286929
/utenriksokonomi/statistikker/laks/uke
286929
statistikk
2017-06-28T08:00:00.000Z
Utenriksøkonomi;Jord, skog, jakt og fiskeri
no
laks, Eksport av laks, oppdrettslaks, laksepris, eksportmengde, fersk/kjølt laks, frosen laksUtenrikshandel, Akvakultur , Jord, skog, jakt og fiskeri, Utenriksøkonomi
true

Eksport av laks

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

68,96

eksportpris for fersk laks i kroner per kilo i veke 25.

Eksport av oppalen laks. Veketal1
Uke 25 2017Endring i prosent
Uke 24 2017 - Uke 25 2017Uke 25 2016 - Uke 25 2017
1Utvalde vareummer for fersk laks 03.02.1411 og 03.02.1419 og for frosen laks 03.03.1311 og 03.03.1319.
Kilopris (kr)
Fersk eller kjølt laks68,961,62,3
Frosen laks68,79-0,910,3
Kvantum (tonn)
Fersk eller kjølt laks13 7240,3-0,9
Frosen laks43425,871,5

Om statistikken

Vekestatistikk som viser gjennomsnittleg eksportpris samt eksportvolum av fersk og fryst oppdrettslaks.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Fersk eller kjølt oppalen laks
Gruppering av utvalde varenummer frå norsk tolltariffnomenklatur. Frå 1995-2011 varenummera 03.02.1201 og 03.02.1202. Frå 2012 varenummera 03.02.1411 og 03.02.1419.

Detaljerte opplysningar om varenummer og endringar i tolltariffnomenklaturen finnast i Statistisk varefortegnelse for utenrikshandelen .    

Fryst oppalen laks
Gruppering av utvalde varer frå norsk tolltariffnomenklatur: Frå 1995-2011 varenummera 03.03.2201 og 03.03.2202. Frå 2012 varenummera 03.03.1311 og 03.03.1319.

Kilopris

Gjennomsnittleg eksportpris per veke.

Verdi
Statistisk verdi er verdien ved passering av norsk grense inklusive kostnadane i samanheng med å transportere varen dit, også kalla FOB-verdi (Free On Board). Toll, meirverdi- og andre avgifter inngår ikkje i den statistiske verdien.

Mengde
Nettovekt i tonn, eventuell is medrekna.

Standard klassifikasjonar

Ingen standard varegruppering, men utvalde varenummer frå norsk tolltariffnomenklatur som byggar på den internasjonale toll- og statistikknomenklaturen, det Harmoniserte system. 

Opplysningar finnast i Statistisk varefortegnelse for utenrikshandelen    


 

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Eksport av laks
Emne: Utenriksøkonomi

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for utenrikshandel

Regionalt nivå

Berre på nasjonalt nivå.

Kor ofte og aktualitet

Vekestatistikken blir publisert kvar onsdag kl. 08:00, men tidspunktet blir endra i veker der høgtider og offentlege fridagar fell i starten av veka. Kalenderen gjer opplysningar om tidspunkt for publisering. Tala er endelege.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Rådata og editerte mikrodata er lagra i samsvar med SSB sin standard for arkivering av filar (DataDok).

Bakgrunn

Føremål og historie

Følgje kvantum og pris i eksporten av oppalen laks.
Veketal for eksporten av laks vart fyrste gongen kunngjorde i 1995, veke 33.

Brukarar og bruksområde

Fiskeri- og havbruksnæringa, overvaking av kvantum og prisar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 10.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei  viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling  av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Datagrunnlaget i vekestatistikken blir innarbeidt i førebels og endeleg månadsstatistikk for utanrikshandelen med varer, http://www.ssb.no/muh/ . I denne samanheng vil det kunne førekoma ytterlegare rettingar i data.

Lovheimel

Statistikklova, §§ 2-1, 2-2 og 3-2.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Tolldeklarerte vareparti under 1 000 kroner og visse type varebevegelsar (etter FN sine anbefalingar i International Merchandise Trade Statistics: Consept and Definitions 2010), holdast utanom statistikken.

 

Datakjelder og utval

Statistikken baserar seg på administrative oppgåver innhenta frå TVINN (TollVesenets Informasjonssystem med Næringslivet), som er eit elektronisk system for utveksling av tolldeklarasjonar mellom næringslivet og det norske tollvesenet.

Datainnsamling, editering og beregninger

Data frå tollvesenets TVINN-register blir overførde elektronisk til Statistisk sentralbyrå seks dagar i veka.

Opplysningar frå tolldeklarasjonar gjennomgår statistikkontrollar i Tollvesenets deklareringssystem (TVINN). Kontrollar over berekna pris, mengde og land er fastlagt av Tollvesenet i samråd med SSB.

I SSB utføres kontrollar for ekstreme verdiar og logiske feil.

 

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Det blir tatt omsyn til endringar i tolltariffnomenklaturen som gjeld oppdelingar av dei aktuelle vareslaga. For meir informasjon sjå avsnittet Omgrep-definisjoner av viktige begrep og variabler.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Innsamlingsfeil kan skuldast mistydingar ved tolldeklareringa. Mogelege feil kan til dømes være bruk av urett varenummer (feilklassifisering) eller statistisk verdi som inneheld kostnader som ikkje skal medreknast.

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Error occured rendering window "Statistikkside - faktaside inngang" (key 209) while handling request to site path: /0/utenriksokonomi/statistikker/laks?id=2799

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB