Den vaksne befolkninga i Noreg mottar i all hovudsak tannbehandling i den private tannhelsetenesta, og hovudregelen er at dei betalar for behandlinga si sjølv. Det finst per i dag ingen fullgode kjelder på aktiviteten og kostnadene i den private tannhelsetenesta. Rapporten ser på ulike kjelder som kan belyse dette temaet på forskjelleg vis og presenterer tal frå desse statistikkane. Norske tal blir samanlikna med tal frå dei andre nordiske landa der dette er tilgjengeleg.
Tala på utgifter til tannhelsetenesta i Helserekneskapen viser at eigenbetaling frå hushalda utgjer den klart største andelen av dei totale tannhelseutgiftene i Noreg. I 2023 utgjorde hushaldas eigenbetalingar om lag 70 prosent av dei totale tannhelseutgiftene. Dette er i all hovudsak eigenbetalingar frå vaksne som bruker den private tannhelsetenesta. I 2023 var dei samla tannhelseutgiftene i Noreg på om lag 20 milliardar kroner. Hushaldas eigenbetalingar var på 14 milliardar, som svarer til 3 400 kroner per innbyggjar i ikkje-prioriterte grupper. Tal frå OECD viser elles at Noreg har høgast utgifter knytt til eigenbetalingar til tannhelsetenester per innbyggjar samanlikna med dei andre nordiske landa.
Tal frå Næringanes økonomiske utvikling (NØKU) viser at både omsetning, verdiskaping og lønsemd har auka i den private tannhelsetenesta i perioden 2021-2024. Omsetninga har auka med 3,7 milliardar kroner i perioden, frå 15,5 milliardar kroner i 2021 til 19,2 milliardar kroner i 2024. Verdiskapinga har auka med 1,1 milliardar kroner, frå 8,8 milliardar i 2021 til om lag 10 milliardar i 2024, medan lønsemda, målt i brutto driftsresultat, har auka med 1,1 milliardar kroner, frå 4,5 milliardar i 2021 til 5,6 milliardar i 2024. Data frå NØKU gjer det rett nok ikkje mogleg å sjå korleis utgiftene i den private tannhelsetenesta fordeler seg etter kva type tannhelsetenester som er blitt utført, som t.d. kor mykje av utgiftene som går med til reparativ behandling/nødvendig tannhelsehjelp samanlikna med behandlingar av meir kosmetisk art.
Tala frå Forbruksundersøkinga 2022 viser ingen tydelege mønster etter ulike bakgrunnskjenneteikn ved hushalda som har motteke tannhelsetenester. Samtidig er det klart størst andel hushald som oppgir å ha ei tannhelseutgift i intervallet 0-1999 kroner etter alle inntektskvartil. Dette stemmer bra overeins med tidlegare befolkningsundersøkingar om bruken og utgifter til tannhelsetenester. Dei gjennomsnittlege utgiftene til tannhelsetenestene per hushald var på 2 582 kroner, som er betrakteleg lågare enn kva tala frå Helserekneskapen og NØKU viser for hushaldas eigenbetalingar per innbyggjarar. Det er difor grunn til å anta at tala for utgifter til tannhelsetenester i Forbruksundersøkinga er noko lågare enn reelle utgifter til hushalda i løpet av 2022.
Når ein må betale for heile tannbehandlinga sjølve kan det oppstå tersklar for å oppsøke tannhelsetenesta. Fleire kan oppleva å ikkje ha råd til å gå til tannlege trass behov. Tala frå Levekårsundersøkinga viser at andelen 16 år og eldre som oppgir å ikkje ha råd til å gå til tannlegen i løpet av dei siste 12 månadene har auka i perioden 2011 til 2025, frå 4,3 til 7,7 prosent av dei spurte. I tillegg oppgir 18 prosent at dei opplever utgifter til tannlege som tyngande i 2025. Tala viser elles at andelen som oppgir å ikkje ha råd til å gå til tannlege er størst i grupper med låg sosioøkonomisk status, som t.d. blant dei med låg inntekt, låg utdanning og arbeidsuføre. Samanlikna med dei andre nordiske landa, har Noreg den nest høgste andelen som oppgir å ikkje ha gått til tannlege trass behov i 2025. Den vanlegaste grunnen til å ikkje ha oppsøkt tannlege trass behov er økonomiske årsaker i både Noreg, Danmark og Sverige.