Statistikk innhold
Statistikk om
Skatterekneskap
Statistikken viser dei akkumulerte skatteinnbetalingane ved utgangen av kvar månad. Innbetalingane er fordelte på skatt frå personar og upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar.
Utvalde tal frå denne statistikken
- Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kronerLast ned tabell som ...Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kroner
Juli 2023 Juli 2024 Juli 2025 Samla innbetalingar utanom petroleum 699 759 776 Skatt til kommuneforvaltninga 153 159 173 Skatt til staten 281 315 307 Innbetalingar til folketrygda 265 286 295 Skatt på utvinning av petroleum 381 233 208 Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ... - Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.Last ned tabell som ...Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.
Juli 2023 Juli 2024 Juli 2025 Fordelte skattar i alt 1 080 402 992 551 983 702 Ordinær skatt til staten 79 453 91 532 99 686 Ordinær skatt på utvinning av petroleum 113 727 74 236 67 897 Særskatt på utvinning av petroleum 267 728 158 846 140 150 Fellesskatt til staten 194 131 215 326 198 862 Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 25 309 25 785 28 003 Ordinær skatt til primærkommunen 127 895 132 737 144 980 Medlemsavgift til folketrygda 110 824 114 813 119 882 Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 153 735 170 796 175 577 Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar 7 600 8 480 8 664 Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift 577 815 622 776 660 341 Ordinær skatt til staten 67 708 77 700 87 507 Fellesskatt til staten 86 848 93 737 96 930 Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 25 001 25 561 27 783 Ordinær skatt til primærkommunen 126 274 131 535 143 807 Medlemsavgift til folketrygda 110 648 114 966 120 072 Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 153 735 170 796 175 577 Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar 7 602 8 481 8 664 Upersonlege skattytarar 502 318 370 150 323 918 Ordinær skatt til staten 12 173 13 860 12 215 Ordinær skatt på utvinning av petroleum 113 727 74 236 67 897 Særskatt på utvinning av petroleum 267 728 158 846 140 150 Fellesskatt til staten 107 040 121 602 102 024 Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 254 247 251 Ordinær skatt til primærkommunen 1 396 1 360 1 380 Renter m.m.3 269 -375 -556 Ordinær skatt til staten3 -429 -28 -36 Fellesskatt til staten 243 -13 -92 Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 55 -23 -31 Ordinær skatt til primærkommunen 226 -157 -207 Medlemsavgift til folketrygda 176 -153 -190 Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 . . . Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar4 -2 -2 0 1Frå og med april 1999 er skatten for Oslo fordelt på kommune og fylkeskommune. 2Sentralt berekna arbeidsgjevaravgift for statstilsette er ikkje teken med. 3Tvangsmulkt er teken med frå januar 2018. 4Renteutgiftar tilknytta skatt på utbytte frå utanlandske aksjonærar teken med frå januar 2015. Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ...
Om statistikken
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 16. mars 2022.
Skatteordningar
Fordelte skattar i alt
Summen av alle innbetalte skattar på dei ulike ordningane.
Personlege skatteytarar medrekna arbeidsgjevaravgift
Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift omfattar alle personlege skattytarar i inntektsåret. Personlege skattytarar betalar forskotsvis, enten ved forskotstrekk eller forskotsskatt. Forskotstrekk blir trekt av arbeidsgjevar før lønn blir utbetalt, og er lik forventa utlikna skatt for inntektsåret. Forskotsskatt blir betalt av formue og inntekt som ikkje det kan trekkast i på forskot.
Ordninga omfattar også arbeidsgjevaravgift som upersonlege skattytarar betalar inn, og skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar.
Upersonlege skattytarar
Ordninga omfattar alle upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar som blir likna som eigne skattesubjekt i året etter inntektsåret.
Renter m.m.
Ordninga omfattar til dømes renter på for seint betalt skatt, innkrevjingsinntekter og –utgifter, utgifter på grunn av avskriving m.m.
Skattearter
Ordinær skatt til staten
Ordinær skatt til staten omfattar formues- og inntektsskatt til staten frå personlege og upersonlege skattytarar. Inkluderer trinnskatt (tidlegare toppskatt) frå personlege skattytarar.
Ordinær skatt på utvinning av petroleum
Ordinær skatt på utvinning av petroleum omfattar skatt på inntekt og formue frå petroleumsutvinning og røyrleidningstransport.
Særskatt på utvinning av petroleum
Særskatt på utvinning av petroleum er skatt utover ordinær skatt på utvinning av petroleum. Særskatten er innført grunna den store meiravkastninga som er knytt til utvinning av olje og gass.
Fellesskatt til staten
Fellesskatt til staten skal betalast av alle som er pliktige til å betale inntektsskatt til kommunen. Fellesskatten er berekna på same grunnlag som inntektsskatten til kommunane.
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)
Ordinær skatt til fylkeskommunen omfattar skatt på inntekt frå personlege skattytarar.
Ordinær skatt til primærkommunen
Ordinær skatt til primærkommunen omfattar formuesskatt og skatt på inntekt frå personlege skattytarar.
Medlemsavgift til folketrygda
Folketrygda blir mellom anna finansiert av medlemspremiar og arbeidsgjevaravgift. Medlemspremiar, eller trygdeavgift, til folketrygda blir rekna ut frå samla personinntekt. Trygdeavgift blir rekna etter tre satsar, etter om grunnlaget er løn, personinntekt frå næring eller pensjon.
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda
Dette er ei avgift arbeidsgjevarar betalar for sine tilsette som ein del av finansieringa av folketrygda. Ho blir berekna som ein prosentsats av løn og godtgjeringar. Avgifta er differensiert slik at prosentsatsen avheng av næring og kvar arbeidsplassen er lokalisert.
Skatt til Svalbard
Skatt til Svalbard inkluderer skatt på inntekt frå personlege og upersonlege skattytarar samt medlemspremie til folketrygda. For meir informasjon, sjå Lov om skatt til Svalbard (29.11.1996).
Kreditorar
Skattekreditorane omfattar kommune, fylkeskommune, stat og folketrygd.
Namn: Skatterekneskap
Emne: Offentlig sektor
Seksjon for offentlige finanser
Kommune.
Månadleg. Blir publisert mellom den 15. og den 20. i månaden etter innbetalingsmånad.
Skatterekneskapen inngår i berekninga av kvartalsvise inntekter og utgifter for offentleg forvaltning som blir rapportert til Eurostat.
Grunnlagsdata blir lagra i SAS-datasett og arkivert på flate filer på Linux-server.
Føremålet med statistikken er å gje ein månadleg oversikt over innbetalt skatt på nasjonalt, fylkeskommunalt og kommunalt nivå.
Dei noverande tidsseriane går tilbake til august 2008. Dette er fordi Skattedirektoratet innførte eit nytt rapporteringssystem for skatt som førte til nokre endringar i 2008. Avslutta tidsseriar går tilbake til 1987 for samla skatt og 2001 for skatt fordelt på kommunar.
Dei viktigaste brukarane er Finansdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD), KS, kommunar og fylkeskommunar.
Statistikken blir mellom anna nytta for løpande oppfølging og styring av kommuneøkonomien i samband med nasjonalbudsjett, revidert nasjonalbudsjett, kommuneøkonomiproposisjonen og som grunnlagstal for rapportar frå Det tekniske berekningsutval for kommunanes og fylkeskommunane sin økonomi. Den blir også nytta av KDD i utrekning av rammeoverføringane til kommunane i samband med løpande inntektsutjamning.
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.
Skattestatistikken inngår i arbeidet med å estimere kommuneinntektene i samband med nasjonalrekneskapen og nasjonalbudsjetta. Skattestatistikken er òg ei av kjeldene som blir nytta i samband med rapportering til Eurostat for korttidsindikatorar for offentlege finansar.
SSB publiserer fleire statistikkar som inneheld skattetal, mellom anna Skatt for personer, Offentlig forvaltnings inntekter og utgifter og Skatt for selskaper. Desse statistikkane viser ofte utlikna skatt og ikkje innbetalt skatt, og ein kan difor ikkje samanlikne desse tala direkte med statistikken Skatterekneskapen. Statistikken Statsregnskapets inntekter og utgifter inneheld bokførte tal som er meir samanliknbare med Skatterekneskapen.
Statistikken blir utvikla, utarbeida og formidla i tråd med lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven).
Rådsforordning 2223/96, Kommisjonsforordning 264/2000, Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1221/2002.
Statistikken omfattar innbetalt skatt til kommunekasseraren/kemneren. I tillegg inngår skatt for personar utan varig tilknyting til landet (frå Skatteoppkrevjar utland) samt skattar på utvinning av petroleum. Grunnlagstala er fordelte på ulike skattekreditorar (kommunar, fylkeskommunar, staten, folketrygda) og ulike skatteordningar (forskotsskatt, etterskotsskatt, arbeidsgjevaravgift og trygdepremiar).
Lokal eigedomsskatt er ikkje inkludert i statistikken, men formue knytt til eigedom kan påverke totalsummen av ordinære skattar. Statistikk for eigedomsskatt blir publisert årleg.
Administrative register: Statistikken baserer seg på månadsoppgjeret i skatterekneskapen. Grunnlagstal blir henta inn frå kommunane av Skattedirektoratet elektronisk og sett saman i ei fil for vidare sending til SSB gjennom eit lukka system for filoverføring. Registrerte petroleumsskattar (ordinær skatt og særskatt) frå Skatteetaten blir sende til SSB på e-post.
SSB mottek også ei fil med tal for tilbakebetalingar og renter av skatt på utbytte for utanlandske aksjonærar på e-post frå Skatteetaten.
Grunnlagstal blir henta frå kommunekasserarane 2. vyrkedag etter månadsslutt via ulike dataleverandørar til Skattedirektoratet (SKD). SKD kontrollerer dataa og legg ei fil til rette for overføring til SSB i løpet av tre dagar. Dataa blir lagde inn i SSBs database og blir der supplerte med oljeskattar på utvinning av petroleum, samt at det blir gjennomført ulike kontrollar på "inputdataa". Skatteoppkrevjar fordeler skatten mellom alle skattekreditorar direkte, ned på kvar enkelt kommune.
I databasen blir det køyrt ulike kontrollprogram, mellom anna talet på kommunar, bruk av ugyldige kommunenummer eller ugyldige kontoar, og kontrollert mot summar på kommunalt og fylkeskommunalt nivå. Dessutan sjekkar ein den interne konsistensen i skatterekneskapen.
Skatterekneskapsstatistikken blir ikkje sesongjustert.
Fleire lovar og forskrifter for innbetaling av skatt blei endra i samband med koronapandemien i 2020. Mellom anna blei arbeidsgjevaravgifta sett ned og reglane for innbetaling av skatt på petroleum endra. Dette førte til brot i fleire av tidsseriane. Endringar frå 2019 og framover må difor tolkast varsamt.
I tabell 07022 i statistikkbanken er innbetalingane fordelte på kommunar. Endringar i kommunestrukturen fører til brot i desse tidsseriane. Kommunereforma i 2020 førte til spesielt store endringar. Tabellen har ikkje tal på ny kommunestruktur for tidlegare årgangar.
I tabell 07391 i statistikkbanken er renteutgifter knytt til skatt på utbytte frå utanlandske aksjonærar tekne med frå januar 2015. Tvangsmulkt er teken med i denne tabellen frå januar 2018.
Statistikken er ei fullteljing og har difor ingen utvalsfeil. SKD sender ikkje fila til SSB før data frå alle kommunane er innkomne.
I einskilde tilfelle kan forskyving mellom månader i innbetaling og føring av skattane for enkeltkommunar føre til store endringstal samanlikna med same periode året før. Dette vil normalt jamne seg ut over året.
Publiserte tal blir rekna som endelege og blir normalt ikkje reviderte.