283773
283773
Fleire nye føretak
statistikk
2017-02-13T08:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
true

Føretak4. kvartal 2016

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Fleire nye føretak

I 4. kvartal 2016 vart det registrert 14 429 nye føretak. Samanlikna med 4. kvartal i 2015 er dette ein auke på 1,2 prosent. Flest nye føretak vart registrert i Oslo og Akershus.

Antall nye foretak
AntallProsent
4. kvartal 20163. kvartal 2016 - 4. kvartal 20164. kvartal 2015 - 4. kvartal 2016
I alt14 429-4,61,2
Aksjeselskap (AS)5 9864,67,9
Enkeltpersonforetak7 937-11,1-3,3
Norsk avdeling av utenlandsk foretak221-9,1-11,6
Figur 1. Nye foretak unntatt offentlig forvaltning og primærnæringene, etter tid og statistikkvariabel

Av dei nye føretaka i 4. kvartal 2016 var det 55 prosent einskildpersonføretak og 42 prosent aksjeselskap. I forhold til 4. kvartal 2015 gjekk talet på nye einskildpersonføretak ned med 3 prosent, medan talet på nye aksjeselskap auka med 8 prosent.

Det vart registrert flest nye føretak innanfor næringane fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting , byggje- og anleggsverksemd og varehandel.

I 4. kvartal 2016 vart det registrert 3 201 nye føretak i Oslo og 1 679 nye føretak i Akershus. Samanlikna med 4. kvartal i 2015 har talet på nye føretak auka med 3 prosent i Oslo og 2 prosent i Akershus. Den største prosentvise auken var i Troms med nær 17 prosent fleire nye føretak i 4. kvartal 2016 enn i 4. kvartal 2015. Sør-Trøndelag følgjer tett etter med ein auke på drygt 16 prosent.

Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB