • Kommunenummer
  • Kommunenamn
  • Bydelsnummer
  • Bydelsnamn
  • Distriktsnummer
  • Organisasjonsnummer

Presisering: I tilfelle der barnet flyttar mellom kommunar som inngår i interkommunalt samarbeid, er det føremålstenleg at heile saka blir tald der barnet bur på rapporteringstidspunktet. 

2. Opplysningar om klienten

  • Klientnummer/Person ID
  • Fødselsnummer (11 siffer). D-nummer (mellombels identitetsnummer) kan registrerast i staden for fødselsnummer
  • DUF-nummer (12 siffer) (Nummer som blir gjeve i Datasystemet for utlendings- og flyktningsaker)

3. Meldingar

Meldingar blir registrerte jamfør Saksbehandlingsrundskrivet frå Bufdir:

Både privatpersonar og offentlege instansar kan melde bekymring for eit barns omsorgssituasjon.Det er vanleg å omtale opplysningar som blir gjevne til barnevernstenesta som bekymringsmeldingar. Dette er ikkje eit uttrykk som blir brukt i lova. Alle opplysningar barnevernstenesta får, kan ha betydning, uavhengig av om dei blir omtalte som ei bekymringsmelding eller ikkje. Det har heller inga betydning korleis barnevernstenesta blir kjend med opplysningane, eller om dei er skriftlege eller munnlege.

Alle konkluderte meldingar i fagsystemet blir rapporterte til SSB. Data som blir spesifiserte her, blir samla inn per melding.

  • Melding motteken dato
  • Konklusjonsdato på melding (utan konklusjonsdato løper behandlingstid på melding)
  • Resultat av melding
  1. Lagd bort
  2. Ikkje lagd bort – konklusjonsdato melding (eventuelt 7 dagar etter motteken melding) er startdato undersøking
  3. Lagd bort pga. aktive tiltak  Meldingar i ei aktiv tiltakssak, som kan reknast som opplysningar i saka og der innhaldet i meldinga ikkje gjev grunnlag for å opne ei ny undersøking
  4. Melding i igangverande undersøking  Meldingar der det allereie er oppretta undersøking på grunnlag av ei tidlegare melding. Behandling av denne typen melding er beskriven i saksbehandlingsrundskrivet: Dersom meldinga inneheld nye opplysningar, må barnevernstenesta vurdere å utvide grunnlaget for undersøkinga. Undersøkinga skal gjennomførast innan fristane i lova. Dersom barnevernstenesta ikkje kan gjennomføre undersøkinga på ein forsvarleg måte innan fristen på tre månader, på grunn av dei nye opplysningane, må barnevernstenesta vurdere om undersøkinga skal utvidast med heimel i barnevernslova § 2-2 andre ledd. Desse meldingane bør verken forståast som lagde bort eller ikkje lagde bort, men som meldingar som opplyser saka og undersøkinga

Presisering av fristar 

Fristar blir rekna frå tidspunkt for mottak av melding. Meldingar har frist på 7 dagar. Undersøking har frist på 3 månader. Det vil seie at den totale fristen for gjennomgang av melding og gjennomføring av undersøking er 7 dagar og 3 månader.

 

  • Kven melde saka (ein eller fleire):
  1. Barnet sjølv
  2. Mor/ far/ føresette
  3. Familie elles
  4. Andre privatpersonar
  5. Barnevernstenesta
  6. NAV (kommune og stat)
  7. Barnevernsvakt
  8. Politi
  9. Barnehage
  10. Helsestasjon/skolehelsetenesta
  11. Skole
  12. Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
  13. Psykisk helsevern for barn og unge (kommune og stat)
  14. Psykisk helsevern for vaksne (kommune og stat)
  15. Lege/ sjukehus/ tannlege
  16. Familievernkontor
  17. Tenester og instansar med ansvar for oppfølging av personar med rusproblem (kommune og stat)
  18. Krisesenter
  19. Asylmottak/ UDI/ innvandringsstyresmakt
  20. Utekontakt/ fritidsklubb
  21. Frivillige organisasjonar/ idrettslag
  22. Andre offentlege instansar (presisering)
  23. Anonym
  • Innhald i melding (ein eller fleire):

1 Foreldra sin somatiske sjukdom

2 Foreldra sine psykiske problem / lidingar

3 Foreldra sitt rusmisbruk

5 Foreldra sin kriminalitet

6 Høg grad av konflikt heime

7 Vald i heimen / barnet vitne til vald i nære relasjonar

8 Manglande varetaking av grunnleggande og kvardagsleg omsorg for barnet 

9 Barnet utsett for fysisk vald

10 Barnet utsett for psykisk vald

11 Barnet utsett for seksuelle overgrep

12 Barnet manglar omsorgsperson

14 Barnet sine psykiske problem / lidingar

15 Barnet sin rusmisbruk

17 Barnet sine relasjonsvanskar (mistanke om eller diagnostiserte tilknytingsvanskar, problematikk knytt til samspelet mellom barn og omsorgspersonar)

18 Andre forhold ved foreldra / familien (presisering)

19 Andre forhold ved barnet og situasjonen til barnet (presisering)

20 Manglande vern av barnet frå foreldra

21 Manglande stimulering og regulering av barnet frå foreldra

22 Manglande sensitivitet og kjenslemessige tilgjengelegheit for barnet frå foreldra

23 Manglande oppfølging av barnet sine behov for barnehage, skole og pedagogiske tenester frå foreldra

24 Konflikt mellom foreldre som ikkje bur saman

25 Barnet si åtferd

26 Barnet sine kriminelle handlingar

27 Barnet utsett for menneskehandel

28 Manglande oppfølging av barnet sine behov for helsetenester frå foreldra

29 Foreldra sine kognitive vanskar

30 Barnet sine kognitive vanskar

31 Foreldra har vedvarande økonomiske problem / vedvarande låginntekt

4. Undersøkingar

Alle undersøkingar blir rapporterte inn.

  • Undersøking startdato (konklusjonsdato for melding som er seinast 7 dagar frå mottak av melding)
  • Undersøking avslutta dato (Resultat av undersøking er vedtak om tiltak, krav om tiltak for barneverns- og helsenemnda, eller bortlegging)

Presisering av fristar

Sjå presisering av fristar under 3. Melding. Dersom sluttdato ikkje blir sett, løper undersøkinga.

  • Resultat av undersøking:
  1. Barnevernstenesta gjer vedtak om tiltak
  2. Krav om tiltak for barneverns- og helsenemnda
  3. Undersøkinga lagd bort etter barnevernstenesta si vurdering (Kategorien gjeld når barnevernstenesta vurderer at vilkår for å sette inn tiltak ikkje er oppfylte. Gjeld også når barnevernstenesta gjev avslag på søknader.)
  4. Undersøkinga lagd bort etter parten sitt ønske (Kategorien gjeld når barnevernstenesta vurderer at vilkår for å sette inn tiltak etter BVL § 3-1 (gml. bvl § 4-4) er til stades, men saka blir lagd bort fordi foreldre/barnet ikkje samtykker til tiltak. Gjeld berre når det er snakk om hjelpetiltak som foreldre/barn kan takke nei til.) 
  5. Undersøkinga lagd bort på grunn av flytting (Kategorien gjeld når ei undersøkingssak blir lagd bort fordi barnet flyttar til ein ny kommune.)
  6. Undersøkinga lagd bort etter tilvising til annan instans

Dersom resultatet av undersøkinga er 1 eller 2, skal neste punkt rapporterast inn.

  • Grunnlag for vedtak om tiltak / krav om tiltak for fylkesnemnda (blir knytt til undersøking)

1 Foreldra sin somatiske sjukdom

2 Foreldra sine psykiske problem / lidingar

3 Foreldra sitt rusmisbruk

5 Foreldra sin kriminalitet

6 Høg grad av konflikt heime

7 Vald i heimen / barnet vitne til vald i nære relasjonar

8 Manglande varetaking av grunnleggande og kvardagsleg omsorg for barnet 

9 Barnet utsett for fysisk vald

10 Barnet utsett for psykisk vald

11 Barnet utsett for seksuelle overgrep

12 Barnet manglar omsorgsperson

14 Barnet sine psykiske problem / lidingar

15 Barnet sin rusmisbruk

17 Barnet sine relasjonsvanskar (mistanke om eller diagnostiserte tilknytingsvanskar, problematikk knytt til samspelet mellom barn og omsorgspersonar)

18 Andre forhold ved foreldra/familien (presisering)

19 Andre forhold ved barnet og situasjonen til barnet (presisering)

20 Manglande vern av barnet frå foreldra

21 Manglande stimulering og regulering av barnet frå foreldra

22 Manglande sensitivitet og kjenslemessige tilgjengelegheit for barnet frå foreldra

23 Manglande oppfølging av barnet sine behov for barnehage, skole og pedagogiske tenester frå foreldra

24 Konflikt mellom foreldre som ikkje bur saman

25 Barnet si åtferd

26 Barnet sine kriminelle handlingar

27 Barnet utsett for menneskehandel

28 Manglande oppfølging av barnet sine behov for helsetenester frå foreldra

29 Foreldra sine kognitive vanskar

30 Barnet sine kognitive vanskar

31 Foreldra har vedvarande økonomiske problem / vedvarande låginntekt

5. Tiltak

Alle tiltak etter barnevernslova skal rapporterast inn. For kvart tiltak skal følgande rapporterast:

  • Startdato for tiltak (Iverksettdato)
  • Sluttdato for tiltak
  • Paragraf og jamfør paragraf for tiltak
  • Grunnlag for oppheving av omsorgstiltak
  1. Barnet tilbakeført til foreldre/familien jamfør BVL § 5-7 (gml. § 4-21)
  2. Barnet har fylt 18 år
  3. Adopsjon BVL § 5-10 (gml. § 4-20)
  4. Anna (spesifiser)
  • Tiltaksgrunnlag blir registrert ved start av nye tiltak (same kodeliste som innhald i melding og grunnlag for vedtak om tiltak)

Bruk av tiltakskategoriane

Kategoriane 1.99 og 2.99 skal berre innehalde andre tiltak som er institusjon eller fosterheim, det vil seie andre plasseringstiltak. Dei skal ikkje innehalde tiltak som økonomisk hjelp, besøksheim o.l. Dersom tiltaket er ein del av fosterheimsavtalen, skal ikkje tiltaket førast som eige tiltak i innrapportering til SSB, med unntak av tiltak for å styrke utviklinga til barnet. Er det ikkje ein del av fosterheimsavtalen, skal det førast som eige tiltak i rett tiltakskategori. Til dømes kategori 4.4 for økonomisk hjelp, kategori 4.5 for besøksheim, osv.

Plasseringstiltak er f.o.m. 2015 tiltakskategoriane 1, 2 og 8.2 og desse får funksjon 252 hos SSB. Sjå Rettleiar for kontoplanen i KOSTRA, rekneskapsåret 2023.

Tiltak blir definerte av SSB som eit omsorgstiltak dersom det anten er heimla i gjeldande barnevernslov (BVL) § 5-1, eller i den gamle barnevernlova § 4-8, 2. eller 3. ledd eller startar med § 4-12 ELLER heimla i §§ 4-8., 4-8.0, 4-8.1 OG jamfør paragraf startar med 4-12. Tiltak heimla i andre paragrafar i barnevernslova blir definerte som hjelpetiltak, inkludert akutt- og åtferdstiltak.

Tiltakskategoriane

1. Institusjon

1.1  Barnevernsinstitusjonar (Gjeld alle typar barnevernsinstitusjonar.)

1.2  Plassering i institusjon etter anna lov

1.99  Andre institusjonstiltak (spesifiser) (Til dømes TFCO.)

2. Fosterheim

(Tilsynsførar og utgifter som følgjer av fosterheimsavtalen skal ikkje registrerast som eigne tiltak, med unntak av tiltak for å styrke utviklinga til barnet, som skal registrerast.)

2.1  Fosterheim i familie og nære nettverk

2.2  Fosterheim utanom familie og nære nettverk

2.3  Spesialiserte fosterheimar

2.4  Fosterheim etter BVL § 6-3  

2.5  Beredskapsheim utanom familie og nære nettverk

2.6  Mellombels heim i familie og nære nettverk

2.99  Andre fosterheimstiltak (spesifiser)

3. Tiltak for å styrke foreldreferdigheiter

(Gjeld tiltak retta mot familien / foreldre og foreldre-barn-samspel.)

3.1  MST (Multisystemisk terapi)

3.2  PMTO (Parent Management Training Oregon)

3.3  FFT (Funksjonell familieterapi)

3.4  Webster-Stratton - Dei utrulege åra (Førebygge og redusere åtferdsproblem.)

3.5  ICDP (International Child Development Program)

3.6  Marte Meo (Metoden blir brukt for å styrke og utvikle samspelet mellom foreldre og barn.)

3.7  Andre heimebaserte tiltak (spesifiser) (Gjeld andre tiltak i heimen som følgjer ein spesiell metodikk og som blir gjennomført på ein systematisk måte.)

3.8  Senter for foreldre og barn

3.9  Vedtak om råd og rettleiing

3.10  Heimekonsulent/miljøarbeidar

3.99  Andre tiltak for å styrke foreldreferdigheiter (spesifiser) (Til dømes COS.)

4. Tiltak for å styrke utviklinga til barnet

(Gjeld tiltak retta mot barnet)

4.1  Barnehage

4.2  SFO/ Aktivitetsskole

4.3  Fritidsaktivitetar

4.4  Økonomisk hjelp elles (Gjeld økonomisk hjelp som ikkje blir gjeven vha. tiltakskategoriane 4.1, 4.2 og 4.3.)

4.5  Besøksheim/avlastingstiltak

4.6  Støttekontakt

4.7  Samtalegrupper/barnegrupper (Gjeld strukturerte samtale- og aktivitetstilbod for aldersbestemde grupper.) 

4.8  Utdanning og arbeid (Gjeld oppfølging og støtte for å styrke barn og ungdoms tilknyting til skole eller arbeid.)

4.9  ART (Aggression Replacement Training)

4.99  Andre tiltak for å styrke utviklinga til barnet (spesifiser)

5. Tilsyn og kontroll

(Tilsynsførar jf. BVL § 9-10 skal ikkje registrerast som eige tiltak.)

5.1  Frivillig tilsyn i heimen (Gjeld der foreldra har samtykt til tilsyn.)

5.2  Pålagd tilsyn i heimen (Gjeld der tilsyn skjer etter vedtak i barneverns- og helsenemnda.)

5.3  Tilsyn under samvær (Gjeld ved omsorgsovertaking etter vedtak i barneverns- og helsenemnda.)

5.4  Ruskontroll

5.99  Andre tiltak av tilsyn og kontroll (spesifiser)

6. Nettverksarbeid/samarbeid med andre tenester

(Tiltak knytt til tverrfagleg samarbeid og styrking av nettverket til barnet.)

6.1  Familieråd

6.2  Nettverksmøte (Strukturerte dialogmøte som består av barnevernstenesta, foreldre og ungdom, og andre personar som er viktige i livet til ungdommen. Invitasjon av deltakarar skjer i samråd mellom barnevernstenesta, ungdom og foreldre.)

6.3  Individuell plan

6.4  Deltaking i ansvarsgruppe/samarbeidsteam

6.99  Andre tiltak av nettverksarbeid/samarbeid med andre tenester (spesifiser)

7. Undersøking og behandling frå andre tenester

7.1  BVL § 3-7 medisinsk undersøking og behandling

7.2  BVL § 3-8 behandling av barn med særlege opplæringsbehov

7.3  Psykisk helsehjelp for barn og unge (Gjeld ikkje ved tilvisingar, men når barn får behandling av psykolog eller innan psykisk helsevern/BUP).

7.99  Andre tiltak av undersøking og behandling frå andre tenester (spesifiser)

8. Bustad

8.1  Økonomisk hjelp til eigen bustad/hybel

8.2  Bustad med oppfølging inkluderer også bufellesskap. Her skal alle tiltak der barn og unge får oppfølging i bustad (heimla i barnevernslova), uavhengig av om oppfølginga skjer ved bemanning på staden eller som ambulant oppfølging i eigen bustad, og uavhengig av om bustadutgiftene blir heilt eller delvis dekte av barnevernet eller på annan måte, til dømes NAV.

8.3  Butreningskurs

8.99        Andre tiltak, ikkje plasseringstiltak (spesifiser)

 

6. Plantypar

Det skal berre rapporterast på tiltaks- eller omsorgsplan når det ligg føre ein samlande skriftleg plan. (Det vil seie at barnet og barnets føresette er kjende med konsekvensane av planen, og barnevernstenesta har oppfatta at partane har gjeve samtykke.) (Er det registrert startdato, er planen aktiv.)

1. Tiltaksplan etter BVL § 8-1, startdato og sluttdato, eventuelt siste dato evaluert

2. Tiltaksplan etter BVL § 8-4, startdato og sluttdato, eventuelt siste dato evaluert

4. Omsorgsplan etter BVL § 8-3, fjerde ledd, startdato og sluttdato, eventuelt siste dato evaluert

5. Tiltaksplan – ettervern etter BVL § 8-5, andre ledd

6. Samværsplan etter BVL § 7-6

7. Undersøkingsplan etter BVL § 2-2, tredje ledd

8. Undersøkingsplan etter akuttvedtak etter BVL § 8-2, tredje ledd

 

7. Er barnet klient ved utgangen av rapporteringsåret?

Blir henta frå ein annan stad i fagprogrammet enn vedtak og tiltak, og blir brukt for å kunne kontrollere at tiltak er avslutta til rett tid og at barnet skal vere med i barnevernsstatistikken i rapporteringsåret.

8. Flytting

Frå statistikkår 2022 skal flytting rapporterast. Ved endring av bustadadresse for barn som bur i Institusjon eller Fosterheim, skal dato for flytting, og dessutan årsak til flytting og kvar barnet flyttar til, bli registrert.

  • Dato for flytting (Sluttdato flytting)

Årsak til flytting

1. frå tiltakskode 2. Fosterheim inkl. beredskapsheim (dvs. alle tiltakskodar som startar med 2)

1.1 Barnevernstenesta avsluttar kontrakt med fosterheim (sum av kodar som startar med 1.1)

1.1.1 Barnet flyttar tilbake til foreldra fordi vedtaket om omsorgsovertaking vert oppheva (jf. BVL § 5-7), eller fordi det frivillige hjelpetiltaket om plassering i fosterheim (BVL § 3-2) vert avslutta.

1.1.2 Barnet blir myndig

1.1.3 Fosterforeldre klarer ikkje å dekke behovet til barnet (forhold ved fosterheimen)

1.1.4 Barnet har behov for annan plasseringsstad (institusjon, TFCO-fosterheim, forsterka fosterheim, osv.)

1.1.5 Andre grunnar; (t.d. usemje om omfanget av oppdraget, økonomi, forsterkningstiltak osv.) (krev presisering)

1.2 Fosterforeldre avsluttar kontrakten med barnevernet (sum av kodar som startar med 1.2)

1.2.1 Barnet har behov fosterforeldre ikkje kan dekke

1.2.2 Endring i livssituasjonen til fosterforeldre (skilsmisse, død, osv.)

1.2.3 Andre grunnar; (t.d. usemje om omfanget av oppdraget, økonomi, forsterkningstiltak, manglande eller lite effektiv rettleiing, osv.) (krev presisering)

1.3 Barnet flyttar saman med fosterforeldre til ny bustad

  2.  frå tiltakskode 1. Institusjon

2.1 Avslutta i samsvar med plan ved oppstart av institusjonsopphaldet

2.2 Institusjonen barnet bur i klarer ikkje å dekke behovet til barnet (manglande kompetanse hos tilsette,  bebuarsamansetning, fysiske forhold ved institusjonen osv.)

2.3 Barnet har behov for annan type plasseringstiltak (annan type institusjon, TFCO-fosterheim, forsterka  fosterheim, osv.

2.4 Barnet blir myndig og vel sjølv å flytte ut

2.5 Barnet trekker samtykke

2.6 Foreldre trekker samtykke

2.7 Ikkje medhald i barneverns- og helsenemnda

2.8 Usemje mellom barnevernstenesta og Bufetat om omfanget av oppdraget og/eller økonomi.

2.9 Andre grunnar (krev presisering)

Flytting til:

  1. Fosterheim i familie og nære nettverk
  2. Fosterheim utanfor familie og nære nettverk
  3. Beredskapsheim
  4. Barnevernsinstitusjon
  5. Bustad med oppfølging
  6. Foreldre
  7. Eigen bustad utan oppfølging
  8. Annan bustad (spesifiser)
  9. Adresseendring