Om statistikken

1. Administrative opplysingar

1.1. Namn

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

1.2. Emnegruppe

09.05 - Utanrikshandel

1.3. Kor ofte og aktualitet

Statistikken vert samla inn kvart kvartal, og syner ikkje-finansielle føretak sine inntekter og utgifter i samband med eksport og import av tenester til/ frå utlandet. Frå 2006 til og med 2010 vart statistikken publisert årleg, og frå 1 kvartal 2011 vert statistikken publisert kvartalsvis.

1.4. Regionalt nivå

Statistikken viser ikkje-finansielle føretak sin tenestehandel med utlandet.

1.5. Ansvarleg seksjon

980 - Seksjon for utenrikshandel

1.6. Lovheimel

Statistikklova §§ 2-1 og 2-2 og 2-3 (tvangsmulkt).

1.7. EU-rettsakt

Ikkje relevant.

1.8. Internasjonal rapportering

Statistikken inngår som ein del av grunnlaget for utanriksrekneskapen og nasjonalrekneskapen, og er med i grunnlaget for rapporteringa til internasjonale organisasjonar som IMF, OECD og Eurostat.

2. Bakgrunn og føremål

2.1. Føremål og historie

Statistikken vart etablert i 2005 då Noregs Bank la ned valutastatistikken som tidlegare var ein del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen.

Føremålet med statistikken over utanrikshandel med tenester er å gje ei oversikt over tenestestraumen mellom Noreg og utlandet. Norske føretak sine inntekter ved eksport av tenester til utlandet, og utgifter ved import av tenester frå utlandet, er sentrale storleikar i det samfunnsøkonomiske biletet, både for å forklare strukturelle endringar, og for å overvake konjunkturane.

2.2. Brukarar og bruksområde

Statistikken er ein viktig del av grunnlaget for prognose- og analysearbeid utført av organisasjonar, offentlige myndigheiter, forskingsinstitusjonar og andre. Internasjonale organisasjonar, som FN sitt statistiske kontor, EU sitt statistiske kontor (Eurostat) og andre, gjer bruk av opplysningane som statistikken gjev. Den er bygd opp som ein del av eit nasjonalt og internasjonalt statistikksystem og nyttast og ved utarbeiding av nasjonalrekneskap og utanriksrekneskap. I tillegg kan statistikken til ein viss grad brukast av næringslivet som grunnlag for data til planlegging av produksjon, marknadsføring og sal.

3. Om produksjon av statistikken

3.1. Omfang

Statistikken omfattar tenestehandel med utlandet, og vert samla inn på kvartalsvis og t.o.m år 2008 også på årleg basis ved undersøkingar retta mot norske føretak innan ikkje-finansiell sektor.

Føretak er juridiske personar som produserar varer og tenester for sal i eit marknad. Populasjonen som dannar grunnlag for utvalet byggjer på opplysningar frå Finansteljinga frå 2003, Valutastatistikken frå Noregs Bank frå 2004 (siste produksjonsår), og Bedrifts- og føretaksregisteret. Populasjonen vert oppdatert ved bruk av ulike administrative register, bl.a. Toll- og avgiftsdirektoratet sitt Valutaregister, samt informasjon som vert samla gjennom kontakt med større oppgåvegjevarar og opplysningar i media.

3.2. Datakjelder

Grunnlaget for statistikken er rapporterte opplysningar frå ikkje-finansielle føretak som er med i den kvartalsvise undersøkinga.

3.3. Utval

Kvart kvartal vert det henta inn opplysningar om tenestehandel med utlandet frå omlag 3000 føretak inkludert føretak innan utanriks sjøfart jfr pkt. 3.6.

3.4. Datainnsamling

Data vert henta inn ved elektroniske skjema (web-basert og excel-basert med innrapportering via Altinn) og filuttrekk. Oppgåvegjevarane mottek førespurnad om rapportering ved utgongen av teljingstidspunktet (kvart kvartal), og har ein frist på 30 dagar til å rapportere.

3.5. Kontroll og revisjon

Innsamla data vert kontrollert i samband med mottaket av innrapporteringa, og ved einskilde typar feil i materialet vert oppgåvegjevar kontakta på nytt. Vidare gjennomgår innsamla data kontrollar mellom tal for ulike periodar, mot rekneskapsopplysningar og andre kjelder. Føretaka skal rapportere alle verdiar i heile 1 000 NOK.

3.6. Berekningar

I 2010/ 2011 vart det gjort endringar vedrørande utvalet og estimering av utvalet. Hensikta med endringane har vore å få ein betre metode for estimering, samt å lage kvartalsvis statistikk. Det nye utvalet består av ca 3000 føretak, og føretak med høge verdiar i valutaregisteret er alltid med. Det same gjeld føretak som har rapportert store verdiar føregåande år. Skilnaden frå den gamle utvalsplanen er at no vert ein adskilleg større andel av utvalget tilfelding trekt. Dermed kan ein estimere tenestehandelen til adskilleg fleire føretak enn det som var mogleg tidlegare. Endringane fører dessverre til brot i tidsserien, men vi meinar statistikken vert betre. NB Statistikken gjennomgår og ei metodeomlegging, difor er tal for næringa utanriks sjøfart inntil vidare teke ut av publiseringa for 2010 og framover. Metodeomlegginga som statistikken er inne i inneber og eit skifte i bruk av kilder. Sjøfartstal vil bli inkludert når nivåskilnadane mellom gamal og ny kilde er avklart. Publiserte tal, utan utanriks sjøfart, vil då bli oppdatert med tal for næringa utanriks sjøfart. Sjå elles nasjonalrekneskapet sine websider om utanriksrekneskapet http://www.ssb.no/emner/09/03/ur/tab-01.html

3.7. Konfidensialitet

Tal vert ikkje offentleggjort dersom dette medfører fare for identifisering, det vil seie at talet kan førast tilbake til oppgåvegjevar. I praksis tyder dette at det må vere minst 3 oppgåvegjevarar bak eit publisert tal.

4. Omgrep, variablar og grupperingar

4.1. Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Import:
Føretaka sine utgifter til kjøp av tenester frå utanlandske leverandørar i samband med import av dei ulike tenestene. Tenestene kan anten verte levert i Noreg eller utlandet.

Eksport:
Føretaka sine inntekter frå sal av tenester til utanlandske kundar i samband med eksport av de ulike tenestene. Tenestene kan anten verte levert i Noreg eller utlandet.

Tenestetype:
Tenestetypane definert i denne undersøkinga vert definert i samsvar med EU sin produksjonsstandard ”Classification of Products by Activity (CPA)”.

Konserninterne tenester:
Tenestehandel med utanlandske einingar innan same konsern skal førast som eigne postar, og rapporterast som "herav eksport av konserninterne tenester" og "herav import av konserninterne tenester" under kvar einskild tenestetype.  
Med konsern vert det i denne samanhengen meint einingar som står i relasjon til kvarandre, som til dømes morselskap, dotterselskap, dotterdotterselskap etc.

Land:
Import: Registreringslandet til den utanlandske leverandøren.
Eksport: Registreringslandet til den utanlandske kunden.

Beløp i NOK 1000:
Alle tall skal rapporterast i hele 1000 NOK.

4.2. Standard klassifikasjonar

Tenestetype:
Fylgjer EU sin produksjonsstandard ”Classification of Products by Activity (CPA).

Næring:
Til og med publiseringa for året 2009 blei statistikken publisert etter Standard for næringsgruppering 2002 (SN2002) som standard klassifikasjon for bedrifter og føretak innan ulike næringar. Denne standarden var ei norsk tilpasning av Eurostat sin NACE Rev 1.1. Frå og med statistikken for året 2010 vert Standard for næringsgruppering 2007 (SN2007) teken i bruk. SN2007 samsvarar med EU sin standard, NACE Rev. 2, og utgjer grunnlaget for klassifisering av einingar etter viktigaste aktivitet i Bedrifts- og foretaksregisteret. Bruk av felles standardar er viktig innanfor økonomisk statistikk då dette gjer det mogleg å samanlikne og analysere statistiske data på tvers av landegrenser og over tid.

Land:
Fylgjer den internasjonale standarden ISO-3166 (alfa-2)

5. Feilkjelder og uvisse

5.1. Måle- og handsamingsfeil

Opplysningane som skal innrapporterast omfattar delar av den einskilde rapportør sine postar i rekneskapet, det vil seie dei delane av postane som omfattar tenestehandel med utlandet. Tolkinga av kva som er kjøp og sal mellom norsk føretak og utlandet kan variere noko mellom dei ulike oppgåvegjevarane, og kan dermed føre til manglar i statistikken. Det kan førekome feil eller manglar i sjølve innrapporteringa. Dei vanlegaste feila er mellom anna at rapportørane si føring av dei einskilde postane kan avvike frå Statistisk sentralbyrå sin spesifikasjon, dels at skilje mellom norsk og utanlandsk eining kan vere uklårt.

5.2. Fråfallsfeil

Kvaliteten på statistikken vert påverka negativt av manglande innrapporteringar (fråfall). For å redusere omfanget av fråfallsfeil, vert det utført maskinell berekning av data for einingar som ikkje har rapportert innan fristen for å vere med i statistikkgrunnlaget. Det same vert gjort i tilfelle det er mangelfullt utfylte oppgåver frå rapportørane (partielt fråfall).

5.3. Utvalsfeil

Utvalsfeilen målar det forventa avviket mellom utvalet sitt resultat, og kva ein ville fått dersom heile populasjonen vart undersøkt. For å sikre høg grad av relevans til lågast mogleg kostnad, vert det lagt stor vekt på å dekkje føretak som har stor handel med utlandet, enten eksport eller import. Hittil er det ikkje utført berekningar av utvalsfeilen for undersøkinga.

Ein føresetnad for trekking av utval er at populasjonen omfattar alle føretaka som har kjøp og sal av tenester med utlandet. Det finst inga slik samla oversikt over føretak som har slik handel, og i praksis er det difor vanskeleg å fange opp alle relevante einingar.

5.4. Andre feil

Ikkje relevant.

6. Samanlikningar og samanheng

6.1. Samanlikningar over tid og stad

Denne statistikken er ny og har teke over for valutastatistikken frå Noregs Bank, som vart nedlagd ved utgangen av 2004. Desse to kjeldane kan ikkje samanliknast.

6.2. Samanheng med annan statistikk

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak er ei viktig kjelde for eksport og import av tenester i nasjonalrekneskapen og utanriksrekneskapen. Til og med år 2009 vart tal frå strukturundersøkelsen nytta i utanriksregnskapen. Frå og med år 2010 var det ein overgong til å nytte data innhenta gjennom kvartalsvis rapportering av utanrikshandel med tenester.

Eksport og import av tenester i nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen) er meir omfattande enn berre tenestehandelen i ikkje-finansielle føretak. Nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen) dekkjer tenestehandel som alle innanlandske sektorar har med utlandet. Dette gjeld i tillegg til ikkje-finansielle føretak også finansielle føretak, hushald, ideelle organisasjonar og offentleg forvaltning. I tillegg til denne skilnaden i omfang er det einskilde definisjonsmessige skilnadar. Dei viktigaste er at nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen)

Alle desse forholda inneber at tala i statistikken over utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak ikkje er direkte samanliknbare med tala for eksport og import av tenester i utanriks- og nasjonalrekneskapen sine tabellar.

7. Kvar finn ein statistikken?

7.1 Publikasjonar og andre lenkjer

Statistikken vert offentleggjort i Dagens statistikk på Statistisk sentralbyrå sine nettsider: http://www.ssb.no/uhtjenester/

7.2. Lagring og bruk av grunnmaterialet

Rådata og behandla data vert langtidslagra hos Statistisk sentralbyrå.


2011 © Statistisk sentralbyrå