Informasjon

Skatteinngangen i 2026 påvirkes av en ny ordning for innbetaling av forskuddstrekk, som fører til en sterk engangsvekst sammenlignet med 2025.

Statistikk innhold

Statistikk om

Skatterekneskap

Statistikken viser dei akkumulerte skatteinnbetalingane ved utgangen av kvar månad. Innbetalingane er fordelte på skatt frå personar og upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar.

Oppdatert: 15. mai 2026
Neste oppdatering: 17. juni 2026

Utvalde tal frå denne statistikken

  • Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kroner
    Innbetalt skatt hittil i år. Milliardar kroner
    April 2024April 2025April 2026
    Samla innbetalingar utanom petroleum414417544
    Skatt til kommuneforvaltninga7681117
    Skatt til staten198193255
    Innbetalingar til folketrygda140143172
    Skatt på utvinning av petroleum156139106
    Tall for desember 2025 ble rettet 26.01.2026
    Standardteikn i tabellar
  • Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.
    Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Akkumulert t.o.m. oppgjeven månad. Millionar kroner.
    April 2024April 2025April 2026
    Fordelte skattar i alt569 918556 601650 171
    Ordinær skatt til staten47 42650 66376 596
    Ordinær skatt på utvinning av petroleum49 65945 57934 924
    Særskatt på utvinning av petroleum105 95293 82770 837
    Fellesskatt til staten148 854139 965177 936
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 12 40813 12719 376
    Ordinær skatt til primærkommunen63 63267 93498 066
    Medlemsavgift til folketrygda54 55256 17585 735
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 85 50386 68085 847
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar1 9322 652855
    Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift296 664311 034431 481
    Ordinær skatt til staten36 24540 34965 481
    Fellesskatt til staten43 95045 66877 690
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 12 16012 87819 128
    Ordinær skatt til primærkommunen62 29566 59496 711
    Medlemsavgift til folketrygda54 57956 21485 770
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 85 50386 68085 847
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar1 9332 652855
    Upersonlege skattytarar273 230245 621218 742
    Ordinær skatt til staten11 15810 29311 093
    Ordinær skatt på utvinning av petroleum49 65945 57934 924
    Særskatt på utvinning av petroleum105 95293 82770 837
    Fellesskatt til staten104 85994 291100 241
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 246251253
    Ordinær skatt til primærkommunen1 3561 3801 394
    Renter m.m.3 23-55-53
    Ordinær skatt til staten3 242122
    Fellesskatt til staten4555
    Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)1 1-2-5
    Ordinær skatt til primærkommunen-19-40-39
    Medlemsavgift til folketrygda-27-39-34
    Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda2 ...
    Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar4 -100
    1Frå og med april 1999 er skatten for Oslo fordelt på kommune og fylkeskommune.
    2Sentralt berekna arbeidsgjevaravgift for statstilsette er ikkje teken med.
    3Tvangsmulkt er teken med frå januar 2018.
    4Renteutgiftar tilknytta skatt på utbytte frå utanlandske aksjonærar teken med frå januar 2015.
    Tall for desember 2025 ble rettet 26.01.2026
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 16. mars 2022.

Skatteordningar

Fordelte skattar i alt

Summen av alle innbetalte skattar på dei ulike ordningane.

Personlege skatteytarar medrekna arbeidsgjevaravgift

Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift omfattar alle personlege skattytarar i inntektsåret. Personlege skattytarar betalar forskotsvis, enten ved forskotstrekk eller forskotsskatt. Forskotstrekk blir trekt av arbeidsgjevar før lønn blir utbetalt, og er lik forventa utlikna skatt for inntektsåret. Forskotsskatt blir betalt av formue og inntekt som ikkje det kan trekkast i på forskot.

Ordninga omfattar også arbeidsgjevaravgift som upersonlege skattytarar betalar inn, og skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar.

Upersonlege skattytarar

Ordninga omfattar alle upersonlege skattytarar, som aksjeselskap og institusjonar som blir likna som eigne skattesubjekt i året etter inntektsåret.

Renter m.m.

Ordninga omfattar til dømes renter på for seint betalt skatt, innkrevjingsinntekter og –utgifter, utgifter på grunn av avskriving m.m.

Skattearter

Ordinær skatt til staten

Ordinær skatt til staten omfattar formues- og inntektsskatt til staten frå personlege og upersonlege skattytarar. Inkluderer trinnskatt (tidlegare toppskatt) frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt på utvinning av petroleum

Ordinær skatt på utvinning av petroleum omfattar skatt på inntekt og formue frå petroleumsutvinning og røyrleidningstransport.

Særskatt på utvinning av petroleum

Særskatt på utvinning av petroleum er skatt utover ordinær skatt på utvinning av petroleum. Særskatten er innført grunna den store meiravkastninga som er knytt til utvinning av olje og gass.

Fellesskatt til staten

Fellesskatt til staten skal betalast av alle som er pliktige til å betale inntektsskatt til kommunen. Fellesskatten er berekna på same grunnlag som inntektsskatten til kommunane.

Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)

Ordinær skatt til fylkeskommunen omfattar skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Ordinær skatt til primærkommunen

Ordinær skatt til primærkommunen omfattar formuesskatt og skatt på inntekt frå personlege skattytarar.

Medlemsavgift til folketrygda

Folketrygda blir mellom anna finansiert av medlemspremiar og arbeidsgjevaravgift. Medlemspremiar, eller trygdeavgift, til folketrygda blir rekna ut frå samla personinntekt. Trygdeavgift blir rekna etter tre satsar, etter om grunnlaget er løn, personinntekt frå næring eller pensjon.

Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda

Dette er ei avgift arbeidsgjevarar betalar for sine tilsette som ein del av finansieringa av folketrygda. Ho blir berekna som ein prosentsats av løn og godtgjeringar. Avgifta er differensiert slik at prosentsatsen avheng av næring og kvar arbeidsplassen er lokalisert.

Skatt til Svalbard

Skatt til Svalbard inkluderer skatt på inntekt frå personlege og upersonlege skattytarar samt medlemspremie til folketrygda. For meir informasjon, sjå Lov om skatt til Svalbard (29.11.1996).

Kreditorar

Skattekreditorane omfattar kommune, fylkeskommune, stat og folketrygd.

Ikkje relevant

Kontakt

Relatert innhold