251351
251351
Liten auke i byggjekostnadene
statistikk
2016-11-11T08:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggjekostnadsindeks for bustader, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstypar (for eksempel elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid), materialtypar (for eksempel betong, armeringsstål, trelast), byggindeks, indeksreguleringBolig og boforhold, Byggekostnadsindekser , Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
true

Byggjekostnadsindeks for bustaderoktober 2016

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Liten auke i byggjekostnadene

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,3 prosent frå september til oktober i år og var 2,9 prosent høgare enn i oktober 2015.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
Oktober 2016
Endring frå førre månad, prosentEndring frå førre år, prosentIndeks
1Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.
Bustader i alt10,32,9178,1
Bustader i alt, arbeidskraft0,01,4183,8
Bustader i alt, materialar0,64,3182,3
Einebustader av tre0,32,6178,8
Einebustader av tre, materialar0,63,5180,6
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid0,42,8179,6
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar0,73,7179,6
Bustadblokker0,22,4176,6
Bustadblokker, materialar0,43,0186,0

Byggjekostnadene for einebustad av tre og bustadblokk gjekk opp med høvesvis 0,3 og 0,2 prosent. Materialkostnadene for dei same bustadtypane auka med 0,6 og 0,4 prosent i same periode. 

Frå oktober 2015 til oktober 2016 auka kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med høvesvis 2,6 og 2,4 prosent. Dei tilsvarande materialkostnadene steig med høvesvis 3,5 og 3,0 prosent i same periode.