245681
245681
Rekordmange hotellovernattingar i juni
statistikk
2016-08-19T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
true

Overnattingarjuni 2016

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Fra 23. september vil SSB endre publiseringstidspunkt på alle statistikker til kl. 08.00.

Rekordmange hotellovernattingar i juni

Talet på hotellovernattingar auka med 3 prosent frå juni 2015 til 2,45 millionar i juni 2016. Dette er ny rekord for juni månad ved norske hotell. Likevel har losjiomsetninga gått ned.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad
Juni 2016Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarJuni 2016
Overnattingar i alt3 988 2312 584 6171 403 61414 316 767
 
Hotell og liknande overnattingsbedrifter2 446 6751 519 295927 38010 231 819
Campingplassar1 229 762912 958316 8042 631 432
Hyttegrender267 088129 928137 1601 297 537
Vandrarheimar44 70622 43622 270155 979
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland

I juni 2016 var det 927 000 utanlandske overnattingar ved norske hotell. Dette er 10 prosent fleire enn i den same månaden i 2015. Aldri tidlegare har det vore så mange utanlandske overnattingar i Noreg i juni. Talet på norske hotellovernattingar gjekk derimot ned med 1 prosent.

Talet på ferieovernattingar samt kurs- og konferanseovernattingar gjekk opp høvesvis 6 og 4 prosent frå juni i fjor. Yrkesovernattingar gjekk ned 3 prosent til 749 000. I juni var 58 prosent av hotellovernattingane knytte til ferie og fritid.

Samanlikna med juni 2015 gjekk losjiomsetninga på hotella ned med 1 prosent, frå 1 497 millionar til 1 486 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 925 kroner i juni i år, som er 2 prosent mindre enn i juni i fjor.

Fleire overnatta på campingplassar i juni

  • 1 230 000 campingovernattingar i juni 2016
  • 1 prosent oppgang sidan juni 2015
  • Norske overnattingar gjekk ned 2 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 10 prosent

Fleire overnattingar på hyttegrendene

  • 267 000 hyttegrendovernattingar
  • 4 prosent fleire enn i juni 2015
  • Norske overnattingar gjekk opp 4 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 4 prosent

Fleire overnattingar på Svalbard

  • 15 000 overnattingar på Svalbard
  • 14 prosent fleire enn i juni 2015
  • 56 prosent av overnattingane var ferie- og fritidsovernattingar