Kjøretybestanden

Halvparten køyrer framleis på diesel

Publisert:

Sjølv om halvparten av bilane framleis går på diesel, fremjar avgifter og teknologisk utvikling overgang til elektrisitet og bensin. Tilgangen og alderen til bilar i Noreg skil seg lite frå det europeiske gjennomsnittet.

Mengda personbilar delt på befolkningsmengda gjev tettleiken av bilar. I 2014 hadde Italia og Finland flest bilar med om lag 600 bilar per 1000 innbyggjarar. I Tyskland og Austerrike var tilsvarande tal rundt 550. Færrast bilar hadde Romania og Ungarn med høvesvis om lag 250 og 300 bilar per innbyggjar. Biltettleiken var i mange land, inkludert Noreg, mellom 400 og 500 bilar per 1000 innbyggjarar. Men i Noreg blir mange små godsbilar nytta som personbilar til privat køyring på grunn av lågare avgifter. Dette særnorske fenomenet inneber at biltettleiken i Noreg i røyndomen var høgare enn dei registrerte 495 personbilane per 1000 innbyggjarar. Veksten i bilhaldet auka mest i Polen og Romania. Samanlikna med 2000 var biltettleiken i dei to landa dobla. I perioden 2000-2014 var veksten i bilhaldet lågast i Frankrike, Sverige, Austerrike, Italia og Belgia, under 10 prosent. I Noreg auka biltettleiken i same perioden med 20 prosent.

Figur 1. Registrerte personbilar per 1 000 innbyggjarar. Utvalde land. 2000 og 2014
Figur 1. Registrerte personbilar per 1 000 innbyggjarar. Utvalde land. 2000 og 2014
2000 2014
Romania 124 247
Ungarn 232 316
Danmark 347 412
Bulgaria 245 418
Irland 348 425
Portugal 333 433
Tsjekkia 336 459
Sverige 450 470
Storbritannia 425 472
Nederland 409 472
Hellas 295 472
Spania 431 474
Frankrike 460 479
Noreg 411 495
Belgia 456 495
Polen 261 526
Austerrike 511 547
Tyskland 475 547
Finland 412 581
Italia 572 610

Små godsbilar er også billege personbilar

Låg eingongsavgift gjer ein «varebil klasse 2» billegare enn personbilar. Ulempa er at slike bilar berre har ei seterad og såleis ikkje kan transportera meir enn to eller tre personar.

Halvparten av personbilane i Belgia yngre enn fem år

I 2014 skilde Belgia seg ut med ein svært moderne personbilpark. Nesten kvar annan belgisk registrert bil hadde blitt brukt mindre enn fem år. Mindre enn kvar tiande bil i Litauen, Latvia og Romania var under fem år i 2014. Den norske bilparken plasserte seg mellom desse ytterpunkta, 30 prosent av registrerte bilar var 0-4 år. I perioden mellom 2000 og 2014 vart delen bilar under fem år mindre i fleire land. Nedgangen i delen nye bilar heng saman med den økonomiske krisa som byrja hausten 2008. Samanlikna med 2000 minka delen nye bilar i Romania mest, om lag 50 prosentpoeng. I Italia, Slovenia og Irland sokk delen bilar mellom 0 og 4 år om lag 20 prosentpoeng i perioden. Oppgangen i delen nye bilar var sterkast i Belgia, 5 prosentpoeng. Noreg hadde 2000-2014 ein liten nedgang på 2 prosentpoeng i delen bilar under fem år.

Figur 2. Delen av registrerte personbilar under 5 år. Utvalde land. 2000 og 2014
Figur 2. Delen av registrerte personbilar under 5 år. Utvalde land. 2000 og 2014
2000 2014
Litauen 2 5
Latvia 5 8
Romania 60 9
Ungarn 22 10
Kypros 18 13
Estland 11 14
Kroatia 27 14
Portugal 29 16
Finland 28 18
Slovenia 47 27
Italia 49 27
Noreg 32 30
Tyskland 40 31
Sverige 36 33
Sveits 39 35
Irland 56 35
Austerrike 35 38
Belgia 40 45

Eksplosiv motorisering

I perioden 1950-2016 auka folketalet om lag 60 prosent. I same perioden voks mengda personbilar nesten 4 000 prosent. Personbilveksten tok særleg av etter hevinga av importrestriksjonane i 1960. Sidan tidleg 1980-tal har mengda varebilar vorte seksdobla. Medan talet på motorsyklar/mopedar/beltemotorsyklar minka mellom 1960 og1980, opplevde bestanden sidan ei tre-dobling. Den spesielle utviklinga i bestanden til kombinerte bilar, køyrety registrert for transport av både bilar og gods, skuldast avgiftsreglar.

Figur 3. Utviklinga til personbilar, varebilar, motorsyklar/mopedar/beltemotorsyklar og kombinerte bilar. Noreg. 1950-2016
Figur 3. Utviklinga til personbilar, varebilar, motorsyklar/mopedar/beltemotorsyklar og kombinerte bilar. Noreg. 1950-2016
1950 1960 1970 1980 1990 2000 2010 2016
Personbilar 100 347 1150 1897 2481 2848 3550 4338
Varebilar 100 374 464 484 1042 1476 2513 3134
Motorsyklar/mopedar/beltemotorsyklar 100 680 682 588 816 1002 1541 1867
Kombinerte bilar 100 92 247 441 3516 5350 2471 1158

Den underlege soga om kombinertbilen

Bestanden til kombinertbilen, køyrety registrert både for transport av personar og gods, følgjer avgiftsnivået for denne køyretytypen. Hovudskilnaden på ein kombinertbil og ein personbilversjon av same modell, er at kombinertbilen har ein vernevegg plassert bak andre seterad. Låg eingongsavgift gjorde kombinertbilen svært populær blant privatpersonar. 1980-1999 auka dei kombinerte bilane bestanden frå 9 000 til 110 000. Eingongsavgifta vart gradvis trappa opp og alle særlege føremonar forsvann i 2007. 1999-2016 minka bestanden til 23 000.

Det var registrert i alt om lag 140 000 motorkøyrety i 1950. Av dette stod personbilane for om lag halvparten, medan køyretygruppene lastebilar og motorsyklar/mopedar/beltemotorsyklar båe utgjorde om lag 20 prosent. Meir enn kvart tiande køyrety var ein varebil. Tre prosent av køyretybestanden bestod av bussar og 1 prosent kombinerte bilar. I 2016 var tilsvarande køyretybestand auka til nesten 3,7 millionar. Framleis var meir enn kvar tiande køyrety ein varebil. Den store absolutte veksten til desse to køyretygruppene gav andre grupper ein relativ tilbakegang. Delen til motorsyklar/mopedar/beltemotorsyklar hadde minka frå 18 til 12 prosent. Lastebilar opplevde ein stor relativ tilbakegang, frå over 20 til to prosent av total køyretybestand. Delen til den heterogene køyretygruppa bussar sokk frå 3 til under 1 prosent. Det same galdt for kombinerte bilar.

Figur 4

Figur 4. Køyretybestanden fordelt på køyretytypar. Noreg. 1950 og 2016. Prosent

Færre lastebilar

I 2007 var det registrert 85 000 lastebilar. I 2016 var bestanden redusert til 75 000. Den samla nyttelastkapasiteten, den maksimale mengda ein lastebil kan frakta på ein leveranse, heldt seg stabil frå 2007 til 2016, om lag 370 000 tonn.

Nokre bussar er mindre enn andre

I 1999 var det registrert 37 000 bussar. I 2016 var bestanden redusert til 16 000. Nedgangen i bestanden frå og med 2000 skuldast auka avgifter for minibusser. Det vart samstundes innført krav om at minst ti seter skulle vera fastmontert i fartsretninga. Desse tiltaka gjorde dei minste bussane mindre attraktive som personbil for privatpersonar. Kollektivtransportstatistikken til Statistisk sentralbyrå tyder ikkje på redusert kapasitet i bussnæringa.

Størst vekst for personbilen

Personbilen er utan samanlikning det transportmiddelet som har auka sterkast sidan 1950. I gjennomsnitt har personbilparken vokse knapt 6 prosent i året i perioden 1950-2016. Sjølv om den relative veksten var stor i det første tiåret etter 1950, er den absolutte veksten på drygt 160 000 personbiler moderat samanlikna med veksten i dei to komande tiårs-periodane. 1960-1980 auka mengda personbilar med om lag 1 million. Mellom 1980 og 2000 var veksten monaleg redusert, rundt 600 000. 2000-2016 auka bilparken med om lag 800 000.

Figur 5. Registrerte motorkøyrety. Noreg. 1950-2016
Figur 5. Registrerte motorkøyrety. Noreg. 1950-2016
Alle motorkøyrety Personbilar
1950 144718 65028
1960 526398 225439
1970 1116528 747966
1980 1686677 1233615
1990 2357242 1613037
2000 2782028 1851929
2010 3494873 2308548
2016 3686788 2662910

Gjennomsnittsalderen på personbilar i Noreg 10 år

I knapt 10 år har gjennomsnittsalderen til den norske personbilparken lege rundt 10 år. Medan gjennomsnittsalderen for dei dieseldrivne bilane var høgare enn dei bensindrivne til og med tidlig på 1990-talet, har dei bensindrivne personbilane sidan vore eldst. Sjølv om dei dieseldrivne bilane er vorte noko eldre dei siste åra, var likevel den bensindrivne personbilen i gjennomsnitt langt eldre enn den dieseldrivne, høvesvis 13,7 og 7,5 år i 2016.

Figur 6. Registrerte personbilar etter gjennomsnittsalder og type drivstoff¹. Noreg. 1990-2016
Figur 6. Registrerte personbilar etter gjennomsnittsalder og type drivstoff¹. Noreg. 1990-2016
Bensinbilar Anna drivstoff Gjennomsnitt
1990 8.6 9.0 8.6
1991 9.1 9.3 9.1
1992 9.6 9.3 9.6
1993 10.0 8.9 10.0
1994 10.2 8.8 10.2
1995 10.4 9.0 10.4
1996 10.0 8.7 9.9
1997 10.0 8.7 9.9
1998 10.0 8.6 9.9
1999 10.0 8.5 9.9
2000 10.1 8.5 10.0
2001 10.2 8.3 10.1
2002 10.4 8.0 10.2
2003 10.6 7.7 10.3
2004 10.7 7.2 10.2
2005 10.8 6.8 10.2
2006 11.1 6.5 10.2
2007 11.5 5.8 10.2
2008 12.0 5.8 10.3
2009 12.5 5.9 10.4
2010 13.0 5.9 10.5
2011 13.4 6.0 10.5
2012 13.7 6.2 10.5
2013 13.8 6.5 10.5
2014 13.9 6.8 10.5
2015 13.9 7.1 10.5
2016 13.7 7.5 10.6
¹ Andre drivstofftypar utover bensin og diesel er tatt med under diesel (ikkje skild ut i datagrunnlaget).

Skiftande grunnlag for eingongsavgifta

Dersom du kjøper ein ny personbil i 2017, må du betala ei eingongsavgift kalkulert på grunnlag av følgjande tre delar:

  • CO2-utslepp
  • NOX-utslepp
  • Vekt

Grunnlaget for eingongsavgifta har endra seg i løpet av siste ti åra. Ei omlegging i 2007 byta ut slagvolum med CO2 i utrekninga av avgiftsstorleiken. Ei ny omlegging i 2012 innførte ein del for NOX. Framleis påverkar også vekt storleiken på eingongsavgifta, men denne delen er planlagt gradvis fjerna.

Slagvolumet, òg kalla kubikk-kapasitet, er eit mål på ein stempelmotors storleik og skildrar volumet som stempla trengjer bort under rørsle i sylindrane.

Diesel frå 1 til 50 prosent på under 50 år

I 1970 utgjorde dieseldrivne personbiler knapt 1 prosent av personbilparken i Noreg. I 2016 stod dieselbilar for rundt halvparten av alle personbilar. Frå slutten av 1990-åra førte teknologiske forbetringar av dieselmotoren til langt større tilbod av dieseldrivne personbilar. Men i 2006 utgjorde dieselbilane framleis knapt 20 prosent av personbilparken. Endra eingongsavgift frå og med 2007 med vekt på utslepp av CO2 gav billegare dieselbilar og større etterspurnad. Samanlikna med bensinmotoren forbruker dieselmotoren mindre drivstoff og slepp ut mindre CO2. Allereie ved utgangen av dette året køyrde knapt kvar fjerde personbil på diesel. Også åra etter 2007 viser sterk vekst i den dieseldrivne delen av personbilpopulasjonen. I 2008 voks dieselbilens del av populasjonen 3 prosentpoeng og 2009-2011 4 prosentpoeng kvart år. Ei ny endring av eingongsavgifta med vekt på utslepp av NOX frå og med 2012 reduserte salet av dieseldrivne bilar. Sidan dieselbilar slepp ut meir NOX enn bensinbilar, auka endringa prisen på dieselbilane i høve til bensindrivne bilar. I 2012 auka framleis delen til dieseldrivne bilar 3 prosentpoeng og i perioden 2013-2016 2 prosentpoeng årleg. I 2016 blei diesel meir vanleg enn bensin i personbilbestanden.

Figur 7. Registrerte personbilar etter drivstofftype. Noreg. 1970-2016
Figur 7. Registrerte personbilar etter drivstofftype. Noreg. 1970-2016
Elektrisitet Diesel Bensin
1970 4833 742404
1980 22344 1211271
1990 48711 1564326
2000 136235 1715694
2001 152897 1719965
2002 177909 1721858
2003 211243 1722417
2004 256575 1721279
2005 317608 1711238
2006 391341 1693476
2007 508938 1645899
2008 1693 598259 1597070
2009 1776 691456 1550629
2010 2068 804384 1500841
2011 3909 923907 1448372
2012 8031 1026201 1408322
2013 17770 1111584 1368736
2014 38652 1187177 1328479
2015 69134 1243235 1295739
2016 97532 1276947 1196148

Gode vilkår for elbilistar

Målsetjinga med å gje føremonar til elbilistar er å hjelpa alternativ teknologi inn på marknaden. Dei viktigaste føremonane har vore fritak for eingongsavgift og meirverdiavgift. Det såkalla klimaforliket frå 2012 mellom Sosialistisk Venstreparti, Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre innebar opphavleg at føremonane skulle bestå til 2017 eller når det var 50 000 elbilar på vegane. I 2015 passerte mengda elbilar 70 000, men Regjeringa og Venstre og Kristeleg Folkeparti blei samde om å vidareføra nokre av føremonane for elbilistar:

  • Ingen eingongsavgift til og med 2019
  • Ingen meirverdiavgift til og med 2017
  • Tilskot ved kjøp av elbil frå og med 2018
  • Halv årsavgift til og med 2019
  • Halv skattlegging av firmabil til og med 2017

Kommunane skal basert på lokale tilhøve avgjera om elbilistar får behalda følgjande føremonar:

  • Fritak frå bomavgift
  • Fritak frå parkeringsavgift
  • Tilgang til kollektivfelt
  • Gratis lading på offentlege ladestasjonar
  • Gratis ferje

50 gongar fleire elbilar sidan 2010

Den etablerte todelinga av personbilmarknaden, mellom bensin- og dieselbilar, held på å forsvinna på grunn av endra avgiftsprofil og aukande utbreiing av alternative motorteknologiar. Store økonomiske føremonar har på kort tid gjeve særleg stor vekst i mengda elbilar. I 2010 var det registrert vel 2 000 personbilar med elektrisk motor. I 2016 hadde mengda elbilar auka til knapt 100 000. Trass i denne enorme veksten utgjer elbilane framleis berre fire prosent av alle personbilar. Sidan rekkjevidda er ei utfordring for mange elbilar, er det rimeleg at elbilen nyt størst popularitet i byar eller bynære område. Geografisk fordeling av køyrety refererer til eigarens adresse i Det sentrale motorvognregisteret. Adressa vil ikkje alltid samsvara med kvar køyretyet blir brukt, spesielt der køyretyet er eigd av leasingselskap. Med dette atterhaldet var 40 prosent av alle elbilar i 2016 lokalisert i dei fem største elbilkommunane: Oslo, Bergen, Bærum, Trondheim og Asker. I dette året budde 25 prosent av befolkninga i dei same kommunane.

Figur 8. Registrerte elbilar. Noreg. 2008-2016
Figur 8. Registrerte elbilar. Noreg. 2008-2016
Elbilar
2008 1693
2009 1776
2010 2068
2011 3909
2012 8031
2013 17770
2014 38652
2015 69134
2016 97532

Kva er hybridteknologi?

Hybridteknologi kombinerer ein eller to elektriske motorar med motor basert på konvensjonelt drivstoff. Det er vanleg å skilja mellom ikkje-ladbare og ladbare hybridbilar. Ladbare hybridbilar, stundom kalla plug-in hybrid, skil seg frå ikkje-ladbare ved at batteria kan ladast med elektrisitet frå straumnettet i tillegg til lading frå bilens generator. Ein generator omdannar mekanisk energi til elektrisk energi. Utfordringa er å finna balansen mellom rekkjevidda for køyring på elektrisitet med lada batteri og innslagspunktet for bensin- eller dieselmotoren. Større rekkjevidde basert på elektrisitet tyder mindre bagasjeplass/lasteevne på grunn av batteriets plassbehov.

Hybridteknologi kombinerer bensin- og elektrisk motor

Siste åra har etterspurnaden etter dieselbilen minka mykje. I 2014 hadde nesten halvparten av alle nye bilar dieselmotor og i 2015 utgjorde dieselbilane 41 prosent av alle førstegongs registrerte bilar. I 2016 vart det registrert om lag 155 000 nye bilar. I dette året hadde knapt ein fjerdedel av alle nye bilar ein eller annan form for hybriddrift, som igjen fordelte seg på om lag like mange ladbare og ikkje-ladbare hybridbilar. Eingongsavgift basert på dei kalkulerte utsleppa til hybridbilane gjorde biltypen økonomisk attraktiv. Samstundes er estimeringar av utsleppa til hybridbilar usikre. Volumet på utsleppa avheng av køyremønsteret, brukt til korte turar produserer bilens elektriske motor verken CO2 eller NOX, men under lengre turar basert på bensin eller diesel blir resultatet annleis. I 2016 stod elbilar for 16 prosent av salet av nye bilar. Det innebar at over 40 prosent av selde bilar dette året kunne køyra på elektrisitet. Både dieselbilar og bensinbilar utgjorde tilsynelatande om lag 30 prosent av dei nye bilane. Men hybridane nytta nesten berre bensin som konvensjonelt drivstoff. Det tyder at dersom hybridteknologien blir halden utanom, stod dieseldrivne personbilar for 32 og bensindrivne personbilar for 53 prosent av nye personbilar.

Figur 9

Figur 9. Delen drivstofftypar blant førstegongsregistrerte personbilar. Noreg. 2016. Prosent

 

Kontakt

Error occured rendering window "Artikkelside - faktaside inngang" (key 225) while handling request to site path: /0/transport-og-reiseliv/artikler-og-publikasjoner/halvparten-koyrer-framleis-pa-diesel?id=102&key=315686&profilertSeksjon=122&sidetype=artikler