Generelt
KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering) er eit nasjonalt informasjonssystem som gir styringsinformasjon om kommunal verksemd. Informasjonen skal tene som grunnlag for analyse, planlegging og styring, og gi grunnlag for å vurdere om nasjonale mål blir oppnådd. Data frå vassverka blir rapportert til Mattilsynet. SSB får overlevert via Folkehelseinstituttet eit datasett til bruk i publisering av dei såkalla nøkkeltala i KOSTRA. SSB publiserer ureviderte tall for kommunane 15. mars, og oppretta tall 15. juni. Før publiseringa 15. juni har kommunane høve til å rette opp feil og manglar i data.
Kommunal vannforsyning - KOSTRA
Nøkkeltal for kommunane blir publisera den 15. mars (ureviderte tal) og 15. juni (reviderte tal) kvart år.
Tal blir publisert på nasjonalt og regionalt nivå (fylke og kommune) og etter grupper av samanliknbare kommunar (sjå kapittel 4.2).
220 - Seksjon for miljøstatistikk
Oppgåvene frå vassverk blir henta inn med heimel i forskrift om vassforsyning og drikkevatn (drikkevassforskrifta), fastsette av Sosial- og Helsedepartementet 4. desember 2001.
Opplysningane frå kommunar om kostnadsdekning og gebyr vert henta inn med heimel i forskrift av 15. desember 2000 om rapportering fra kommuner og fylkeskommuner.
Statistisk sentralbyrå vil i medhold av lov av 16. juni 1989 nr 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå, benytte oppgavene til utarbeidelse av offisiell statistikk.
Council Directive 98/83/EC on the quality of water intended for human consumption.
Ikke relevant.
KOSTRA starta som prosjekt i 1995 med føremål å skaffe meir relevant og aktuelt datagrunnlag for å måle ressursinnsats, prioritering og måloppnåing i kommunar og fylkeskommunar. Det er eit føremål å samordne og effektivisere all rapportering frå kommunane til staten samt å sørgje for relevant styringsinformasjon om kommunal verksemd. Talet på kommunar og fylkeskommunar blei skrittvis økt fram til rapporteringsåret 2001, som var det første året der alle skulle være med i KOSTRA.
Nøkkeltala i KOSTRA gir oversikt over kommunale vassverk som forsyner minst 50 innbyggjarar eller meir, tilknytingsgrad, leidningsnett (lengde, alder og fornyingstakt), talet på trykkaukestasjonar, fordeling av vassforbruk, talet på innbyggarar med avbrot i forsyninga, talet på innbyggarar forsynt av grunnvatn, talet på innbyggarar forsynt av desinfisert overflatevatn, talet på innbyggarar forsynt med vatn av tilstrekkeleg god kvalitet, vassverkas produksjonsvolum, m.m. Nøkkeltala syner også finansiell dekningsgrad, sjølvkostgrad samt forholdet mellom gebyrinntekter, årlege kostnadar og gebyrsatsar for den enkelte kommune.
KOSTRA gir styringsinformasjon om kommunar og fylkeskommunar, til bruk for befolkning og media, kommunane sjølv og for statlige styringsorgan og andre sentrale brukarar.
|
Bruksområde |
Brukarar |
|
Gi oversikt over landets vassforsyning |
Lokale abonnentar, kommunale, regionale, sentrale og internasjonale myndighetar/rådgivarar |
|
Gi rask tilgang til informasjon i beredskapssituasjonar (svikt i drift av vassverk, forureining av vatn, flom eller sjukdom osv.) |
Kommunale, regionale og sentrale myndighetar/rådgivarar |
|
Gi grunnlag for prioritering og som sakshandsamingsverktøy i "Program for vassforsyning" |
Nasjonalt Folkehelseinstitutt |
|
Informasjonskjelde for forsking, undervisning og rådgiving. |
Nasjonalt Folkehelseinstitutt/Helse- og sosial departementet, forskings- og utdanningsinstitusjonar, konsulentfirma m.v. |
|
Informasjonskjelde for allmennheita |
Allmennheita |
Tenestedata for alle kommunale vassverk som forsyner minst 50 personar eller minst 20 husstandar/hytter (fullteljing).
Informasjon om gebyr og kostnadsdekning vert samla inn frå alle kommunane i landet (fullteljing).
Ikke relevant.
Kommunane rapporterar teneste data elektronisk ein gong i året til Mattilsynet via innrapporteringskanalen MATS. Frist for rapportering er 15. februar.
Økonomiske data blir samla inn elektronisk via KOSTRA ein gong i året. Fristen for rapportering er 15. februar.
Tenestedata: Data kontrollerast før innsending ved hjelp av kontroller i det elektroniske skjemaet. I samband med KOSTRA publiseringa, tek Nasjonalt Folkehelseinstitutt seg av sjølve kvalitetssikringa av data, dels automatisk og dels manuelt, for deretter å overlevere dei til SSB, som publiserer nøkkeltal og grunnlagstal på KOSTRA sine nettsider. Data kontrollerast både manuelt og automatisk av FHI. Revisjonsprosessen er ferdig i slutten av mai månad.
Økonomiske data: Data om kostnadsdekning og gebyr kontrollerast før innsending ved hjelp av kontroller i det elektroniske skjemaet. SSB kvalitetssikrar opplysningane etter at dei er komne inn, både gjennom fleir automatiske kontrollar og manuell oppretting.
Etter publiseringa 15. mars har kommunane høve til å sjekke sine eigne data. Dei har, dersom det er naudsynt, frist 15. april for å sende oppretta data.
Data blir publisera på ulike nivå, som grunnlagsdata og indikatorar. Grunnlagsdata vil i stor grad være enkle summeringar over ein periode eller per ein bestemt teljedato og er rapportert som absolutte tal. Indikatorar derimot utgjer ofte forholdstal (grunnlagsdata sett i forhold til kvarandre, til brukargrupper o.l.). Indikatorane bli også presentera med gjennomsnitt for kommunegrupper, fylket, fylkesregionen eller landet.
Det er nytta veid gjennomsnitt for dei fleste indikatorane. For indikatorar i absolutte tal er aritmetisk gjennomsnitt nytta. For nokre indikatorar (bl.a. ja/nei spørsmål) er det ikkje angitt gjennomsnitt. Landsgjennomsnitt er gitt både med og utan Oslo fordi Osloregnskapet omfattar både kommunale og fylkeskommunale funksjonar, slik at tala ikkje alltid kan samanliknast. Samtidig har Oslo ofte stor påverknad på landsgjennomsnittet, og kan derfor trekke gjennomsnittet uforholdsvis mykje opp for dei ulike parametrane (og av den grunn bør haldast utanfor).
For tenestedata har Nasjonalt Folkehelseinstitutt som hovudregel at rettingar i rapporterte data skal skje i same råd med vassverkeigaren. Kommunane som ikkje har sendt fullstendige datasett (dekker mindre enn 95% av tilknytte innbyggarar i kommunen) for alle sine kommunale vassverk kan ikkje oppsummerast og ei heller komme med i berekningane av KOSTRA-nøkkeltala.
Berekningar av alder på leidningsnett på landsnivå i artikkelen - Dagens statistikk (DS) - er justert for leidningsnett av ukjent alder (ikkje spesifisert til tidsperiode). Leidningsnettet er i desse tilfella fordelt utover ved prosentfordelinga 10, 40, 30, 20, 0 på høvesvis periodane (1) før 1910, (2) 1910-40, (3) 1941-70, (4) 1971-2000 og (5) 2001 eller seinare. Desse korrigeringane har altså berre innverknad på den berekna gjennomsnittsalderen presentert i artikkelen. Andre tal på alder til leidningsnettet i Statistikkbanken og i Faktaark er basert berre på tal frå årets rapportering for den delen av leidningsnettet kor alderen er kjent.
Årsgebyr: Dersom stipulert årsgebyr er mest utbredt i kommunen, benyttes gebyret for en standardbolig på 120 m2 bruksareal. Dersom vannmåler er mest utbredt, benyttes prisen for et forbruk på 150 m3 vann.
Ikke relevant.
Avbrott i vassforsyninga inkluderar planlagde og ikkje planlagde avbrott i vassforsyninga til abonnenten.
Driftskostnadar er summen av forvaltnings-, drifts- og vedlikehaldskostnadar. Beløpa hentast frå KOSTRA-skjema 23.
E. coli er ei såkalla indikatorbakterie. Dersom E. coli påvisast i drikkevatnet kan det være indikasjon på ei mogleg fekal forureining, og eventuelt at desinfeksjonsprosessen i reinseanlegget ikkje fungerar optimalt.
Farge på vatnet skuldast oftast naturlege organiske komponentar i vatnet (humus). Dei organiske komponentane treng ikkje i seg sjølve vere skadelege, men vil gje lukt og smak og bruksmessige ulemper, i tillegg hindrar farge optimal desinfeksjon av vannet og kan gje uønskja helseeffektar ved klorering. Humus gjev grunnlag til uønska bakterievekst og binder til seg ulike forureiningar.
Finansiell dekningsgrad syner i prosent kor stor del av årlege kostnadane kommunane får dekka gjennom gebyrinntektene. Kommunane har ikkje høve til å krevje inn meir enn kostnadane, og dei er ikkje pliktige til å krevje full kostnadsdekning. Nøkkeltalet er ein indikator på korleis gebyrinntektene vil utvikle seg i forhold til gebyrgrunnlaget dei neste åra. Nøkkeltalet må ses i samanheng med kommunens sjølvkostgrad.
Sjølvkostgrad syner forholdet mellom kommunens gebyrinntekter i året og kommunens gebyrgrunnlag for året tillagt avsetning til sjølvkostfond/dekning av framførte underskot eller fråtrekt bruk av sjølvkostfond/framføring av underskot.
Sjølvkostgrad = (Gebyrinntekter / (Gebyrgrunnlag + Avsetninger/dekning - fremføring)) x 100
Gebyrinntekter blir innkravde i form av eit tilknytingsgebyr og eit årleg gebyr. Tilknytingsgebyret er eit eingongsbeløp. Inntektsbeløpa hentast frå KOSTRA-skjema 23.
Kapitalkostnadane består av to delar: avskriving på tidlegare årlege investeringar og ein kalkulatorisk rentekostnad for kapital bunden opp i anleggsmidlar. Både kalkulatoriske rentekostnadar og avskrivingar kjem frå KOSTRA-skjema 23.
Kommunale vassverk utgjer dei vassverk som eigas av kommunane. Vassverk organisert som eit aksjeselskap og med meir enn 50% kommunalt eigarskap av aksjane, reknast også som kommunalt.
For kommunale vassverk med felles driftsorganisasjon må vassforsyningssystema som har separate forsyningsområde (distribusjonssystem) framstå som separate vassverk.
Personar tilknytt bereknast ut i frå tal på fastbuande personar som er knytte til eit fordelingsnett.
pH er eit mål på kor surt eller basisk vatnet er. Fordi surt drikkevatn har ein korroderande effekt på leidningsnettet og kan løyse ut blant anna tungmetall frå blant anna leidningsnettet, ønskjer ein å regulere surleiken før ein sender vatnet ut til abonnentane.
Tryggings- og beredskapsplan er definert ut i frå §11 i Drikkevannsforskriften, som bl.a. seier at vassverkseigaren skal nødvendige beredskapsførebuingar og utarbeide beredskapsplanar, jf. lov av 23. juni 2000 nr. 56 om Helsemessig og sosial beredskap og forskrift av 23. juli 2001 nr. 881 om krav til beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid, for å sikre levering av tilstrekkelige mengder drikkevatn også under unormale forhold, slik som ved krise og katastrofar i fredstid, og ved krig.
Trykkaukestasjonar nyttast for å pumpe vatn til stader som ligg høgt i terrenget.
Vassforsyningssystem er definert ut i frå Drikkevannsforskriften §3 og er eit vassforsyningssystem beståande av eit eller fleire av følgjande element: Vasstilsigsområde, vasskilde, vassbehandling, vassbehandlingsanlegg, transportsystem og driftsrutinar. Vassforsyningssystemet omfattar også vatnet.
Vassverk nyttas om den administrative eininga/organisasjonen som driv vassforsyninga (vasskilde, vassbehandlingsanlegg og/eller transportsystem), og ikkje berre om sjølve behandlingsanlegget.
Vassverk skal være godkjent av Mattilsynet når det forsyner:
Vassforbruk omfattar det forbruket vassverket har innanfor sitt eige fordelingsnett. Vassforbruket på sektorar skal bereknast ut i frå produsert mengde vann, eksklusivt vasstap i behandlingsprosessen som for eksempel spyling.
Dei 431 kommunane er grupperte i 16 grupper, etter folkemengde og økonomiske rammevilkår. Grupperinga er basert på rapporten: Gruppering av kommunar etter folkemengde og økonomiske rammevilkåra 2003. Rapport 2006/8, Statistisk sentralbyrå.
Det vil kunne knytast noko uvisse til sjølve målingane som utførast ved vassverka, utan at ein direkte kan seie i kor stor grad dette forventar å verke på sjølve resultata. Data som kan være mest usikre er: * Total vassleveranse på eige nett (kbm/år) er i stor grad estimert og ikkje målt.
Einings- og eventuelle andre registreringsfeil blir oftast fanga opp under revisjonen, og forventast ikkje å påverke resultata i nemneverdig grad.
Det kan knytast noko uvisse i samanheng med eventuelle manglar og feil i data som kommunane rapporterer, såkalla partielt fråfall.
Det kan også vere tilfelle av einingsfråfall, der kommunar avstår frå å svare. Dei seinare åra har det derimot vore registrert ei positiv auke i innrapportering frå vassverk, slik at fråfallsfeilen no kan seiast å vere liten.
Delvis relevant. KOSTRA er i utgangspunktet ei fullteljing. Likevel, spesielt for publiseringa den 15. mars, så baserar ein landstala i dei fleste tilfella på eit utval, pga. dels mangelfull rapportering frå kommunane innan fristen. For utvalte nøkkeltal er det derfor naudsynt å estimere data for manglande kommunar.
Ikke relevant.
Samanlikningar er ikkje mogleg for alle datasett.
"Statistikken har samanheng med annan statistikk, bl.a. Kommunalt avlaup.
KOSTRA tala ligg også i Statistikkbanken
Diverse KOSTRA-relaterte artiklar:http://www.ssb.no/kostra/
Utvalde publikasjonar:
Grunnlagsmaterialet overlevert i form av ei Excel-fil frå Nasjonalt Folkehelseinstitutt.
2011 © Statistisk sentralbyrå