Informasjon

Skatteinngangen i 2026 påvirkes av en ny ordning for innbetaling av forskuddstrekk, som fører til en sterk engangsvekst sammenlignet med 2025.

Statistikk innhold

Statistikk om

Skatterekneskap

Statistikken viser dei akkumulerte skatteinnbetalingane ved utgangen av kvar månad. Innbetalingane er fordelte på skatt frå personar og upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar.

Oppdatert: 21. juli 2026
Neste oppdatering: 17. august 2026

Utvalde tal frå denne statistikken

  • Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kroner
    Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kroner
    Juni 2024Juni 2025Juni 2026
    Samla innbetalingar utanom petroleum631641761
    Skatt til kommuneforvaltninga130142168
    Skatt til staten281272341
    Innbetalingar til folketrygda220227253
    Skatt på utvinning av petroleum233208175
    Tall for desember 2025 ble rettet 26.01.2026
    Standardteikn i tabellar
  • Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.
    Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.
    Juni 2024Juni 2025Juni 2026
    Fordelte skattar i alt863 583849 038936 491
    Ordinær skatt til staten76 43683 063107 486
    Ordinær skatt på utvinning av petroleum74 21467 92558 006
    Særskatt på utvinning av petroleum158 590139 923117 290
    Fellesskatt til staten197 038181 368227 204
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 21 20122 94727 628
    Ordinær skatt til primærkommunen109 062118 891139 887
    Medlemsavgift til folketrygda93 87898 198122 714
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 126 026129 091129 917
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar7 1377 6326 359
    Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift495 733526 874631 004
    Ordinær skatt til staten63 22071 48194 233
    Fellesskatt til staten76 42179 769111 673
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 20 98422 73527 393
    Ordinær skatt til primærkommunen107 888117 751138 612
    Medlemsavgift til folketrygda94 05698 415122 818
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 126 026129 091129 917
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar7 1387 6326 359
    Upersonlege skattytarar368 346322 872305 783
    Ordinær skatt til staten13 27411 67313 289
    Ordinær skatt på utvinning av petroleum74 21467 92558 006
    Særskatt på utvinning av petroleum158 590139 923117 290
    Fellesskatt til staten120 661101 722115 550
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 247251253
    Ordinær skatt til primærkommunen1 3601 3791 394
    Renter m.m.3 -496-708-296
    Ordinær skatt til staten3 -58-91-36
    Fellesskatt til staten-43-122-18
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 -29-39-19
    Ordinær skatt til primærkommunen-186-239-119
    Medlemsavgift til folketrygda-178-217-104
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 ...
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar4 -200
    1Frå og med april 1999 er skatten for Oslo fordelt på kommune og fylkeskommune.
    2Sentralt berekna arbeidsgjevaravgift for statstilsette er ikkje teken med.
    3Tvangsmulkt er teken med frå januar 2018.
    4Renteutgiftar tilknytta skatt på utbytte frå utanlandske aksjonærar teken med frå januar 2015.
    Tall for desember 2025 ble rettet 26.01.2026
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 16. mars 2022.

Skatteordningar

Fordelte skattar i alt

Summen av alle innbetalte skattar på dei ulike ordningane.

Personlege skatteytarar medrekna arbeidsgjevaravgift

Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift omfattar alle personlege skattytarar i inntektsåret. Personlege skattytarar betalar forskotsvis, enten ved forskotstrekk eller forskotsskatt. Forskotstrekk blir trekt av arbeidsgjevar før lønn blir utbetalt, og er lik forventa utlikna skatt for inntektsåret. Forskotsskatt blir betalt av formue og inntekt som ikkje det kan trekkast i på forskot.

Ordninga omfattar også arbeidsgjevaravgift som upersonlege skattytarar betalar inn, og skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar.

Upersonlege skattytarar

Ordninga omfattar alle upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar som blir likna som eigne skattesubjekt i året etter inntektsåret.

Renter m.m.

Ordninga omfattar til dømes renter på for seint betalt skatt, innkrevjingsinntekter og –utgifter, utgifter på grunn av avskriving m.m.

Skattearter

Ordinær skatt til staten

Ordinær skatt til staten omfattar formues- og inntektsskatt til staten frå personlege og upersonlege skattytarar. Inkluderer trinnskatt (tidlegare toppskatt) frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt på utvinning av petroleum

Ordinær skatt på utvinning av petroleum omfattar skatt på inntekt og formue frå petroleumsutvinning og røyrleidningstransport.

Særskatt på utvinning av petroleum

Særskatt på utvinning av petroleum er skatt utover ordinær skatt på utvinning av petroleum. Særskatten er innført grunna den store meiravkastninga som er knytt til utvinning av olje og gass.

Fellesskatt til staten

Fellesskatt til staten skal betalast av alle som er pliktige til å betale inntektsskatt til kommunen. Fellesskatten er berekna på same grunnlag som inntektsskatten til kommunane.

Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)

Ordinær skatt til fylkeskommunen omfattar skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt til primærkommunen

Ordinær skatt til primærkommunen omfattar formuesskatt og skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Medlemsavgift til folketrygda

Folketrygda blir mellom anna finansiert av medlemspremiar og arbeidsgjevaravgift. Medlemspremiar, eller trygdeavgift, til folketrygda blir rekna ut frå samla personinntekt. Trygdeavgift blir rekna etter tre satsar, etter om grunnlaget er løn, personinntekt frå næring eller pensjon.

Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda

Dette er ei avgift arbeidsgjevarar betalar for sine tilsette som ein del av finansieringa av folketrygda. Ho blir berekna som ein prosentsats av løn og godtgjeringar. Avgifta er differensiert slik at prosentsatsen avheng av næring og kvar arbeidsplassen er lokalisert.

Skatt til Svalbard

Skatt til Svalbard inkluderer skatt på inntekt frå personlege og upersonlege skattytarar samt medlemspremie til folketrygda. For meir informasjon, sjå Lov om skatt til Svalbard (29.11.1996).

Kreditorar

Skattekreditorane omfattar kommune, fylkeskommune, stat og folketrygd.

Ikkje relevant

Kontakt

Relatert innhold