Statistikk innhold

Statistikk om

Skatterekneskap

Statistikken viser dei akkumulerte skatteinnbetalingane ved utgangen av kvar månad. Innbetalingane er fordelte på skatt frå personar og upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar.

Oppdatert: 16. oktober 2025
Neste oppdatering: 17. november 2025

Utvalde tal frå denne statistikken

  • Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kroner
    Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kroner
    September 2023September 2024September 2025
    Samla innbetalingar utanom petroleum858940953
    Skatt til kommuneforvaltninga200207225
    Skatt til staten320372354
    Innbetalingar til folketrygda338361373
    Skatt på utvinning av petroleum453291275
    Standardteikn i tabellar
  • Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.
    Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.
    September 2023September 2024September 2025
    Fordelte skattar i alt1 311 6841 231 3271 228 013
    Ordinær skatt til staten100 369116 386126 183
    Ordinær skatt på utvinning av petroleum136 56093 27390 244
    Særskatt på utvinning av petroleum316 721198 086185 104
    Fellesskatt til staten210 881245 036218 255
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 33 07833 60736 489
    Ordinær skatt til primærkommunen167 176173 127188 978
    Medlemsavgift til folketrygda145 295150 160156 277
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 192 633211 238216 847
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar8 97210 4129 636
    Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift747 640801 903847 311
    Ordinær skatt til staten89 090101 921114 282
    Fellesskatt til staten113 569122 790126 039
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 32 76133 37136 264
    Ordinær skatt til primærkommunen165 529171 887187 789
    Medlemsavgift til folketrygda145 083150 283156 455
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 192 633211 238216 847
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar8 97510 4149 636
    Upersonlege skattytarar563 568429 594381 060
    Ordinær skatt til staten11 64414 41811 802
    Ordinær skatt på utvinning av petroleum136 56093 27390 244
    Særskatt på utvinning av petroleum316 721198 086185 104
    Fellesskatt til staten97 017122 21092 280
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 250247251
    Ordinær skatt til primærkommunen1 3761 3601 379
    Renter m.m.3 476-171-358
    Ordinær skatt til staten3 -36548100
    Fellesskatt til staten29536-64
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 66-11-26
    Ordinær skatt til primærkommunen271-119-190
    Medlemsavgift til folketrygda212-122-178
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 ...
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar4 -3-20
    1Frå og med april 1999 er skatten for Oslo fordelt på kommune og fylkeskommune.
    2Sentralt berekna arbeidsgjevaravgift for statstilsette er ikkje teken med.
    3Tvangsmulkt er teken med frå januar 2018.
    4Renteutgiftar tilknytta skatt på utbytte frå utanlandske aksjonærar teken med frå januar 2015.
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 16. mars 2022.

Skatteordningar

Fordelte skattar i alt

Summen av alle innbetalte skattar på dei ulike ordningane.

Personlege skatteytarar medrekna arbeidsgjevaravgift

Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift omfattar alle personlege skattytarar i inntektsåret. Personlege skattytarar betalar forskotsvis, enten ved forskotstrekk eller forskotsskatt. Forskotstrekk blir trekt av arbeidsgjevar før lønn blir utbetalt, og er lik forventa utlikna skatt for inntektsåret. Forskotsskatt blir betalt av formue og inntekt som ikkje det kan trekkast i på forskot.

Ordninga omfattar også arbeidsgjevaravgift som upersonlege skattytarar betalar inn, og skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar.

Upersonlege skattytarar

Ordninga omfattar alle upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar som blir likna som eigne skattesubjekt i året etter inntektsåret.

Renter m.m.

Ordninga omfattar til dømes renter på for seint betalt skatt, innkrevjingsinntekter og –utgifter, utgifter på grunn av avskriving m.m.

Skattearter

Ordinær skatt til staten

Ordinær skatt til staten omfattar formues- og inntektsskatt til staten frå personlege og upersonlege skattytarar. Inkluderer trinnskatt (tidlegare toppskatt) frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt på utvinning av petroleum

Ordinær skatt på utvinning av petroleum omfattar skatt på inntekt og formue frå petroleumsutvinning og røyrleidningstransport.

Særskatt på utvinning av petroleum

Særskatt på utvinning av petroleum er skatt utover ordinær skatt på utvinning av petroleum. Særskatten er innført grunna den store meiravkastninga som er knytt til utvinning av olje og gass.

Fellesskatt til staten

Fellesskatt til staten skal betalast av alle som er pliktige til å betale inntektsskatt til kommunen. Fellesskatten er berekna på same grunnlag som inntektsskatten til kommunane.

Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)

Ordinær skatt til fylkeskommunen omfattar skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt til primærkommunen

Ordinær skatt til primærkommunen omfattar formuesskatt og skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Medlemsavgift til folketrygda

Folketrygda blir mellom anna finansiert av medlemspremiar og arbeidsgjevaravgift. Medlemspremiar, eller trygdeavgift, til folketrygda blir rekna ut frå samla personinntekt. Trygdeavgift blir rekna etter tre satsar, etter om grunnlaget er løn, personinntekt frå næring eller pensjon.

Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda

Dette er ei avgift arbeidsgjevarar betalar for sine tilsette som ein del av finansieringa av folketrygda. Ho blir berekna som ein prosentsats av løn og godtgjeringar. Avgifta er differensiert slik at prosentsatsen avheng av næring og kvar arbeidsplassen er lokalisert.

Skatt til Svalbard

Skatt til Svalbard inkluderer skatt på inntekt frå personlege og upersonlege skattytarar samt medlemspremie til folketrygda. For meir informasjon, sjå Lov om skatt til Svalbard (29.11.1996).

Kreditorar

Skattekreditorane omfattar kommune, fylkeskommune, stat og folketrygd.

Ikkje relevant

Kontakt

Relatert innhold