Statistisk sentralbyrå bruker kopi av Folkeregisteret frå 01.01. kvart år som grunnlag for namnestatistikken.
Mange ønskjer å vite om dei er dei einaste som har eit bestemt namn. Statistisk sentralbyrå kan ikkje opplyse om dette på grunn av personvernet.
Avgrensinga er slik:
Det er mogleg å søkje på kombinasjonar av to fornamn, men det er ikkje mogleg å søkje på kombinasjonar av fleire etternamn, (til dømes von ... ).
Ein del namn inneheld bokstavar som ikkje er med i det norske alfabetet. Behandlinga av desse er ikkje konsekvent i personregisteret. Tidlegare blei alle slike teikn "omsett". No er det mogleg å få med ein del av dei. Resultatet blir eit stort rot. Til dømes av i alt
5449 ANDRE er
1831 ANDRÉ
72 ANDRÈ
og
13 ANDRE'
Dette blir galt same kva. Vi har valt å slå saman variantane, sjølv om enkelte tilfelle blir feil, antakeleg mest når det gjeld etternamn.
Kodingen er slik:
É med E
È med E
Ô med O
' med blank
Ä med Æ
Ü med Y
Ö med Ø