Om statistikken

1. Administrative opplysingar

1.1. Namn

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye

1.2. Emnegruppe

10.05 - Fiske og fiskeal

1.3. Kor ofte og aktualitet

Årleg. Statistikken blir publisert i januar året etter fisket har gått føre seg.

1.4. Regionalt nivå

Tal for kvar enkelt elv og fylkestal.

1.5. Ansvarleg seksjon

430 - Seksjon for primærnæringsstatistikk

1.6. Lovheimel

•Statistikkloven §§2-1, 3-2 (adm. edb-systemer)

1.7. EU-rettsakt

Ikkje relevant.

1.8. Internasjonal rapportering

Direktoratet for naturforvaltning rapporterer til NASCO (North Atlantic Salmon Conservation Organization).

2. Bakgrunn og føremål

2.1. Føremål og historie

Statistikken representerer ein tidsserie frå 1876 og er eit sentralt element i det nasjonale og internasjonale overvakings- og forvaltningsarbeidet med anadrome laksefisk.

2.2. Brukarar og bruksområde

Fangststatistikk er ei viktig informasjonskjelde for naturforvaltning, presse, interesseorganisasjonar og andre aktørar. Forskingsmiljø nyttar statistikken til mellom anna å vurdere bestandsutvikling og til å gjere utrekningar av den samfunnsøkonomiske verdien av laksefiske.

Noreg har også forplikta seg til årleg å rapportere fangststatistikk til NASCO (North Atlantic Salmon Conservation Organization).

3. Om produksjon av statistikken

3.1. Omfang

Statistikken omfattar fangst av laks, sjøaure og sjørøye teke med stong i elvene. Rømt oppdrettsfisk skal reknast med i statistikken. Frå og med 2009 er det rapportert tal for gjenutsett fisk (fang og slepp).

3.2. Datakjelder

Fangstmelding frå den enkelte fiskar.

3.3. Utval

Ikkje relevant.

3.4. Datainnsamling

Fangstmelding frå den enkelte fiskar samlast inn av fiskerettshavar. Fiskerettshavar sender samla fangstmelding til fylkesmannen. Fylkesmannen summerer opp til oppgåver over kvar enkelt elv og sender dei til SSB. Frå og med 2004 kan fiskerettshavar eller fiskeforvaltar nytte elektronisk rapportering via Internettadressa http://www.fangstrapp.no.

 

3.5. Kontroll og revisjon

Data frå den elektroniske rapporteringa blir overførte til it-medium (Dynarev). For å identifisere feilføring og feiltasting er det lagt inn maskinelle kontrollar. På dette grunnlaget blir det gjort opprettingar for logiske feil og uriktige oppgåver. Om nødvendig, blir fylkesmennene kontakta for å drøfte datagrunnlaget.

3.6. Berekningar

Ikkje relevant.

3.7. Konfidensialitet

Ikkje relevant.

4. Omgrep, variablar og grupperingar

4.1. Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Anadrome laksefisk: Laksefisk som vandrar mellom sjø og ferskvatn og som er avhengig av ferskvatn for å reprodusere seg, samt rogn og ungar av slik fisk. Rømt eller utsett oppdretta laksefisk som kan vandre frå sjø til ferskvatn reknast som anadrom laksefisk når dei lever fritt i sjø eller vassdrag.

Vekt: Vekta av fisken gjeld kilo rund fisk.

Fang og slepp: Fisk som blir fanga og sett levande ut i elva igjen.

 

4.2. Standard klassifikasjonar

Før 1993 er talet på laks og vekta av laksen spesifisert på gruppene laks under 3 kg og laks 3 kg og over. Frå og med 1993 er laksen fordelt etter desse gruppene: Laks under 3 kg, laks mellom 3 og 6,9 kg og laks 7 kg og over.

5. Feilkjelder og uvisse

5.1. Måle- og handsamingsfeil

Denne statistikken gir eit bilete av den registrerte innrapporteringa av fangsten. Undersøkingar har vist at den reelle fangsten er noko høgare. Direktoratet for naturforvaltning estimerar eit tillegg for urapportert fangst i si rapportering til NASCO.

Manglade eller forseinka fangstrapportering frå fiskarane og fiskerettshavarane kan vere eit problem for fangststatistikken i vassdraga. Det er også mangelfull statistikk frå ein del småvassdrag der fisket er dårleg organisert. Statistikken er difor ikkje så fullstendig som ein skulle ønske.

2009 er første året med påbud om innrapportering av gjenutsett fisk, og kvaliteten på denne statistikken er derfor noko usikker.

5.2. Fråfallsfeil

Sjå punkt 5.1.

5.3. Utvalsfeil

Ikkje relevant.

5.4. Andre feil

Ikkje relevant.

6. Samanlikningar og samanheng

6.1. Samanlikningar over tid og stad

Frå og med 1993 blei det ny organisering av datainnsamlinga. Tidlegare samla laksestyra inn oppgåver og sende data for laksedistrikt og elver til SSB. Frå og med 1993 får SSB oppgåver frå fylkesmennene.

6.2. Samanheng med annan statistikk

Talet på registrerte fiskarar i vassdraga henta frå DN si oversikt over betalt fiskaravgift.  

2008: 75 000

2009: 75 300

2010: 68 000

Tal for sjøfiske etter laks og sjøaure blir presenterte i eigne artiklar frå SSB.

7. Kvar finn ein statistikken?

7.1 Publikasjonar og andre lenkjer

Tala blir publiserte i Dagens statistikk og i Statistikkbanken.

7.2. Lagring og bruk av grunnmaterialet

Grunnmaterialet blir lagra i Statistisk sentralbyrå. Registerdata og fangstdata ligg i Oracle-tabellar. Endeleg datafil lagrast på UNIX.


2012 © Statistisk sentralbyrå