92895
statistikk
2013-03-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterOffentlig sektor, Skatteregnskap, Svalbard, Offentlig sektor
true

Skatterekneskapfebruar 2013

Innhald

Lågare skatteinnbetalingar frå oljenæringa

Ved utgangen av februar var det betalt 144,6 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er ein auke på 2,2 prosent, eller 3,1 milliardar kroner, sett i høve til fjoråret. Den låge veksten kjem av ein reduksjon i skatteinntektene frå petroleumsverksemda.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i år Prosentvis endring fra fjoråret
Februar 2012 Februar 2013 Februar 2012 Februar 2013
I alt 141 507 144 625 10,0 2,2
Ordinær skatt til staten 5 398 5 066 33,5 -6,2
Ordinær skatt på oljeutvinning 13 923 13 248 27,6 -4,8
Særskatt på oljeutvinning 22 818 22 250 27,6 -2,5
Fellesskatt til staten 42 424 43 103 3,9 1,6
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo) 3 272 3 492 3,4 6,7
Ordinær skatt til primærkommunen 15 170 16 546 -6,3 9,1
Medlemsavgift til folketrygda 13 511 14 085 10,3 4,2
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda 24 460 26 799 5,7 9,6
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar 531 36 169,5 -93,2
Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-februar frå
Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-februar frå

35,5 milliardar kroner har kome frå petroleumsverksemda hittil i år. Det er ein reduksjon på 3,4 prosent, eller 1,2 milliardar kroner, jamført med i fjor. 22,3 milliardar kroner kom frå særskatt på oljeinntekter og 13,2 milliardar kom frå ordinær skatt på olje. Desse to kategoriane fall såleis med høvesvis 2,5 prosent og 4,8 prosent frå i fjor. Lågare skatteinnbetalingar frå oljenæringa no i 2013 kommer av endringar i terminskatten for 2012.

Skatteinntektene auka med 4,4 milliardar kroner frå i fjor

Frårekna kontinentalsokkelen har skatteinntektene auka med 4,4 milliardar kroner, eller 4,2 prosent, jamført med i fjor. Dei totale skatteinntektene utanom kontinentalsokkelen utgjorde dermed 109,1 milliardar kroner. 48,2 milliardar kroner blei betalt til statsforvaltninga i form av fellesskatt til staten i tillegg til skatt på inntekt og formue. 40,9 milliardar blei betalt til folketrygda, og 20 milliardar blei betalt til kommuneforvaltninga. Det er kommuneforvaltninga og folketrygda som har vakse mest, med høvesvis 8,7 prosent og 7,7 prosent. Statsforvaltninga fekk 0,7 prosent meir ved utgangen av februar i år, jamført med same periode i fjor.

Meir innbetalt av personlege skattytarar

Skatteinnbetalingane frå personlege skattytarar auka med 6,7 prosent, til 81 milliardar kroner, frå i fjor. Om vi utelet skatteinnbetalingane frå kontinentalsokkelen, ser vi at upersonlege skattytarar bidreg med 27,9 milliardar kroner, ein nedgang på 2,6 prosent samanlikna med same periode i fjor. Dette kjem av lågare skatteinnbetalingar til staten frå både skatt på inntekt og formue, og fellesskatt.

Tilbakemelding

Fann du det du leita etter?