290217
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
290217
statistikk
2017-06-19T08:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
true

Utanrikshandel med tenester

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

- 7 %

endring i eksport frå samme kvartal forrige år

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Millioner kroner
1. kvartal 2017Endring i prosent
4. kvartal 2016 - 1. kvartal 20171. kvartal 2016 - 1. kvartal 2017
Eksport50 535-14,7-7,0
Import55 556-10,1-7,3

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype
1. kvartal 20171. kvartal 2017Endring i prosentEndring i prosent
Millionar kronerAndel4. kvartal 2016 - 1. kvartal 20171. kvartal 2016 - 1. kvartal 2017
Eksport
Alle tenester50 535100,0-14,7-7,0
Leigearbeid og reparasjonar2 6485,2-15,9-10,9
Petroleumstenester4 9039,7-4,29,3
Byggje- og anleggstenester2030,4-52,9-31,0
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel7301,4-7,625,2
Sjøtransporttenester19 08237,8-4,6-5,3
Luft- og landtransporttjenester2 6025,13,7-0,3
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd2 3524,7-30,5-27,8
Post- og teletenester2 4704,95,818,1
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr1 6993,4-7,7-48,9
IT-tenester2 8875,7-29,41,6
Forsking og utvikling (FoU)9581,9-31,824,1
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester7 72015,3-30,7-13,1
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport2130,430,743,9
Andre tenester2 0684,1-27,77,2
 
Import
Alle tenester55 556100,0-10,1-7,3
Leigearbeid og reparasjonar2 4854,5-29,2-24,2
Petroleumstenester6 69612,1-25,7-15,8
Byggje- og anleggstenester7741,4-21,320,0
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel1 3952,5-5,8-5,5
Sjøtransporttenester5 55910,0-6,0-9,6
Luft- og landtransporttjenester2 2884,1-9,4-6,4
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd7 96614,3-11,1-4,8
Post- og teletenester1 9143,41,16,6
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr5 4449,8-11,0-34,1
IT-tenester4 7538,60,2-5,0
Forsking og utvikling (FoU)6171,1-50,0-28,7
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester11 51920,7-8,214,6
 6621,2-24,8-16,4
Andre tenester3 4836,374,922,3

Tabell 2 
Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter næring

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter næring
1. kvartal 2017Endring i prosent
Millionar kronerAndel4. kvartal 2016 - 1. kvartal 20171. kvartal 2016 - 1. kvartal 2017
Eksport
Alle næringar50 535100,0-14,7-7,0
Bergverksdrift og utvinning3 8077,5-24,4-13,7
Industri5 71211,3-2,014,7
Byggje- og anleggsverksemd1090,2-72,7-19,3
Varehandel, reparasjon av motorvogner1 2232,4-31,97,7
Transport og lagring24 48648,5-5,5-7,8
Informasjon og kommunikasjon6 00411,9-14,02,4
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting7 03613,9-31,2-10,9
Forretningsmessig tenesteyting1 7943,6-27,8-29,9
Andre næringar3630,7-34,2-54,3
 
Import
Alle næringar55 556100,0-10,1-7,3
Bergverksdrift og utvinning12 77823,0-22,7-24,8
Industri4 5528,2-13,9-2,9
Byggje- og anleggsverksemd6261,1-0,217,7
Varehandel, reparasjon av motorvogner5 1839,330,523,3
Transport og lagring16 21829,2-6,3-1,9
Informasjon og kommunikasjon6 70312,1-5,90,8
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting5 4999,9-7,7-4,5
Forretningsmessig tenesteyting2 6624,8-28,1-14,8
Andre næringar1 3352,43,2-7,6

Tabell 3 
Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype. Siste fem kvartal. Millioner kroner

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype. Siste fem kvartal. Millioner kroner
1. kvartal 20162. kvartal 20163. kvartal 20164. kvartal 20161. kvartal 2017
Tenestebalanse-5 593,0-6 215,0-8 145,0-2 571,0-5 021,0
 
Eksport
Alle tenester54 34454 48551 80359 22050 535
Leigearbeid og reparasjonar2 9713 7393 1763 1492 648
Petroleumstenester4 4854 6605 0335 1194 903
Byggje- og anleggstenester294289134431203
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel583669490790730
Sjøtransporttenester20 14918 57317 46520 01119 082
Luft- og landtransporttjenester2 6102 7102 7642 5102 602
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd3 2573 1423 1913 3842 352
Post- og teletenester2 0912 2262 5382 3352 470
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr3 3263 2002 8501 8401 699
IT-tenester2 8423 0922 3254 0912 887
Forsking og utvikling (FoU)7729146511 404958
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester8 8878 8118 73911 1337 720
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport148217159163213
Andre tenester1 9302 2422 2842 8612 068
 
Import
Alle tenester59 93760 70059 94861 79155 556
Leigearbeid og reparasjonar3 2802 0853 3173 5122 485
Petroleumstenester7 9538 1538 1299 0116 696
Byggje- og anleggstenester645540579984774
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel1 4761 5501 8811 4811 395
Sjøtransporttenester6 1515 6466 4645 9145 559
Luft- og landtransporttjenester2 4442 7112 6702 5242 288
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd8 3678 9768 6458 9607 966
Post- og teletenester1 7951 7752 1561 8941 914
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr8 2649 1187 8996 1185 444
IT-tenester5 0054 9634 3234 7434 753
Forsking og utvikling (FoU)8657646251 233617
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester10 05210 2789 89112 54811 519
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport7921 298865880662
Andre tenester2 8492 8452 5021 9913 483

Tabell 4 
Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter næring. Siste fem kvartal. Millioner kroner

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter næring. Siste fem kvartal. Millioner kroner
1. kvartal 20162. kvartal 20163. kvartal 20164. kvartal 20161. kvartal 2017
Tenestebalanse-5 593,0-6 215,0-8 145,0-2 571,0-5 021,0
 
Eksport
Alle næringar54 34454 48551 80359 22050 535
Bergverksdrift og utvinning4 4124 7314 9605 0343 807
Industri4 9805 8994 7945 8305 712
Byggje- og anleggsverksemd13519877399109
Varehandel, reparasjon av motorvogner1 1361 2801 2731 7971 223
Transport og lagring26 56324 93123 83925 91624 486
Informasjon og kommunikasjon5 8666 3695 5896 9796 004
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting7 8968 2717 40610 2277 036
Forretningsmessig tenesteyting2 5612 1303 0442 4851 794
Andre næringar794677821552363
 
Import
Alle næringar59 93760 70059 94861 79155 556
Bergverksdrift og utvinning17 00318 12516 53216 53112 778
Industri4 6883 9854 2355 2874 552
Byggje- og anleggsverksemd532613642627626
Varehandel, reparasjon av motorvogner4 2034 9464 6993 9735 183
Transport og lagring16 52915 79316 54817 30216 218
Informasjon og kommunikasjon6 6537 4146 8627 1206 703
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting5 7614 5635 0495 9575 499
Forretningsmessig tenesteyting3 1233 8364 1253 7002 662
Andre næringar1 4451 4251 2561 2931 335

Tabell 5 
Endring frå førre publisering etter import/eksport, næring (SN2007) og tid. Prosent

Endring frå førre publisering etter import/eksport, næring (SN2007) og tid. Prosent
4. kvartal 20151. kvartal 20162. kvartal 20163. kvartal 20164. kvartal 2016
Import
Alle næringar1,81,01,01,01,0
Bergverksdrift og utvinning0,00,00,00,00,0
Industri0,00,00,00,00,0
Byggje- og anleggsverksemd0,00,00,00,00,0
Varehandel, reparasjon av motorvogner0,00,00,00,00,0
Transport og lagring6,23,84,03,83,6
Informasjon og kommunikasjon0,00,00,00,00,0
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting0,00,0-0,10,00,0
Forretningsmessig tenesteyting0,00,00,00,00,0
Andre næringar0,00,00,00,00,0
 
Eksport
Alle næringar3,11,81,81,81,6
Bergverksdrift og utvinning0,00,00,00,00,0
Industri0,00,00,00,00,0
Byggje- og anleggsverksemd0,00,00,00,00,0
Varehandel, reparasjon av motorvogner0,00,00,00,00,0
Transport og lagring6,63,73,94,13,8
Informasjon og kommunikasjon0,00,00,00,00,0
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting0,00,00,00,0-0,1
Forretningsmessig tenesteyting0,00,00,00,00,0
Andre næringar0,00,00,00,00,0

Om statistikken

Norske føretak sine inntekter ved eksport av tenester til utlandet, og utgifter ved import av tenester frå utlandet, er sentrale storleikar i det samfunnsøkonomiske biletet, både for å forklare strukturelle endringar, og overvake konjunkturane.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Import:
Føretaka sine utgifter til kjøp av tenester frå utanlandske leverandørar i samband med import av dei ulike tenestene. Tenestene kan anten verte levert i Noreg eller utlandet.

Eksport:
Føretaka sine inntekter frå sal av tenester til utanlandske kundar i samband med eksport av de ulike tenestene. Tenestene kan anten verte levert i Noreg eller utlandet.

Tenestetype:
Tenestetypane som vert nytta i denne undersøkinga vert definert i samsvar med EU sin produksjonsstandard ´´Classification of Products by Activity (CPA)´´.

Konserninterne tenester:
Tenestehandel med utanlandske einingar innan same konsern skal førast som eigne postar, og rapporterast som "herav eksport av konserninterne tenester" og "herav import av konserninterne tenester" under kvar einskild tenestetype.
Med konsern vert det i denne samanhengen meint einingar som står i relasjon til kvarandre, som til dømes morselskap, dotterselskap, dotterdotterselskap etc.

  • Morselskap er eit selskap som, direkte eller indirekte, har kontroll over dei andre einingane innan konsernet.
  • Dotterselskap er eit selskap der morselskapet har direkte kontroll.
  • Dotterdotterselskap er eit selskap der eit dotterselskap har direkte kontroll, medan morselskapet har indirekte kontroll.
    Med kontroll vert det her meint meir enn 50 prosent eigardel i eit anna selskap.

Land:
Import: Registreringslandet til den utanlandske leverandøren.
Eksport: Registreringslandet til den utanlandske kunden.

Beløp i NOK 1000:
Alle tall skal rapporterast i hele 1000 NOK.

Standard klassifikasjonar

Tenestetype:
Fylgjer EU sin produksjonsstandard Classification of Products by Activity (CPA).

Næring:
Til og med publiseringa for året 2009 vart statistikken publisert etter Standard for næringsgruppering 2002 (SN2002) som standard klassifikasjon for bedrifter og føretak innan ulike næringar. Denne standarden var ei norsk tilpassing av Eurostat sin NACE Rev 1.1. Frå og med statistikken for året 2010 vart Standard for næringsgruppering 2007 (SN2007) teken i bruk. SN2007 samsvarar med EU sin standard, NACE Rev. 2, og utgjer grunnlaget for klassifisering av einingar etter viktigaste aktivitet i Bedrifts- og føretaksregisteret. Bruk av felles standardar er viktig innanfor økonomisk statistikk då dette gjer det mogleg å samanlikne og analysere statistiske data på tvers av landegrenser og over tid.

Land:
Fylgjer den internasjonale standarden ISO-3166 (alfa-2)

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Utanrikshandel med tenester
Emne: Utenriksøkonomi

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for utenrikshandel

Regionalt nivå

Statistikken syner ikkje-finansielle føretak sin tenestehandel med utlandet.

Kor ofte og aktualitet

Statistikken vert samla inn kvart kvartal, og syner ikkje-finansielle føretak sine inntekter og utgifter i samband med eksport og import av tenester til/ frå utlandet. Frå 2006 til og med 2010 vart statistikken publisert årleg, og frå 1 kvartal 2011 vart statistikken publisert kvartalsvis.

Internasjonal rapportering

Statistikken inngår som ein del av grunnlaget for utanriksrekneskapen og nasjonalrekneskapen, og er med i grunnlaget for rapporteringa til internasjonale organisasjonar som IMF, OECD og Eurostat.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Rådata og behandla data vert langtidslagra hos Statistisk sentralbyrå.

Bakgrunn

Føremål og historie

Statistikken vart etablert i 2005 då Noregs Bank la ned valutastatistikken som tidlegare var ein del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen.

Føremålet med statistikken over utanrikshandel med tenester er å gje ei oversikt over tenestestraumen mellom Noreg og utlandet. Norske føretak sine inntekter ved eksport av tenester til utlandet, og utgifter ved import av tenester frå utlandet, er sentrale storleikar i det samfunnsøkonomiske biletet, både for å forklare strukturelle endringar, og for å overvake konjunkturane.

Brukarar og bruksområde

Statistikken er ein viktig del av grunnlaget for prognose- og analysearbeid utført av organisasjonar, offentlege myndigheiter, forskingsinstitusjonar og andre. Internasjonale organisasjonar, som FN sitt statistiske kontor, EU sitt statistiske kontor (Eurostat) og andre, gjer bruk av opplysningane som statistikken gjev. Den er bygd opp som ein del av eit nasjonalt og internasjonalt statistikksystem og nyttast og ved utarbeiding av nasjonalrekneskap og utanriksrekneskap. I tillegg kan statistikken til ein viss grad brukast av næringslivet som grunnlag for data til planlegging av produksjon, marknadsføring og sal.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 10.00 på ssb.no  etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre likebehandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak er ei viktig kjelde for eksport og import av tenester i nasjonalrekneskapen og utanriksrekneskapen. Til og med år 2004 vart tal frå Noregs bank sin valutastatistikk nytta i utanriksrekneskapen. Frå og med år 2005 var det ein overgong til å nytte data innhenta gjennom kvartalsvis rapportering av utanrikshandel med tenester.

Eksport og import av tenester i nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen) er meir omfattande enn berre tenestehandelen i ikkje-finansielle føretak. Nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen) dekkjer tenestehandel som alle innanlandske sektorar har med utlandet. Dette gjeld i tillegg til ikkje-finansielle føretak også finansielle føretak, hushald, ideelle organisasjonar og offentleg forvaltning. I tillegg til denne skilnaden i omfang er det einskilde definisjonsmessige skilnadar. Dei viktigaste er at nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen)

  • inkluderar verdien av godsfrakter i samband med import av varer i vareverdien (CIF-verdi), og ikkje som tenesteimport
  • inkluderar verdien av norske rederi sine frakter i samband eksport av varer fra Noreg uavhengig av kven som betalar for oppdraget, medan utenrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak inkluderar berre slike frakter dersom ein utlending betalar for frakta
  • bereknar import og eksport av forsikringstenester som ein del av premiebetalingane
  • inkluderar konvensjonelle berekningar av import og eksport av indirekte målte banktenester (rentemarginar)
  • omdefinerar einskilde vareprodukt til tenester dersom vareverdien er dominert av eit tenestepåslag
  • inkluderar konvensjonelt berekna eksport- og importstraumar i tråd med Noreg sin eigardel i det fellesnordiske flyselskapet SAS

Ein annan skilnad er at fraktinntekter i utanriks sjøfart i utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle foretak vert fordelt på land med utgangspunkt i betalingsstraumar, medan det i utanriksrekneskapen er nytta informasjon om skipa sine bevegelsar (anløpsstatistikk).

Alle desse forholda inneber at tala i statistikken over utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak ikkje er direkte samanliknbare med tala for eksport og import av tenester i utanriks- og nasjonalrekneskapen sine tabellar.

Lovheimel

Statistikklova §§ 2-1 og 2-2 og 2-3 (tvangsmulkt).

EØS-referanse

Rettsakter under EØS-avtala, med forpliktingar etter EU-forordningar for datafangst og oversending av data til EU sitt statistiske kontor, Eurostat.

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar tenestehandel med utlandet, og vert samla inn på kvartalsvis og t.o.m år 2008 også på årleg basis ved undersøkingar retta mot norske føretak innan ikkje-finansiell sektor.

Føretak er juridiske personar som produserar varer og tenester for sal i eit marked. Populasjonen som dannar grunnlag for utvalet byggjer på opplysningar frå Finansteljinga frå 2003, Valutastatistikken frå Noregs Bank frå 2004 (siste produksjonsår), og Bedrifts- og føretaksregisteret. Populasjonen vert oppdatert ved bruk av ulike administrative register, bl.a. Skatteetaten sitt Valutaregister, samt informasjon som vert samla gjennom kontakt med større oppgåvegjevarar og opplysningar i media.

Datakjelder og utval

Grunnlaget for statistikken er rapporterte opplysningar frå ikkje-finansielle føretak som er med i den kvartalsvise undersøkinga.

Kvart kvartal vert det henta inn opplysningar om tenestehandel med utlandet frå omlag 3000 føretak inkludert føretak innan utanriks sjøfart.

Datainnsamling, editering og beregninger

Data vert henta inn ved elektroniske skjema (web-basert via SSB sin rapporteringskanal Idun, og excel-basert med innrapportering via Altinn) og filuttrekk. Oppgåvegjevarane mottek førespurnad om rapportering ved utgongen av teljingstidspunktet (kvart kvartal), og har ein frist på 30 dagar til å rapportere.

Innsamla data vert kontrollert i samband med mottaket av innrapporteringa, og ved einskilde typar feil i materialet vert oppgåvegjevar kontakta på nytt. Vidare gjennomgår innsamla data kontrollar mellom tal for ulike periodar, mot rekneskapsopplysningar og andre kjelder. Føretaka skal rapportere alle verdiar i heile 1 000 NOK.

I 2010/ 2011 vart det gjort endringar vedrørande utvalet og estimering av utvalet. Hensikta med endringane har vore å få ein betre metode for estimering, samt å lage kvartalsvis statistikk. Det nye utvalet består av ca 3000 føretak, og føretak med høge verdiar i valutaregisteret er alltid med. Det same gjeld føretak som har rapportert store verdiar føregåande år. Skilnaden frå den gamle utvalsplanen er at no vert ein betydeleg større andel av utvalget tilfeldig trekt. Dermed kan ein estimere tenestehandelen til adskilleg fleire føretak enn det som var mogleg tidlegare. Endringane fører dessverre til brot i tidsserien, men vi meinar statistikken vert betre.

NB: Statistikken har og gjennomgått ei metodeomlegging, og tal for næringa utanriks sjøfart vart teke ut av publiseringa for 2010 og fram til og med publiseringa for 1 kv 2013. Tal for 2 kv 2013 er difor ikkje samanliknbare med tidlegare publiseringar. Denne metodeomlegginga inneber og eit skifte i bruk av kilder Sjå elles nasjonalrekneskapet sine websider om utanriksrekneskapet http://www.ssb.no/utenriksokonomi/statistikker/ur .

Populasjon 2013
Populasjonen for 2013 til undersøkelsen om utanrikshandel med tenester for ikkje–finansielle føretak tek utgangspunkt i alle føretak inklusiv næringa utanriks sjøfart. Sidan mange føretak ikkje har tenestehandel med utlandet, er det gjort ei begrensning av populasjonen slik at føretak med svært liten eller ingen tenestehandel med utlandet vert fjerna.Føretaka ein då står tilbake med skal tilfredsstille eitt av følgjande fem kriteriar for å kunne inkluderast i denne svært begrensa populasjonen:

  • Total utgåande- eller inngåande transaksjonar over NOK 500 000, eller utgåande transaksjonar for tenesteimport over NOK 50 000 i Valutaregisteret
  • Føretaket er eit FATS-føretak
  • Føretaket har vore med i utvalet i minst 4 år og har hatt tenestehandel
  • Føretak innan bergverksdrift og utvinning som har felles momsnummer med føretak som tilfredsstiller det første kriteriet
  • Føretaket høyrer til næringa utanriks sjøfart og har omsetning over NOK 5 000 000

Når vi fjernar alle føretak som ikkje tilfredsstiller minst eitt av dei fem kriteria står ein tilbake med rundt 33 000 føretak. Frå denne populasjonen er det trekt eit utval på rundt 3 400 føretak. Desse fordelar seg på fullteljing av føretak, rundt 700. Resten av føretaka, rundt 2 700 er trekt enkelt stratifisert. Dei føretaka som er fulltelt høyrer til ei gruppe der ein reknar som svært sikkert at dei har tenestehandel med utlandet. Dei ulike strata er definert ved hjelp av næring, kor viktig næring er for tenestehandel, tal frå valutaregisteret og inndeling etter "FATS/ikkje-FATS"-føretak.

Populasjon 2012
Med unntak av næringa utanriks sjøfart er populasjonen for 2012 bestemt etter same opplegg som for 2013. Altså brukar ein kun dei fire første kriteria til å redusere populasjonen kraftig til føretak som har mykje høgare sannsynlegheit for å ha tenestehandel. For næringa utanriks sjøfart er populasjonen begrensa til føretak med omsetning over NOK 5 000 000.

Estimering i 2013
Tenestehandelen vert estimert med ei stratifisert enkel oppblåsing for heile utvalet. Det betyr at innan kvart stratum vert utvalet blåst opp til stratumtotal ved å multiplisere gjennomsnittlig rapportert tenestehandel med antal føretak i stratumet. 

Estimering i 2012
For utvalet unntatt for utanriks sjøfart vert det brukt same enkle oppblåsing i 2012 som i 2013. For næringa utanriks sjøfart vert det brukt ein stratifisert rateestimator der ein brukar føretaka si omsetning som forklaringsvariabel. Det betyr at innan kvart stratum vert utvalet blåst opp til stratumtotal ved først å berekne forholdet mellom summert tenestehandel og summert omsetning i utvalet, deretter multipliserast dette forholdet med den totale omsetninga i heile stratumet. Utvalet for utanriks sjøfart på rundt 300 føretak, består av både føretak som er fulltelt og føretak som er trekt stratifisert enkelt tilfeldig. Årsaka til å ha med fulltelljingar er at vi skal sikre at ein del av føretaka med stor tenestehandel kjem med i utvalet. Dei ulike strata er definert ved hjelp av næring og omsetning.

Populasjon 2016
Delen av utvalet som er tilfeldig trekt er redusert med vel 20 prosent for å imøtekome kravet om redusert rapporteringsbyrde for mellomstore og mindre føretak. Dette inneber at det totale utvalet no er på vel 3 000 føretak (2 690 i 2. kvartal 2016).

Populasjonen omfatter følgande sektorar i institusjonell sektorgruppering:

  • 1110 - Statens forretningsdrift
  • 1120 - Statleg eide føretak
  • 1510 - Kommunal forretningsdrift
  • 1520 - Sjøvstendige kommuneføretak
  • 2100 - Private føretak med begrensa ansvar
  • 2300 - Personlege føretak
  • 2500 - Private produsentorienterte organisasjonar utan profittføremål
  • 8200 - Personlege næringsdrivande
  • 4900 - Øvrige finansielle føretak utanom forsikring - kun enkelte undegrupper

Inga endring i estimeringsprosedyrane

Sesongjustering

Ikkje relevant.

Konfidensialitet

Tal vert ikkje offentleggjort dersom dette medfører fare for identifisering, det vil seie at talet kan førast tilbake til oppgåvegjevar. I praksis tyder dette at det må vere minst 3 oppgåvegjevarar bak eit publisert tal.

Samanlikningar over tid og stad

Denne statistikken er ny og har teke over for valutastatistikken frå Noregs Bank, som vart nedlagd ved utgangen av 2004. Desse to kjeldane kan ikkje samanliknast.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Opplysningane som skal innrapporterast omfattar delar av den einskilde rapportør sine postar i rekneskapet, det vil seie dei delane av postane som omfattar tenestehandel med utlandet. Tolkinga av kva som er kjøp og sal mellom norsk føretak og utlandet kan variere noko mellom dei ulike oppgåvegjevarane, og kan dermed føre til manglar i statistikken. Det kan førekome feil eller manglar i sjølve innrapporteringa. Dei vanlegaste feila er mellom anna at rapportørane si føring av dei einskilde postane kan avvike frå Statistisk sentralbyrå sin spesifikasjon, dels at skilje mellom norsk og utanlandsk eining kan vere uklårt.

Fleire av føretaka som rapporterar driv prosjektrelatert verksemd, noko som kan føre til at statistikken vert påverka når store prosjekt vert avslutta, eller vert oppretta.

Kvaliteten på statistikken vert påverka negativt av manglande innrapporteringar (fråfall). For å redusere omfanget av fråfallsfeil, vert det utført maskinell berekning av data for einingar som ikkje har rapportert innan fristen for å vere med i statistikkgrunnlaget. Det same vert gjort i tilfelle det er mangelfullt utfylte oppgåver frå rapportørane (partielt fråfall).

Utvalsfeilen målar det forventa avviket mellom utvalet sitt resultat, og kva ein ville fått dersom heile populasjonen vart undersøkt. For å sikre høg grad av relevans til lågast mogleg kostnad, vert det lagt stor vekt på å dekkje føretak som har stor handel med utlandet, enten eksport eller import. Hittil er det ikkje utført berekningar av utvalsfeilen for undersøkinga.

Ein føresetnad for trekking av utval er at populasjonen omfattar alle føretaka som har kjøp og sal av tenester med utlandet. Det finst inga slik samla oversikt over føretak som har slik handel, og i praksis er det difor vanskeleg å fange opp alle relevante einingar.

Revisjon

Utanrikshandel med tenester publiserar foreløpige tal kvartalsvis. Kontrollarbeidet pågår imidlertid vidare fem kvartal fram i tid, då endelege tal vert publisert. Korreksjonar i data gjer at kvartalstala kan endras fram til publisering av dei endelege tala. Forskjellen mellom foreløpege tal ved frigjeving av kvartalsstatistikken og endelege tal er normalt små på totalnivå. På detaljert nivå og for enkeltkvartal kan revisjonane ha større innverknad, relativt sett.

Kontakt

Error occured rendering window "Statistikkside - faktaside inngang" (key 209) while handling request to site path: /0/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal?id=2984

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB