Persontransport

Køyrer nest mest i Europa

Publisert:

Bilen dominerer persontransporten både i Noreg og andre europeiske land. Nordmenn køyrer nest mest bil og har den lågaste delen kollektivtransport.

I perioden 1995-2014 auka mengda personkilometer i EU med 23 prosent til 6 600 milliardar i alt. Sidan 2005 har etterspurnaden vore stabil. Personbilen var i heile tidsromet dominerande med ein del på over 70 prosent. Bruk av personbil voks 21 prosent eller over 800 milliardar personkilometer frå 1995 til 2014. Andre transportformers samla yting var 1 800 milliardar personkilometer i 2014. Det innebar ein vekst på 27 prosent eller knapt 400 milliardar samanlikna med 1995.

Figur 1. Personkilometer, etter personbilen og andre transportformer¹. EU. 1995-2014
Figur 1. Personkilometer, etter personbilen og andre transportformer¹. EU. 1995-2014
Personbilen Andre transportformer
1995 3935 1435
2000 4355 1612
2005 4591 1701
2006 4636 1733
2007 4690 1775
2008 4698 1789
2009 4774 1720
2010 4726 1732
2011 4702 1787
2012 4621 1785
2013 4678 1796
2014 4766 1826

Størst vekst i flytrafikken

Frå 1995 til 2014 auka transport med fly langt meir enn jarnbane/T-bane/trikk, buss og båt i EU. I perioden voks flytrafikken med 74 prosent frå knapt 350 til over 600 milliardar personkilometer. Flytransport hadde ein nedgang i etterspurnaden på slutten av 2000-talet, men var frå og med 2011 tilbake på same nivå som i 2007. Frå 2011 til 2014 har mengda personkilometer med fly igjen auka til nytt rekordnivå. Flyturar er lange og gjev store mengder personkilometer sjølv med transport av få personar. I 2014 stod både jarnbane/T-bane/trikk og buss for rundt 530 milliardar personkilometer. 1995-2014 auka båe transportformene høvesvis 25 og 5 prosent. I heile perioden låg transport med båt rundt 40 milliardar personkilometer, eit volum som sokk 14 prosent frå 44 milliardar i 1995 til 38 milliardar i 2014.

Figur 2. Personkilometer for buss, jarnbane/T-bane/trikk, fly og båt. EU. 1995-2014
Figur 2. Personkilometer for buss, jarnbane/T-bane/trikk, fly og båt. EU. 1995-2014
Buss Jarnbane/T-bane/trikk Fly Båt
1995 503 424 348 44
2000 549 453 460 42
2005 542 464 530 42
2006 538 478 552 42
2007 551 487 575 43
2008 557 505 560 43
2009 535 498 522 43
2010 529 502 538 40
2011 531 513 579 39
2012 525 520 572 42
2013 528 525 579 39
2014 526 530 605 38

Nordmenn køyrer nest mest bil

Rekna per innbyggjar for 2014, var det franskmenn som køyrde mest personbil i Europa med gjennomsnittleg 34 kilometer per dag. Men tett på følgde finnar og nordmenn, båe med 33 kilometer om dagen. I Sverige var køyrelengda 32 kilometer. Danskane køyrde minst i Norden per innbyggjar med i gjennomsnitt 26 kilometer per dag. Landet med minst personbiltrafikk per innbyggjar var Romania med 12 kilometer i gjennomsnitt per dag i 2014. Rumenarane var heller ingen storforbrukarar av kollektivtrafikk med ei gjennomsnittleg daglig reiselengde per innbyggjar med buss og jarnbane/T-bane/trikk på 4 kilometer. Den gjennomsnittlege reiselengda med kollektivtransport var berre lågare i Portugal med 3 kilometer. Rekna per innbyggjar, brukte heller ikkje nordmenn mykje kollektive transportmiddel med ein gjennomsnittleg reiselengde på 4 kilometer per dag i 2014. I dei andre nordiske landa låg reiselengda mellom 6 og 7 kilometer i gjennomsnitt per dag.

Figur 3. Personkilometer per innbyggjar per dag¹. Utvalde land. 2014
Figur 3. Personkilometer per innbyggjar per dag¹. Utvalde land. 2014
Personbil Kollektivtransport
Romania 12 4
Ungarn 15 8
Polen 16 4
Tsjekkia 17 9
Spania 19 4
Bulgaria 21 5
Portugal 22 3
Nederland 24 5
Austerrike 24 9
Hellas 25 6
Danmark 26 7
Belgia 27 8
Storbritannia 28 5
Italia 29 7
Sveits 30 9
Tyskland 31 6
Sverige 32 7
Finland 33 6
Noreg 33 4
Frankrike 34 6

Låg del kollektivtransport i Noreg

I 2014 hadde Ungarn den høgaste delen kollektivtransport, det vil seia buss, jarnbane/T-bane/trikk, av totale personkilometer frå både personbil- og kollektivtransport. I dette landet utgjorde kollektivdelen 35 prosent. Like bak kom Tsjekkia på 34 prosent. Den lågaste kollektivdelen var i Noreg og Portugal med 11 prosent. Danmark hadde høgaste delen kollektivtransport blant dei nordiske landa med 20 prosent. Sverige følgde deretter med 17 prosent. Samanlikna med 2000 var nedgangen i delen kollektivtransport stor i fleire land. I Polen og Bulgaria vart kollektivdelen halvert frå 2000 til 2014. Reduksjonen var også stor i Romania med 13 prosentpoeng. Belgia hadde største auka i delen kollektivtransport med 6 prosentpoeng.

Figur 4. Delen til kollektivtransport¹ av alle² personkilometer. Utvalde land. 2014 og 2000
Figur 4. Delen til kollektivtransport¹ av alle² personkilometer. Utvalde land. 2014 og 2000
2014 2000
Noreg 11 13
Portugal 11 18
Storbritannia 15 13
Finland 15 17
Tyskland 16 16
Frankrike 16 14
Nederland 17 16
Sverige 17 16
Spania 18 20
Hellas 20 28
Italia 20 17
Danmark 20 21
Bulgaria 20 41
Polen 21 40
Sveits 23 20
Belgia 24 18
Romania 24 37
Austerrike 28 27
Tsjekkia 34 33
Ungarn 35 41
¹ Kollektivtransport inkluderer buss, jarnbane/T-bane/trikk. ² Summen av personbil- og kollektivtransport utgjer alle personkilometer.

Personbilbruk seksdobla på femti år

I 1965 utgjorde køyring med personbil i Noreg 10 milliardar personkilometer. Femti år seinare var den samla årlege reiselengda med personbil meir enn seksdobla til 62 milliardar personkilometer. Auka i mengda personkilometer var størst i løpet av 1970-åra, 70 prosent. 1980-1990 steig køyringa 40 prosent, medan dei to neste tiåra kvar gav ein vekst på om lag 15 prosent. Frå 2010 til 2015 voks volumet av personkilometer igjen knapt 10 prosent.

Figur 5. Personkilometer, etter personbilen og andre transportformer¹. Noreg. 1965-2015
Figur 5. Personkilometer, etter personbilen og andre transportformer¹. Noreg. 1965-2015
1965 1970 1975 1980 1985 1990 1995 2000 2005 2010 2015
Personbil 10.1 17.8 26.3 30.4 36.9 42.7 43.7 49.1 52.4 57.0 62.4
Andre transportformer 7.3 8.0 9.0 10.3 10.8 11.2 12.5 15.9 15.3 16.1 17.7

15 gonger meir flytransport

I 1965 stod buss for 3,3 milliardar personkilometer mot 2 for skinnebaserte transportformer. Den innanlandske bruken av buss og jarnbane/T-bane/trikk hadde relativt lik utvikling mellom 1965 og 1990. Frå og med 1990 auka transport med jarnbane/T-bane/trikk sterkare enn busstransport. I 2015 hadde trafikk på skinner passert bussen. Voluma dette året var 4,3 milliardar personkilometer for jarnbane/T-bane/trikk og 4,1 for buss. Flyreiser resulterte i 0,3 milliardar personkilometer i 1965 og 4,5 i 2015 eller 15 gonger meir persontransport enn i 1965. Rundt tusenårsskiftet minka lufttransporten mellombels, men frå slutten av tiåret stabiliserte trafikken seg på om lag same nivå som tidlegare. Persontransport med båt voks frå 0,6 milliardar personkilometer i 1965 til 0,8 i 2015.

Figur 6. Personkilometer for buss¹, jarnbane/T-bane/trikk, fly og båt. Noreg. 1965-2015
Figur 6. Personkilometer for buss¹, jarnbane/T-bane/trikk, fly og båt. Noreg. 1965-2015
Buss Jarnbane/T-bane/trikk Fly Båt
1965 3.3 2.0 0.3 0.6
1970 3.7 1.9 0.6 0.6
1975 4.0 2.3 1.0 0.7
1980 4.3 2.8 1.5 0.7
1985 3.9 2.6 2.1 0.6
1990 3.9 2.4 2.7 0.7
1995 3.8 2.7 3.6 0.7
2000 4.1 3.4 4.4 0.8
2005 4.3 3.2 4.1 0.8
2010 3.9 3.7 4.6 0.9
2015 4.1 4.3 4.5 0.8

Personbilen utfører 80 prosent av persontransporten

I 1965 utgjorde persontransporten i alt 17 milliardar personkilometer. I dette året stod personbilen for 58 prosent av alle personkilometer, bussen knapt 20, jarnbane/T-bane/trikk 12, motorsykkel/moped 5, båt 3, både fly og drosje 2 og utleigebil tilsynelatande 0. Sidan statistikken inkluderte utleigebilar i drosje til og med 1980, er fordelinga mellom dei to transportformene usikker. I 2015 hadde den totale mengda persontransport auka til 80 milliardar personkilometer. I høve til 50 år tidlegare tydde bruk av personbil, utleigebil og fly meir. Delen til personbilen av alle personkilometer auka frå knapt 60 prosent i 1965 til knapt 80 i 2015, medan flytransportens del vart tredobla frå to til seks prosent. Utleigebilar utgjorde 2 prosent av all persontransport i 2015. Båt, jarnbane/T-bane/trikk, buss, drosje og motorsykkel/moped utførte mindre delar av den totale persontransporten. I 2015 utgjorde både buss og skinnebaserte transportformer 5 prosent av alle personkilometer, motorsykkel/moped 2 og båt og drosje båe 1.

Figur 7

Figur 7. Delen til transportformer av alle personkilometer. Noreg. 1965 og 2015. Prosent

Artikler i serien samferdsel og miljø

Kontakt