Det blei fiska og avliva i alt 445 tonn laks, sjøaure og sjørøye i elvane i 2011. Det er 7 tonn, eller 2 prosent, meir enn i året før. I tillegg blei 68 tonn fanga og sleppte levande ut igjen.
Den avliva fangsten var fordelt på 394 tonn laks og 51 tonn sjøaure og sjørøye. Samanlikna med året før var det ein auke på 3 prosent for laks, og ein nedgang på 8 prosent for dei to andre fiskeslaga.
Det var nedgang i alle dei nordlege fylka frå og med Sør-Trøndelag. Størst nedgang hadde Finnmark og Nordland. Rogaland og Vest-Agder hadde størst auke, med høvesvis 20 og 11 tonn.
Gjennomsnittsvekta for avliva laks auka frå 3,3 kilo i 2010 til 3,8 kilo i 2011. 21 prosent av laksen vog under 3 kilo og 51 prosent mellom 3 og 7 kilo. 27 prosent av laksen vog over 7 kilo. Tilsvarande tal for 2010 var respektive 32, 36 og 32 prosent.
| 2009 | 2010 | 2011 | 2009 | 2010 | 2011 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Tonn | 1 000 stk | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| I alt | 370 | 438 | 445 | 144 | 167 | 152 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Laks i alt | 312 | 382 | 394 | 89 | 115 | 103 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Under 3 kilo | 87 | 122 | 84 | 52 | 70 | 47 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Mellom 3 og 7 kilo | 106 | 136 | 202 | 24 | 31 | 44 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Over 7 kilo | 118 | 123 | 108 | 13 | 13 | 12 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Sjøaure og sjørøye | 59 | 56 | 51 | 55 | 53 | 49 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 1 | Omfattar ikkje fisk som er sleppt ut igjen. |
Tana med sideelvar var det viktigaste vassdraget i 2011, med ein fangst på 38,6 tonn. Det er 3 tonn mindre enn i 2010. Deretter følgde Gaula, Orkla, Bjerkreimselva og Namsenvassdraget. Rangeringa av elvane inkluderer både fangst som er avliva og gjenutsett.
Til saman 21 400 fiskar, fordelt på 14 300 laks, og 7 100 sjøaure og sjørøye, blei fiska og sett levande ut i elva igjen i 2011. Tilsvarande tal for året før var 19 900 fiskar, fordelt på 15 000 laks, og 4 900 sjøaure og sjørøye. Gaula og Orkla var dei viktigaste vassdraga for dette fisket i 2011, med respektive 1 655 og 1 370 fiskar.
Finnmark var det fylket der det blei sett ut igjen flest fisk, med 3 212 laks, og 897 sjøaure og sjørøye. Deretter følgde Sør-Trøndelag, Sogn og Fjordane og Vest-Agder.
Gjennomsnittsvekta for fisk som blei sleppte ut igjen, var 4,3 kg for laks og 0,8 kg for sjøaure og sjørøye.
Frigitt 27. januar 2012 © Statistisk sentralbyrå