234821
234821
Stadig fleire barn med omsorgstiltak
statistikk
2016-07-01T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Offentlig sektor
no
barneverng, Barnevern, kommunalt barnevern, barnevernstiltak, undersøkingssaker, uromeldingar, hjelpetiltak, omsorgstiltak, fosterheimar, besøksheimar, støttekontakt, ettervernsklientar, barnevernsinstitusjonar, beredskapsheimar, omsorgssvikt, barnemishandling, åtferdsvanskar, plasseringar, behandlingstidKOSTRA, Barne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
true

Barnevern2015

Populasjonen i barnevernsstatistikken er barn og unge inntil 23 år (jf. barnevernloven § 1-3) med melding og/eller undersøking og/eller tiltak.

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Stadig fleire barn med omsorgstiltak

53 440 barn og unge fekk tiltak frå barnevernet i løpet av 2015, knapt 1 prosent fleire enn året før. Talet på barn som var under omsorg blant desse, auka med 5 prosent og kom opp i 10 070. 43 370 barn og unge fekk hjelpetiltak.

Hovudtal for barnvernsstatistikken
 201320142015
1Fram til og med rapporteringsåret 2012 blei kun ei undersøking per barn rapportert, og då den første eller den som eventuelt førte til tiltak. Frå og med 2013 er alle undersøkingar starta og/eller avslutta i løpet av året rapportert.
Barn med barnevernstiltak i løpet av året53 15053 08853 439
Hjelpetiltak44 07243 47743 370
Omsorgstiltak9 0789 61110 069
    
Oslo5 6925 4855 563
Region aust12 10812 26712 448
Region sør11 09011 20111 329
Region vest10 80910 98711 040
Region Midt-Noreg7 5947 3957 271
Region nord5 8575 7535 788
    
Meldingar i løpet av året52 55352 99654 396
    
Undersøkingar starta i løpet av året141 49341 92243 681
Undersøkingar avslutta i løpet av året138 04641 01644 101
    
Tilsette i alt4 855,605 139,205 296,10

Kvart fjerde barn med tiltak i løpet av 2015 hadde innvandrarbakgrunn. Dét kan du lese meir om i ein eigen artikkel eller i dei fire nye tabellane i statistikkbanken. 

Det er ein auke i barn under omsorg i dei fleste aldersgrupper. Unntaket er aldersgruppa 0-2 år, der noko færre var under omsorg i 2015 enn i 2014. 

Ser vi tala i høve til talet på barn i befolkninga i aldersgruppa 0-17 år, har delen med omsorgstiltak òg auka. Frå 2010 har han auka frå 6,3 til 7,9 per 1 000 barn på slutten av 2015. Delen barn med hjelpetiltak i den same aldersgruppa har motset utvikling og har gått ned frå 24,1 til 21,4 per 1 000 i den same perioden. 

Frå 2013 til 2015 har delen barn som fekk omsorgstiltak av alle barn og unge med tiltak, auka frå 17 til 19 prosent, medan delen barn og unge med hjelpetiltak er redusert tilsvarande.

Liten auke i barn og unge med tiltak i løpet av året

350 fleire barn og unge fekk hjelpe- og omsorgstiltak i løpet av 2015. Talet på barn under omsorg auka med 460 i løpet av året. Barn og unge som fekk hjelpetiltak, vart altså redusert frå 43 480 til 43 370 i 2015. 

6 800 unge mellom 18 og 22 år fekk ettervern frå barnevernet i 2015. Dette er noko færre enn dei to føregåande åra, og den tidlegare veksten i denne aldersgruppa ser ut til å vere over. 

Som tidligare år er det nesten 55 prosent gutar blant barn og unge med tiltak i løpet av 2015.

Fleire plasserte i beredskapsheimar

På slutten av 2015 var 36 800 barn og unge registrerte med tiltak frå barnevernet. Dette er 300 færre enn eitt år tidlegare. Av desse var vel 40 prosent, eller 14 850, plasserte utanfor heimen, anten som hjelpe- eller omsorgstiltak. Dette er omtrent same tal som ved utgangen av 2014. Men det er ei endring i definisjonen av plasserte barn for 2015, færre tiltak blir rekna med som plasseringstiltak. Av ulike bustadtiltak er det no berre tiltaket «Bustad med oppfølging» som blir rekna som plasseringstiltak saman med barnevernsinstitusjonar og fosterheimar. 

10 720 barn og unge som er plasserte, bur i fosterheim, og dette utgjer vel 72 prosent. Talet på barn og unge som er plasserte i beredskapsheimar, har auka med 100 frå 2014 til 2015, slik at nesten 800 barn og unge budde i beredskapsheim ved utgangen av 2015. På same tidspunkt var 1 230 barn og unge plasserte i barnevernsinstitusjon, og 2 100 barn og unge fekk bustad med oppfølging frå barnevernet.

Fleire meldingar til barnevernet

I løpet av 2015 handsama barnevernstenesta 54 400 meldingar som omfatta 48 330 barn. Dette er 3 prosent fleire enn i 2014. Over 98 prosent av meldingane vart handsama og konkluderte innanfor fristen på sju dagar. 

I 2015 gjekk vel 80 prosent av meldingane vidare til undersøking. Det inneber ein auke på 1 prosent samanlikna med dei siste to åra. Resten av meldingane vart lagde bort. 

Flest meldingar frå politiet

Nesten 16 prosent av meldingane til barnevernet kom frå politiet, men meldingane frå politiet er også dei som oftast vert lagde bort. I 2015 vart 38 prosent av meldingane frå politiet lagde bort og ikkje undersøkte nærare av barnevernet. Dette er ein noko mindre del enn dei siste to åra. 

Ved sida av politiet er det barnevernstenesta sjølv og skolen som står bak dei fleste meldingane: høvesvis 14 og 12 prosent av meldingane. Knapt 8 prosent av meldingane kom frå foreldre/føresette. Nesten 6 prosent av alle meldingar kom frå barnehagen. Av desse vart berre 8 prosent lagde bort. I aldersgruppa 0-5 år - der barnehagen er mest aktuell som meldar - var over 13 prosent av meldingane frå barnehagen i 2015.

43 680 undersøkingar starta

Det vart starta 43 680 undersøkingar som galdt 40 950 barn i løpet av 2015. Eit barn kan ha fleire undersøkingar gjennom eit år. Frå 2014 til 2015 steig talet på undersøkingar med over 4 prosent. Heile 40 prosent av undersøkingane vart starta i aldersgruppa 6-12 år. 31 prosent av undersøkingane galdt barn i aldersgruppa 0-5 år, og 27 prosent aldersgruppa 13-17 år. Dette er omtrent som i 2014.

Nesten 6 av 10 undersøkingar lagde bort

Barnevernstenesta avslutta 44 100 undersøkingar i løpet av 2015, som er nær 8 prosent fleire enn året før. I vel 40 prosent av undersøkingane vart det gjort vedtak om tiltak. I 1,5 prosent av alle undersøkingane sende barnevernet krav om tiltak til fylkesnemnda. Resten av undersøkingane vart lagde bort med ulik grunngjeving. Nær 46 prosent vart lagde bort etter vurdering frå barnevernstenesta. Vel 8 prosent var lagde bort fordi familien ikkje ønskte hjelp, og knapt 5 prosent fordi familien flytta. Delen undersøkingar der det er gjort vedtak om tiltak, er omtrent 2 prosentpoeng lågare enn i 2014, tilsvarande har delen undersøkingar lagde bort etter barnevernstenestevurdering auka med nesten 2 prosentpoeng. 

Over 82 prosent av undersøkingane i 2015 vart avslutta innanfor fristen på 3 månader, dette er ein auke på godt over 3 prosentpoeng. Gjennomsnittleg behandlingstid var 89 dagar, 5 dagar kortare enn i 2014. 

29 prosent av tiltaka grunna manglande foreldreferdigheiter

Både som innhald i meldingane og som grunngjeving for tiltaka var manglande foreldreferdigheiter den oftast registrerte kategorien. Dei vanlegaste grunnane for vedtak om tiltak var:

  • manglande foreldreferdigheiter: 29 prosent
  • psykiske problem hos foreldra: 17 prosent
  • stor grad av konflikt heime: 11 prosent
  • andre forhold ved foreldra/familien: 10 prosent
  • rusmisbruk hos foreldra: 8 prosent

Flest tiltak for å styrke utviklinga til barna

Det var registrert 81 200 tiltak på slutten av 2015. Det er 1 530 færre enn i 2014. Tiltak for å styrke utviklinga til barnet var den største tiltakskategorien. 38 prosent av barna fekk slike tiltak på slutten av 2015. Døme på desse tiltaka er besøksheim/avlasting, økonomisk hjelp, barnehage, SFO og fritidsaktivitetar. 26 prosent av tiltaka frå barnevernet var tiltak for å styrke foreldreferdigheitene. Av desse var vel 15 prosent vedtak om råd og rettleiing. 

Fleire tilsette i barnevernet

Totale brutto driftsutgifter i det kommunale barnevernet var 11,8 milliardar i 2015. Dette er ein vekst på 5 prosent, omtrent som veksten året før. Ein del av desse utgiftene er knytte til dei tilsette i barnevernet. Det var 5 296 årsverk i barnevernstenesta ved utgangen av 2015, som er ein auke på 3 prosent frå 2014. 

Over halvparten av alle kommunar i interkommunalt samarbeid

Heile 224 av Noregs 428 kommunar hadde organisert barnevernstenesta i eit interkommunalt samarbeid ved utgangen av 2015. Det er 23 fleire enn eitt år tidlegare. Berre 10 kommunar organiserte barnevernstenesta som ein del av NAV i 2015, som inneber ein nedgang frå dei siste åra. 

Frå melding via undersøking til tiltakÅpne og lesLukk

Ei barnevernssak startar ofte med ei melding til barnevernet, som snarast og innan ei veke må avgjere om dei skal setje i gang ei undersøking eller leggje bort meldinga. Ei undersøking skal snarast og innan tre månader konkludere om det skal setjast i verk barnevernstiltak, eller om ein skal leggje bort saka.

StatistikkgrunnlagÅpne og lesLukk

Frå 2013 er det gjort endringar i korleis og kva som blir rapportert frå kommunane til Statistisk sentralbyrå. I tillegg var det 6 kommunar som ikkje rapporterte for 2013. Dermed kan ikkje alle tal for 2013 samanliknast med åra før eller etter.

Røst kommune har ikkje rapportert tal for 2015.