Godstransport

Godset likt fordelt mellom båt, bil og røyrleidning

Publisert:

Godstransport i Noreg fordeler seg jamt på båtar, bilar og røyrleidningar målt i tonnkilometer. Samanlikna med andre europeiske land utfører bil og jarnbane mindre av total transport. Frakt med båt er på same nivå som i resten av Europa. Røyrleidningar tyder langt meir i Noreg enn i andre land.

Det var sterk vekst i godstransporten i EU til og med 2007. I perioden 1995-2007 voks godstransporten i EU med 34 prosent frå 2 800 milliardar tonnkilometer til 3 800. I 2008 opplevde EU for første gong sidan byrjinga på 1990-talet ein reduksjon i etterspurnaden etter transporttenester. Nedgangen var på om lag to prosent. Forklaringa på nedgangen var økonomiske krisetider frå og med hausten 2008. Godstransporten i EU minka ytterlegare i 2009 til i alt 3 400 milliardar tonnkilometer, ein reduksjon på 12 prosent samanlikna med toppåret 2007. I perioden 2010-2014 stabiliserte godstransporten seg rundt 3 500 milliardar tonnkilometer. Lastebilen står for om lag halvparten av all godstransport i EU. I perioden 1995-2014 utførte lastebilen i gjennomsnitt 49 prosent av alle tonnkilometer, båten 31, jarnbane 12 og andre transportformer, som innanlandske vassvegar og røyrleidningar, 7.

Figur 1. Tonnkilometer etter transportform¹. EU. 1995-2014
Figur 1. Tonnkilometer etter transportform¹. EU. 1995-2014
Andre transportformer Jarnbane Båt Lastebil
1995 239 388 930 1289
2000 251 405 1067 1522
2005 270 416 1178 1803
2006 277 438 1191 1858
2007 275 452 1174 1925
2008 272 443 1153 1892
2009 254 364 1035 1700
2010 270 394 1094 1764
2011 262 422 1111 1745
2012 266 407 1085 1693
2013 267 406 1082 1719
2014 266 411 1122 1725
¹ Andre transportformer inkluderer innanlandske vassvegar, fly og røyrleidningar. Lastebil inkluderer bilar med nyttelast på minst 3,5 tonn.

Mindre lastebiltransport i Sør-Europa

Det var ein nedgang i tonnkilometer for franske, spanske og italienske lastebilar i deira heimland på til saman drygt 150 milliardar tonnkilometer i perioden 2007-2015. Reduksjonen var på om lag 50 milliardar eller 25-30 prosent i kvart av dei tre landa. Men den prosentvise nedgangen var størst i Portugal der transporten sokk med vel 40 prosent frå 2007 til 2015. I same perioden var veksten i den innanlandske lastebiltransporten størst i Polen, knapt 60 prosent. Så følgde Tsjekkia og Noreg med ein oppgang på rundt ein tredel samanlikna med 2007.

Figur 2. Innanlandske¹ tonnkilometer på lastebil². Utvalde land. 2007 og 2015
Figur 2. Innanlandske¹ tonnkilometer på lastebil². Utvalde land. 2007 og 2015
2007 2015
Estland 1.9 1.5
Slovenia 2.6 2.1
Latvia 3.0 2.8
Litauen 2.7 2.9
Slovakia 5.6 5.2
Ungarn 13.2 10.4
Portugal 18.3 10.8
Danmark 11.8 12.5
Austerrike 14.7 14.7
Hellas 21.7 15.0
Belgia 19.7 18.9
Noreg 15.4 20.5
Tsjekkia 15.8 21.1
Finland 26.0 21.4
Nederland 30.7 32.2
Sverige 36.4 38.1
Italia 152.4 104.1
Polen 65.8 104.7
Spania 190.6 137.2
Frankrike 191.4 141.2
Storbritannia 160.7 151.7
Tyskland 261.4 269.5
¹ Berre innanlandsk transport med køyrety registrert i landet (både på- og avlessing). ² Lastebilar med nyttelast på minst 3,5 tonn.

Polen har mest lastebiltransport utanfor landets grenser

Lastebilar registrert i Polen hadde mest å seie for den internasjonale lastebiltransporten med 156 milliardar tonnkilometer utført i 2015. Så følgde Spania og Tyskland med høvesvis 72 og 45 milliardar. Mengda internasjonale tonnkilometer for dei polskregistrerte lastebilane har auka over 80 prosent sidan 2007. I same perioden opplevde spanskregistrerte lastebilar 6 prosent oppgang og dei tyskregistrerte nær ei halvering.

Figur 3. Internasjonale¹ tonnkilometer på lastebil². Utvalde land. 2007 og 2015
Figur 3. Internasjonale¹ tonnkilometer på lastebil². Utvalde land. 2007 og 2015
2007 2015
Noreg 3.9 2.7
Danmark 9.2 3.0
Finland 3.9 3.1
Sverige 4.1 3.4
Hellas 6.1 4.7
Estland 4.5 4.7
Storbritannia 10.3 7.2
Austerrike 22.7 9.7
Latvia 10.2 11.9
Frankrike 27.8 12.3
Italia 27 12.7
Belgia 22.4 12.8
Slovenia 11.2 15.8
Portugal 27.9 21.0
Litauen 17.6 23.6
Ungarn 22.6 28.0
Slovakia 21.5 28.3
Tsjekkia 32.3 36.1
Nederland 47.2 36.7
Tyskland 82 45.2
Spania 68.3 72.2
Polen 85.1 156.0
¹ Transport utført av landets køyrety i andre land og på eige område i samband med import og eksport. ² Lastebilar med nyttelast på minst 3,5 tonn.

Tonnkilometer i samband med internasjonal frakt utgjorde 60 prosent av alle tonnkilometer med polskregistrerte lastebiler. Portugal og fleire austeuropeiske land hadde ein høgare del internasjonale tonnkilometer enn Polen. Blant lastebilar registrert i nordiske land er delen internasjonal frakt låg. I 2015 låg det utanlandske for kvart av landa Noreg, Sverige, Finland og Danmark på rundt 3 milliardar tonnkilometer. For Sverige svarte det til ein utanlands lastebiltrafikk på 8 prosent. I Norge og Finland var delane høvesvis 12 og 13 prosent. Delen internasjonale tonnkilometer utgjorde knapt 20 prosent for Danmark. Siste tiåret har omfanget av internasjonale tonnkilometer med danskregistrerte lastebilar minka mykje både i absolutte tal og som del av alle tonnkilometer.

Figur 4. Delen til internasjonale tonnkilometer¹ av alle tonnkilometer på lastebil². Utvalde land. 2007 og 2015
Figur 4. Delen til internasjonale tonnkilometer¹ av alle tonnkilometer på lastebil². Utvalde land. 2007 og 2015
2007 2015
Storbritannia 6.0 4.5
Frankrike 12.7 8.0
Sverige 10.1 8.2
Italia 15.1 10.9
Noreg 20.2 11.6
Finland 13.0 12.7
Tyskland 23.9 14.4
Danmark 43.8 19.4
Hellas 21.9 23.9
Spania 26.4 34.5
Austerrike 60.7 39.8
Belgia 53.2 40.4
Nederland 60.6 53.3
Polen 56.4 59.8
Tsjekkia 67.2 63.1
Portugal 60.4 66.0
Ungarn 63.1 72.9
Estland 70.3 75.8
Latvia 77.3 81.0
Slovakia 79.3 84.5
Slovenia 81.2 88.3
Litauen 86.7 89.1
¹ Transport utført av landets køyrety i andre land og på eige område i samband med import og eksport. ² Lastebilar med nyttelast på minst 3,5 tonn.

Flest tonn gjennom nederlandske hamner

Det var ein nedgang i mengda tonn gjennom britiske, italienske og franske hamner på om lag 15 prosent i kvart land eller over 200 millionar tonn totalt i perioden 2007-2015. I 2015 hadde nederlandske hamner, som inkluderer Rotterdam, størst volum med knapt 600 millionar tonn. Det var ein auke samanlikna med 2007 på 17 prosent eller rundt 90 millionar tonn. I alle dei nordiske landa har godsmengda gjennom hamner minka 2007-2015. I Noreg var nedgangen berre 2 prosent, frå 199 millionar tonn i 2007 til 194 i 2015. Dei andre nordiske landa opplevde ein nedgang på om lag 10 prosent i same perioden. I 2015 var voluma i svenske, finske og danske hamner høvesvis 170, 100 og 95 millionar tonn.

Figur 5. Tonn gjennom hamner. Utvalde land. 2007 og 2015
Figur 5. Tonn gjennom hamner. Utvalde land. 2007 og 2015
2007 2015
Island 6 7
Bulgaria 25 27
Estland 45 35
Litauen 29 43
Romania 49 45
Latvia 61 68
Polen 52 70
Portugal 68 87
Danmark 110 95
Finland 115 100
Sverige 185 170
Noreg 199 194
Tyskland 315 296
Frankrike 347 298
Spania 427 447
Italia 537 458
Storbritannia 582 497
Nederland 507 594

Tyskland er jarnbanelandet

I perioden 2007-2015 minka godstransporten på jarnbane i mange europeiske land. I dei to store landa Frankrike og Italia var nedgangen rundt 20 prosent. Tyskland transporterte suverent mest gods på jarnbane i Europa. Godstransporten på tyske jarnbaneliner var meir enn dobbelt så stort som i landet med den nest største mengda tonnkilometer, Polen. Godstransporten med jarnbane i Sverige er stor samanlikna med andre nordiske land. Det blei utført nesten 21 milliardar tonnkilometer på svenske skinnegangar i 2015. Det var ein nedgang på om lag 10 prosent frå 2007, men likevel over 40 prosent høgare enn total mengde tonnkilometer på jarnbane for Noreg, Finland og Danmark. I Finland blei det i perioden 2007-2015 registrert en nedgang på nesten 20 prosent i godstransporten på jarnbane frå 10,4 milliardar tonnkilometer til 8,5. Danske jarnbaneliner opplevde i same perioden ein oppgang på knapt 30 prosent frå 1,8 milliardar tonnkilometer til 2,3. I Noreg var godstransporten på jarnbane lik i 2007 og 2015 med 3,5 milliardar tonnkilometer.

Figur 6. Tonnkilometer på jarnbane. Utvalde land. 2007 og 2015¹
Figur 6. Tonnkilometer på jarnbane. Utvalde land. 2007 og 2015¹
2007 2015
Danmark 1.8 2.3
Portugal 2.6 2.7
Estland 8.4 3.1
Noreg 3.5 3.5
Bulgaria 5.2 3.7
Nederland 7.2 6.5
Finland 10.4 8.5
Spania 11.2 11.1
Romania 15.8 13.7
Litauen 14.4 14.0
Tsjekkia 16.3 15.3
Latvia 18.3 18.9
Austerrike 21.4 20.3
Sverige 23.3 20.6
Italia 25.3 20.8
Storbritannia 21.3 22.0
Frankrike 42.6 34.3
Polen 54.3 50.6
Tyskland 114.6 112.6

Båtens del av alt gods halvert på femti år

I perioden 2010-2015 voks godstransporten i Noreg med 11 prosent frå 65 milliardar tonnkilometer til 72 milliardar. I denne perioden fordelte mesteparten av godstransporten seg relativt jamt mellom røyrleidningar med rundt 24 milliardar tonnkilometer, båtar 23 milliardar og lastebilar 19 milliardar. I tillegg stod jarnbanar for om lag 2,4 milliardar tonnkilometer.

Figur 7. Tonnkilometer på røyrleidningar, båt, lastebil¹ og jarnbane. Noreg. 2010-2015
Figur 7. Tonnkilometer på røyrleidningar, båt, lastebil¹ og jarnbane. Noreg. 2010-2015
Jarnbane Lastebil Båt Røyrleidningar
2010 2.393 17.334 20.926 24.432
2011 2.508 17.167 22.958 23.303
2012 2.531 18.086 25.072 24.070
2013 2.347 19.712 22.470 20.910
2014 2.373 20.297 21.902 24.504
2015 2.458 20.879 23.712 25.359

Statistisk sentralbyrå inkluderte t.o.m. 2009 berre norskregistrerte transportmiddel i utrekninga av godstransport i Noreg. I dag er ein stor del av godstransporten langs kysten overteke av utanlandsk eigde båtar. Utanlandsk eigarskap er svært utbreidd innan godstransport med båt, men tyder lite for jarnbane og lastebil. Ei samanlikning mellom fordelinga på godstransporttypar i 1965 og 2015 inneber tal for 1965 eksklusiv utanlandsk eigde transportmiddel og tal for 2015 inklusiv utanlandsk eigde transportmiddel. Men det blir her lagt til grunn at godstransport med båt på 1960-talet hovudsakleg skjedde med norskeigde båtar. Basert på denne føresetnaden utgjorde godstransporten i 1965 i alt 11 milliardar tonnkilometer. I dette året stod båten for 68 prosent av alle tonnkilometer, lastebilen 20, jarnbanen 10, tømmerfløyting 2 og røyrleidningar, framleis ein ukjend teknologi i Noreg, 0. I 2015 hadde den totale mengda godstransport auka 650 prosent til 72 milliardar tonnkilometer. Samanlikna med 1965 var frakt med lastebil og røyrleidningar viktigare. Delen til lastebilen av godstransporten auka frå 20 prosent i 1965 til knapt 30 i 2015, medan røyrleidningar utgjorde 35 prosent av alle tonnkilometer. Båt, jarnbane og tømmerfløyting utgjorde mindre av godstransporten. I 2015 stod båt for 33 prosent, jarnbane 3 og tømmerfløyting 0 av totale tonnkilometer.

Figur 8

Figur 8. Delen til transportformer av alle tonnkilometer. Noreg. 1965 og 2015. Prosent

Omfattande olje- og gasstransport

Olje- og gasstransporten frå norsk kontinentalsokkel til det norske fastlandet har sidan byrjinga av 1980-talet oppnådd eit stort omfang. Med nokre få unntak var det samanhengande vekst i olje- og gasstransporten til og med 2009. I dette året nådde mengda transportert olje og gass 32 milliardar tonnkilometer. Etter dette har transportaktiviteten frå plattformane minka. Frå 2009 til 2015 sokk mengda tonnkilometer med 9 prosent til 29 milliardar tonnkilometer. Oljetransport med båt var den viktigaste transportforma til og med 2002. Frå og med 2003 passerte gassrøyrtransporten transport av olje med båt og båttransport har sidan gradvis minka.

Figur 9. Tonnkilometer olje og gass. Noreg. 1980-2015
Figur 9. Tonnkilometer olje og gass. Noreg. 1980-2015
Olje frakta på båt Oljerøyr Gassrøyr
1980 0.348 0.000 0.000
1981 1.018 0.000 0.000
1982 1.609 0.000 0.000
1983 1.778 0.000 0.000
1984 1.992 0.000 0.000
1985 2.555 0.000 0.163
1986 2.728 0.000 1.024
1987 3.095 0.000 1.139
1988 4.168 0.219 1.231
1989 4.030 1.323 1.283
1990 4.313 2.055 1.235
1991 4.334 2.505 1.191
1992 5.681 3.070 1.475
1993 5.065 3.390 1.895
1994 5.870 4.049 2.743
1995 4.999 5.261 3.583
1996 9.297 5.126 4.086
1997 11.359 4.160 4.322
1998 11.800 4.136 4.264
1999 13.112 3.981 4.015
2000 13.042 3.485 4.182
2001 12.660 3.681 7.794
2002 13.854 3.601 9.282
2003 11.188 3.494 15.178
2004 10.992 4.721 15.270
2005 8.595 4.590 18.283
2006 8.284 4.529 18.765
2007 7.439 4.192 18.427
2008 6.527 3.827 20.727
2009 6.675 3.854 21.435
2010 4.734 3.465 20.967
2011 5.796 3.372 19.931
2012 4.625 3.115 20.955
2013 4.917 2.724 18.186
2014 3.904 2.845 21.659
2015 3.687 3.377 21.982

Båten tek nesten all godstransport til og frå Noreg

I perioden frå 1970 til 2015 har mengda tonnkilometer i Noreg knytt til utanrikshandelen auka 134 prosent frå 18 milliardar tonnkilometer til 42 milliardar. Den økonomiske krisa frå og med hausten 2008 medførte ein stor nedgang i 2009, men allereie i 2011 var godstransporten tilbake på same nivå som i 2008. I heile tidsromet har båten utført meir enn 90 prosent av godstransporten. I samband med import og eksport i 2015 stod transport med båt for 39 milliardar tonnkilometer eller knapt 93 prosent av alle tonnkilometer, lastebilen for 2 milliardar eller knapt 6 prosent og jarnbanen for 0,8 milliardar eller nesten to prosent.

Figur 10. Tonnkilometer på norsk område for eksport og import frå/til Noreg¹, etter båt, lastebil² og jarnbane. 1970-2015
Figur 10. Tonnkilometer på norsk område for eksport og import frå/til Noreg¹, etter båt, lastebil² og jarnbane. 1970-2015
Jarnbane Lastebil Båt
1970 0.540 0.371 17.040
1975 0.445 0.399 16.317
1980 0.511 0.487 17.642
1985 0.470 0.690 17.861
1990 0.358 0.999 24.648
1995 0.404 1.220 32.124
2000 0.457 1.512 29.039
2005 0.504 1.844 31.334
2006 0.464 1.992 31.554
2007 0.441 2.163 34.124
2008 0.435 2.150 35.579
2009 0.353 1.929 28.162
2010 0.420 2.121 34.546
2011 0.405 2.197 37.205
2012 0.394 2.370 37.186
2013 0.758 2.266 36.541
2014 0.801 2.329 37.022
2015 0.773 2.351 38.944
¹ Inklusiv transport frå kontinentalsokkelen til norsk fastland og eksklusiv transport direkte frå kontinentalsokkelen til utlandet. ² Lastebilar med nyttelast på minst 3,5 tonn. ³ Inkluderer både norsk- og utenlandskregistrerte transportmiddel.

 

Kontakt