243650
243650
Stor auke i elevtalet i Oslo og Akershus
statistikk
2015-12-11T10:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangUtdanning, Grunnskoler, KOSTRA, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Offentlig sektor
true

Elevar i grunnskolen1. oktober 2015

Innhald

Publisert:

Stor auke i elevtalet i Oslo og Akershus

Hausten 2015 var det 623 800 elevar i grunnskolen. Det er nærare 5 000 fleire elevar enn førre skoleår, men det er store regionale skilnader. Oslo og Akershus fylke har hatt stor auke i elevtalet dei siste ti åra, samstundes som dei tre nordlegaste fylka har hatt nedgang.

Grunnskolar og elevar etter eigeforhold. Absolutte tal og endring i prosent
2015Endring i prosentEndring i prosent
2014 - 20152005 - 2015
Grunnskolar i alt2 867-0,7-11,6
Private skolar2247,744,5
Offentlege skolar2 643-1,0-14,5
 
Elevar i alt623 7550,80,3
Elevar i private skolar21 6485,949,2
Elevar i offentlege skolar602 1070,6-0,9

I alt var det ti fylke som hadde auke i talet på elevar det siste året. Størst auke var det i Oslo og Akershus fylke. Til saman hadde dei to fylka 65 prosent av auken i elevtalet det siste året. I Oslo auka elevtalet med over 2 000 elevar, eller 3,0 prosent det siste året. I Akershus auka elevtalet med 1 140, eller 1,4 prosent. I perioden 2005-2015 auka elevtalet i Oslo med nærare 11 000 elevar, som er 20 prosent auke. Akershus hadde ein vekst i talet på elevar med over 7 000, eller 10 prosent i den same perioden.

Færre elevar i fylka i nord

I alt ni fylke hadde nedgang eller inga endring i elevtalet det siste året. Størst nedgang i talet på elevar var det i Finnmark og Oppland med høvesvis 2 og 1 prosent. Dei tre nordlegaste fylka har hatt tydeleg nedgang i talet på elevar dei siste ti åra. I perioden 2005-2015 gjekk elevtalet i Nordland, Troms og Finnmark ned med høvesvis 15, 10 og 15 prosent. Hedmark, Oppland og Sogn og Fjordane hadde også stor nedgang i elevtalet i perioden 2005-2015, med høvesvis 9, 10 og 9 prosent.

Talet på elevar i grunnskolen i alt er forventa å auke dei neste 20 åra. Grunna i befolkningsframskrivingar er talet på elevar i grunnskolen forventa å vere om lag 90 000 fleire om 20 år.

Fleire privatskolar og elevar i privatskolar

Hausten 2015 var det i alt 2 867 grunnskolar i Noreg, som er ein nedgang på 19 samanlikna med førre året. Samstundes som talet på skolar i alt gjekk ned, auka talet på private skular med 16. I alt var det 224 private grunnskolar og 21 600 elevar i private grunnskolar. Elevtalet ved dei private skolane auka med 1 200, eller 6,0 prosent samanlikna med førre året. Elevane ved dei private grunnskolane utgjorde i alt 3,5 prosent av alle elevar i grunnskolen.

Færre elevar får spesialundervisning og morsmålsopplæring

I alt 49 300 elevar fekk spesialundervisning hausten 2015. Sidan 2010 har talet på elevar som får spesialundervisning gått ned med 2 600. Om lag 8 prosent av alle elevar i grunnskolen får spesialundervisning. 67 prosent av dei som får spesialundervisning er gutar.

Til saman var det 14 200 elevar som fekk morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring og/eller tilrettelagd opplæring i 2015. Talet på elevar som får slik opplæring har gått ned med 7 600 sidan 2010. I alt 43 400 elevar fekk særskild norskopplæring. Delen elevar som får særskild norskopplæring har vore stabil på om lag 7 prosent dei siste åra.

12 prosent har nynorsk som målform

Om lag 12 prosent av elevane i grunnskolen hadde nynorsk som målform i 2015. 87 prosent av elevane hadde bokmål som målform, medan 860 elevar hadde samisk som opplæringsspråk.

Ein elev kostar 105 600 kroner

KOSTRA-tal for rekneskapsåret 2014 viser at ein elev i grunnskolen i gjennomsnitt kosta 105 600 kroner. Då er utgifter til grunnskoleundervisninga, skolelokale og skoleskyss tatt med. Lønnsutgifter utgjer ein stor del av kostnadene i grunnskolen, med om lag 80 prosent. Utgiftene varierer mykje mellom dei einskilde kommunane.

Meir om KOSTRA-tala (Kommune-Stat-Rapportering)Åpne og lesLukk

I statistikkbanken kan du òg finne KOSTRA-tal. KOSTRA står for Kommune-Stat-Rapportering og gjev statistikk om ressursinnsatsen, prioriteringar og måloppnåing i kommunar, bydelar og fylkeskommunar. Du kan til dømes finne netto og korrigerte brutto driftsutgifter i grunnskolesektoren, , lærartal og lærarårsverk, gjennomsnittleg gruppestorleik, lønsutgifter etc. Indikatorar for KOSTRA-grunnskole grunnar i rekneskapstal og tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI). Sidan elevtalet er registrert per 1.10. for skoleåret, er elevtala frå GSI vekta til å samsvare med rekneskapsåret. Tal for rekneskapsåret 2015 publiserast førebels i mars 2016, og endeleg i juni 2016. For utdjupande informasjon om kvar enkelt indikator, viser vi til KOSTRA- databasen.