96470
statistikk
2013-05-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterOffentlig sektor, Skatteregnskap, Svalbard, Offentlig sektor
true

Skatterekneskapapril 2013

Innhald

Stor auke i oljeskattane

Ved utgangen av april var det betalt inn 317,1 milliardar kroner i skattar til stats- og kommuneforvaltninga. Dette er ein auke på 19,6 milliardar, eller 6,6 prosent, jamført med same perioden i fjor. Den høge veksten kjem av ein auke i skatteinntektene frå petroleumsverksemda.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i år Prosentvis endring fra fjoråret
April 2012 April 2013 April 2012 April 2013
I alt 297 505 317 076 10,2 6,6
Ordinær skatt til staten 11 381 11 110 56,0 -2,4
Ordinær skatt på oljeutvinning 27 713 31 396 24,8 13,3
Særskatt på oljeutvinning 45 406 52 730 24,7 16,1
Fellesskatt til staten 90 565 90 968 2,5 0,4
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo) 7 717 8 248 5,9 6,9
Ordinær skatt til primærkommunen 36 185 38 992 2,0 7,8
Medlemsavgift til folketrygda 31 621 33 191 8,0 5,0
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda 46 333 50 378 6,7 8,7
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar 584 62 152,8 -89,4
Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-april frå 2011 til 2012 og frå 2012 til 2013
Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-april frå 2011 til 2012 og frå 2012 til 2013

Ved utgangen av april hadde det kome inn 84,1 milliardar kroner i oljeskattar. 31,4 milliardar kroner kom frå ordinær skatt på olje og 52,7 milliardar frå særskatt. Ordinær skatt på petroleumsinntekter og særskatt voks med høvesvis 13,3 og 16,1 prosent frå i fjor. Samanlikna med same perioden i fjor auka skatteinntektene frå petroleumsverksemda med 15,1 prosent, eller 11 milliardar kroner. Det har vore store svingingar i skatteinnbetalingane frå petroleumsverksemda dei fire fyrste månadene. Til dømes blei det for februar rapportert ein reduksjon på 3,4 prosent, eller 1,2 milliardar kroner. Dei store svingingane kjem av endringar i terminskatten for 2012. Selskapa kan søke om endring i fastsett terminskatt med verknad for 4. – 6. termin. Samanlikna med terminskatten for 2011 er terminskatten for 2012 sett ned med om lag 0,65 milliardar kroner meir per termin. Sett under eitt vil terminskatten for 4. – 6. termin vere lågare enn i fjor. På grunn av høg innbetaling 5. termin, altså no i april, blir det venta låg innbetaling 6. termin, i juni. Svingingane har si årsak i endra betalingsmønster.

5,2 prosent mindre frå dei upersonlege skattytarane eksklusiv petroleumsverksemda

Dei personlege skattytarane auka sine skatteinnbetalingar med 6,9 prosent frå i fjor. Totalt har desse bidrege med 178,8 milliardar kroner til dei ulike skattekreditorane. Dei upersonlege skattytarane eksklusiv petroleumsverksemda har bidrege med 53,8 milliardar kroner hittil i år, ein nedgang på 5,2 prosent frå 2012. Fellesskatt til staten blei redusert med 4,1 prosent, eller om lag 2,1 milliardar kroner, blant dei upersonlege skattytarane. Staten har totalt motteke 102,1 milliardar kroner hittil i år frå dei personlege og dei upersonlege skattytarane. Dette er berre 132 millionar kroner, eller 0,1 prosent, meir enn i april i fjor.

Tilbakemelding

Fann du det du leita etter?

Ver venleg å bruke kontaktsida vår om du har spørsmål om statistikk