85128_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
85128
Auke i utanrikshandel med tenester
statistikk
2012-06-28T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false

Utanrikshandel med tenester1. kvartal 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i utanrikshandel med tenester

Både eksport og import av tenester auka frå 1. kvartal 2011 til 1. kvartal 2012. Tenesteimporten enda opp på 32 milliardar kroner, medan det vart eksportert tenester for 28 milliardar kroner.

Ikkje-finansielle føretak, ekskludert sjøfartsnæringa, eksporterte i 1. kvartal i år tenester for 28 milliardar kroner. Dette er ein auke på 9 prosent frå same kvartalet i fjor. Vidare vart det registrert ein nedgang på 16 prosent samanlikna med dei høge eksportverdiane i 4. kvartal 2011.

Importen av tenester enda på 32 milliardar kroner og steig med nær 17 prosent frå 1. kvartal 2011. Dette utgjer ein auke på 4,6 milliardar kroner. Norske føretak importerte meir tenester enn dei eksporterte i dei tre første månadane av 2012 og enda dermed med å importere tenester for nær 4 milliardar kroner meir enn dei eksporterte.

Størst import av petroleumstenester

Tenester relaterte til petroleumsverksemd utgjorde den klart største gruppa av importerte tenester i 1. kvartal 2012 og stod for 29 prosent av importen. Dette er ein auke i verdi på 2,6 milliardar kroner frå same kvartalet i fjor. Det vart importert forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester for om lag 6,6 milliardar kroner, som dermed stod for 20 prosent av tenesteimporten i 1. kvartal 2012.

Noregs eksport av tenester til utlandet er dominert av forretnings- og profesjonstenester og teknisk tenesteyting, med ein eksport på nær 8,5 milliardar kroner. Denne gruppa stod dermed for 30 prosent av tenesteeksporten i 1. kvartal. Også petroleumstenester var viktige, med ein del på 22 prosent av eksporten og ein eksportverdi på 6,3 milliardar kroner.

Utanrikshandel med tenester for 1. kvartal 2012, etter tenestetype. Millionar kroner
Tenestetype 2011 1. kvartal 2011    2. kvartal 2011    3. kvartal 2011    4. kvartal 2011    1. kvartal 2012
Tenestebalanse (Eksport-Import) -24 242 -1 615 -5 166 -7 622 -9 839 -3 873
             
Sum eksport  115 354 26 124 26 792 28 567 33 871 28 471
Leigearbeid og reparasjonar 14 184 3 022 3 446 3 412 4 304 3 629
Petroleumstenester 20 005 4 993 4 736 4 286 5 990 6 266
Byggje- og anleggstenester 1 189  331  309  452 97  347
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel 3 575  792  838  933 1 012  622
Jernbane- og landtransporttenester 3 588  864  739 1 167  818  861
Sjøtransporttenester 4 639 1 087 1 273 1 123 1 156  617
Lufttransporttenester 2 675  705  322  899  749  631
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd 6 403 1 620 1 285 2 245 1 253 1 047
Post- og teletenester 7 162 1 815 1 606 1 896 1 845 1 444
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr 1 397  319  294  328  456  952
IT-tenester 7 681 1 889 2 256 1 934 1 602 2 063
Forsking og utvikling (FoU) 3 133  893  602  625 1 013  504
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester 34 644 6 689 7 849 8 191 11 915 8 493
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport 1 112  217  214  237  444  214
Andre tenester 3 967  888 1 023  839 1 217  781
             
Sum import  139 596 27 739 31 958 36 189 43 710 32 344
Leigearbeid og reparasjonar 9 928 1 689 1 899 3 090 3 250 2 292
Petroleumstenester 35 028 6 699 7 943 8 699 11 687 9 315
Byggje- og anleggstenester 5 131  651 1 093 1 092 2 295 1 420
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel 3 605  767  691 1 242  905 1 022
Jernbane- og landtransporttenester 6 714 1 287 1 842 1 642 1 943 1 389
Sjøtransporttenester 5 939 1 137 1 798 1 311 1 693  655
Lufttransporttenester 2 250  484  514  604  648  587
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd 12 584 2 377 2 931 4 097 3 179 2 179
Post- og teletenester 6 130 1 552 1 286 1 463 1 829 1 368
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr 2 428  587  537  553  751  633
IT-tenester 8 549 1 865 1 760 2 091 2 833 2 006
Forsking og utvikling (FoU) 2 289  439  477  566  807  606
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester 29 562 5 665 7 219 7 366 9 312 6 592
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport 2 881  707  799  703  672  681
Andre tenester 6 578 1 833 1 169 1 670 1 906 1 599
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå.

Næringa bergverksdrift og utvinning importerte mest

Næringa bergverksdrift og utvinning dominerer tenesteimporten, med ein del på heile 37 prosent av verdien, som tilsvarer ein verdi på 12 milliardar kroner. Det var ein klar auke i næringa sin del av den totale tenesteimporten, opp nær 9 prosentpoeng frå 1. kvartal 2011. Denne veksten kan sjåast i lys av dei auka investeringane i næringa.

Utanrikshandel med tenester, etter verdsdel. 1. kvartal 2011-1. kvartal 2012. Prosent

Føretak innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting er den klart største eksportnæringa når det gjeld utanrikshandel med tenester. Nær kvar fjerde eksportkrone i tenesteeksport i 1. kvartal 2012 skreiv seg frå denne kategorien. Industrien står også for ein stor del av tenesteeksporten, med 6 milliardar kroner og ein del på 21 prosent av verdien for dei eksporterte tenestene.

Utanrikshandel med tenester for 1. kvartal 2012, etter hovudnæringsgruppe. Millionar kroner
Hovudnæringsgrupper 2011      1. kvartal 2011      2. kvartal 2011      3. kvartal 2011      4. kvartal 2011      1. kvartal 2012
Tenestebalanse (Eksport-Import) -24 242 -1 615 -5 166 -7 622 -9 839 -3 873
             
Sum eksport  115 354 26 124 26 792 28 567 33 871 28 471
Bergverksdrift og utvinning 12 678 2 813 3 142 2 916 3 807 4 808
Industri 27 381 5 741 6 949 6 012 8 679 6 021
Byggje- og anleggsverksemd  415 94 93  106  122  102
Varehandel 5 893 1 261 1 262 1 311 2 059 1 066
Transport og lagring 12 208 3 291 2 304 3 936 2 677 2 647
Informasjon og kommunikasjon 18 053 4 320 4 636 4 089 5 008 4 202
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting 27 036 6 037 5 683 7 048 8 268 7 130
Forretningsmessig tenesteyting 7 093 1 584 1 491 1 848 2 170 1 870
Andre næringar 4 597  983 1 232 1 301 1 081  625
             
Sum import  139 596 27 739 31 958 36 189 43 710 32 344
Bergverksdrift og utvinning 42 501 7 726 10 083 10 865 13 827 11 992
Industri 19 485 3 046 4 470 4 828 7 141 3 448
Byggje- og anleggsverksemd 2 164  430  495  561  678  502
Varehandel 11 999 2 457 2 037 4 106 3 399 2 524
Transport og lagring 13 898 3 041 3 581 3 202 4 074 3 294
Informasjon og kommunikasjon 18 193 4 543 4 193 4 201 5 256 3 791
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting 16 406 3 406 3 587 4 546 4 867 3 762
Forretningsmessig tenesteyting 10 681 2 218 2 335 2 959 3 169 2 449
Andre næringar 4 269  872 1 177  921 1 299  582
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå.

Europa er viktigast i tenestehandelen

Nær 45 prosent av Noregs import av tenester kom frå EU utanom Norden. Dette gir ein verdi på 14,7 milliardar kroner. Nordiske land stod for 26 prosent av tenesteimporten, som tilsvarer 8,3 milliardar kroner.

Nær 60 prosent av Noregs totale tenesteeksport i 1. kvartal 2012 gjekk til europeiske land. Hittil i år har det vorte eksportert tenester for vel 10,4 milliardar kroner til EU-land utanom Norden og 5,8 milliardar til våre nordiske naboland.

Endring i grupperingar i tabellane

Frå og med 1. kvartal 2012 vart det skilt ut tre nye grupperingar i tabellen for hovudnæringsgrupper: 1) Byggje- og anleggsverksemd

2) Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting

3) Forretningsmessig tenesteyting.

Dette gjer at tabellen har vorte meir detaljert. Tabellane i tidlegare publiserte artiklar er difor ikkje direkte samanliknbare med tabellane frå og med 1. kvartal 2012.

Statistikken gjennomgår ei metodeomlegging, difor er tal for næringa utanriks sjøfart inntil vidare tekne ut frå den kvartalsvise publiseringa for 2011.

Om statistikkgrunnlaget

Frå og med 1. kvartal 2011 vert denne statistikken publisert kvartalsvis.

Denne publiseringa brukar SN 2007 som standard for næringsgruppering. Det vil føre til nokre endringar i næringsplasseringa av visse føretak samanlikna med tidlegare publiseringar, som vart baserte på SN 2002.

Statistikken over utanrikshandel med tenester inngår som ein del av datagrunnlaget til utanriksrekneskapen for Noreg. Statistikken omfattar ikkje tal for finansiell sektor, private hushald, ideelle organisasjonar, og heller ikkje kommunal og statleg forvaltning. Tala som kjem fram i denne statistikken, er ikkje direkte samanliknbare med tal frå utanriksrekneskapen. Sjå avsnittet Om statistikken .

Statistikken vart etablert i 2005 på bakgrunn av at Noregs Bank la ned valutastatistikken, som utgjorde ein vesentleg del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen. Det vert publisert tal for hovudtypar av tenester, og tal for korleis ulike hovudnæringsgrupper opptrer med omsyn til tenestehandel med utlandet. Det vert også gjeve eit oversyn over tenestehandel fordelt på verdsdelar.