220603
220603
Auka laksefiske i elvane
statistikk
2016-01-29T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
elvefiske, Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye, elvar, fangst, fang og slepp, gjenutsetjingFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
true

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye2015, førebelse tal

Endelege tal vert publisert i Statistikkbanken om lag to månader seinare.

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Auka laksefiske i elvane

I alt blei det fiska 195 000 laks, sjøaure og sjørøye i dei norske elvane i 2015. Det er 33 000, eller 21 prosent, fleire fisk enn året før. Av desse fiskane blei 82 prosent avliva og resten blei sleppte levande ut igjen.

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Førebelse tal
20152014 - 20152012 - 20152015
KgEndring, prosentEndring, prosentStk
Avliva fisk
I alt404 98926,0-18,3160 226
Laks i alt349 98826,4-20,5106 257
Laks under 3 kg106 6348,5-2,762 284
Laks mellom 3 og 7 kg157 55142,6-7,834 101
Laks over 7 kg85 80326,1-46,49 872
Sjøaure og sjørøye55 00123,5-0,153 969
 
Fisk sleppt ut att
I alt112 27023,722,934 979
Laks i alt103 50531,122,125 433
Laks under 3 kg20 49216,551,512 064
Laks mellom 3 og 7 kg42 08032,544,48 800
Laks over 7 kg40 93338,2-2,84 569
Sjøaure og sjørøye8 765-25,833,39 546
Figur 1. Elvefiske etter laks

Den avliva fangsten vog 405 tonn, fordelt på 350 tonn laks og 55 tonn sjøaure og sjørøye. Samanlikna med året før var det ei auke på 26 prosent for laks og 23 prosent for dei to andre fiskeslaga.

Rekna av all avliva laks vog 59 prosent av fiskane under 3 kilo, medan 32 prosent vog mellom 3 og 7 kilo. 9 prosent av laksen vog over 7 kilo. Tilsvarande tal for 2014 var respektive 62, 30 og 8 prosent.

Gjennomsnittsvekta for avliva laks auka frå 3,2 kilo i 2014 til 3,3 kilo i 2015.

Størst auke i Trøndelag

Det var auke i avliva fangst i dei fleste fylka. Størst auke hadde trøndelagsfylka og Møre og Romsdal. Den avliva fangsten i Trøndelag var 76,5 tonn, ei auke på 29,7 tonn samanlikna med 2014. Fangsten i Møre og Romsdal auka med 15,6 tonn til 36,5 tonn.

I Finnmark gjekk den avliva fangstmengda ned med 7,5 tonn til 104,6 tonn, som svarar til 26 prosent av den avliva fangsten på landsnivå i 2015.

Tana framleis på topp

Tana med sideelvar var det viktigaste fiskevassdraget i 2015 med ein samla fangst på 38,2 tonn. Det er 9,5 tonn mindre enn i 2014. Deretter følgde Namsenvassdraget og Gaulavassdraget med respektive 31,2 og 25,0 tonn. Samanlikna med 2014 er dette ei auke på 12,3 tonn for Namsenvassdraget og 8,4 tonn for Gaulavassderaget. Rangeringa av elvane inkluderer både fangst som er avliva og fisk som er sleppte levande ut igjen.

Meir fang og slepp

Fangsten som blei sett levande ut igjen, fordelte seg på 25 400 laks og 9 500 sjøaure/sjørøye og utgjer 18 prosent av det samla elvefisket i 2015. Tilsvarande tal for året før var 20 200 laks og 11 400 sjøaure/sjørøye. Orkla og Gaula var dei viktigaste vassdraga for dette fisket i 2015, begge med 2 800 fiskar.

Det fylket der det blei sett ut igjen flest fisk, var likevel Finnmark med 6 500 laks og 1 500 sjøaure/sjørøye. Deretter følgde Sør-Trøndelag og Sogn og Fjordane.

Gjennomsnittsvekta for fiskar som blei sleppte ut igjen, var 4,1 kg for laks og 0,9 kg for sjøaure og sjørøye.