252007
252007
Fleire ekteskap mellom likekjønna
statistikk
2016-06-16T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
true

Ekteskap og skilsmisser2015

Innhald

Publisert:

Fleire ekteskap mellom likekjønna

I 2015 blei det inngått 300 ekteskap mellom personar av same kjønn. Det er det største årlege talet på likekjønna ekteskap sidan den nye ekteskapslova kom i 2009. Til saman gifta 22 700 par seg i 2015.

Inngåtte ekteskap, skilsmisser og separasjonar
20142015Endring i absolutte tall
2014 - 2015
Inngåtte ekteskap22 88722 738-149
Skilsmisser9 5569 306-250
Separasjonar10 82410 507-317

I det første året med ny ekteskapslov blei det inngått 283 likekjønna ekteskap. I dei fem mellomliggjande åra blei det i snitt inngått 263 ekteskap mellom personar av same kjønn. Nær to tredelar av dei likekjønna ekteskapa er inngåtte mellom to kvinner.

22 700 par gifta seg

Totalt var det 22 700 par som gifta seg i 2015, som er ein liten nedgang frå året før. Frå 2008 - då det var 25 300 par som gifta seg - har talet på vigslar gått ned litt etter litt, bortsett frå året 2012. Det var i alt 9 300 par som skilde seg, og 10 500 par som tok ut separasjon i 2015. Av desse var respektive 68 og 90 likekjønna ektepar.

Auken i gjennomsnittsalderen for førstegongsgifte held fram

Giftarmålsraten var fortsatt høgast i aldersgruppa 30-34 år, både for menn og kvinner. Gjennomsnittsalderen for førstegongsgifte var det same året 34,4 år for menn og 31,8 år for kvinner. Dette inneber ein auke frå 2014 på 0,1 år for menn og 0,2 år for kvinner.

Når ein samanliknar gjennomsnittsalderen for førstegongsgifte med dei andre nordiske landa, er Danmark på line med Noreg, medan Sverige har høgare gjennomsnittsalder for begge kjønna: 35,8 år for menn og 33,3 år for kvinner. Finland har lågare gjennomsnittsalder enn Noreg med 32,9 år for menn og 30,6 år for kvinner.

Færre førstegongsgifte

Sett i høve til 2014 gjekk giftarmålsraten for førstegongsgifte ned både for menn og kvinner i dei aller fleste aldersgruppene. Kvinner frå og med 50 år hadde derimot ein liten auke i giftermålsraten.

Få gifte blant dei yngre

Det er no langt færre gifte menn og kvinner i dei yngre aldersgruppene enn det var tidlegare. Dette heng saman med at fleire vel sambuarskap i staden for ekteskap, og at fleire er sambuarar før dei giftar seg. Ved tusenårsskiftet var til dømes halvparten av alle 35-årige menn gifte, medan denne delen ved det siste årsskiftet var komen ned i 42 prosent. Tilsvarande prosentdel for 31-årige kvinner var respektive 50 og 41.

Ein mindre del skil lag

Skilsmisseraten for menn var 9,7, medan han var 10,4 for kvinner i 2015. Ein må tilbake til slutten av 1980-talet for å finne lågare skillsmisserater. Skilsmisseraten var høgast for menn i aldersgruppa 45-49 år i 2015. For kvinner var skilsmisseraten høgast i aldersgruppa 40-44 år.

I 2015 opplevde 8 700 barn under 18 år at foreldra skilde seg, og 11 100 barn at foreldra blei separerte. SSB har ikkje tal for sambuarpar med barn som flyttar frå kvarandre.

Låg separasjonsrate

Separasjonsraten for menn var 11,4 og 12,0 for kvinner i 2015. Både for menn og kvinner er dette nedgang frå 2014, og den lågaste raten sidan 1999, som var det første året ratane blei berekna.

Det er mest vanleg å gifta seg i perioden mai-september, då heile to av tre ekteskap blei inngått. Skilsmisser og separasjonar fordeler seg derimot jamt utover året med ein liten auke om hausten og på ettervinteren.