Sjøfiske etter laks og sjøaure
Årleg. Tala blir publiserte i november same året som fisket går føre seg.
Kommunetal, fylkestal og tal for heile landet.
430 - Seksjon for primærnæringsstatistikk
•Statistikkloven §§2-1, 3-2 (adm. edb-systemer)
Ikkje relevant.
Direktoratet for naturforvaltning rapporterer til NASCO (North atlantic salmon conservation organization).
Statistikken representerer ein tidsserie frå 1876 og er eit sentralt element i det nasjonale og internasjonale overvakings- og forvaltningsarbeidet med anadrome laksefisk.
Fangststatistikk er ei viktig informasjonskjelde for naturforvaltning, presse, interesseorganisasjonar og andre aktørar. Forskingsmiljø nyttar statistikken til mellom anna å vurdere bestandsutvikling og til å gjere utrekningar av den samfunnsøkonomiske nytta av laksefiske.
Noreg har også forplikta seg til årleg å rapportere fangststatistikk til NASCO (North atlantic salmon conservation organization).
Statistikken skal gjelde all fangst av laks og sjøaure teke med kilenot eller krokgarn innafor fiskerigrensa i ordinær sesong. I utvida sesong kan ein i tillegg fiske med setjegarn.
Fiske i ordinær sesong: Hovudsaklig villfisk, men med innslag av rømt oppdrettsfisk.
Fiske i utvida sesong: Hovudsaklig rømt oppdrettsfisk, men med innslag av villfisk.
Fangstdagbøker frå fiskarane.
Ikkje relevant.
Statistikken byggjer på fangstdagbøker frå fiskarane. Alle som skal fiske, må først bli registrerte i Sjøfangstregisteret (fylkesmennenes nettstad for registrering av sjølaksefiskarar og fiskeplassar). Fylkesmennenes miljøvernavdelingar får blanke fangstdagbøker frå Direktoratet for naturforvaltning som dei sender ut til dei som står i sjølaksefiskarregisteret. Etter at fiskesesongen er slutt, skal bøkene sendast til Statistisk sentralbyrå i utfylt stand. Fiskarar som fisker i ordinær sesong og ikkje har sendt inn bok, blir purra etter det oppdaterte registeret som SSB hentar frå Sjøfangstregisteret. Fiskarar frå det utvida fisket blir ikkje purra for manglande rapportering.
Data blir overførte frå fangstdagbøkene til elektronisk form. For å identifisere feilføring og feiltasting er det lagt inn maskinelle kontrollar. På dette grunnlaget blir det gjort opprettingar for logiske feil og uriktige oppgåver. Mangelfulle og feilaktige opplysningar gjer at ein av og til må bruke skjønn ved oppretting.
Ikkje relevant.
Tal for kommunar med færre enn 3 oppgåvegivarar prikkast ut.
Anadrom: Uttrykk for dyr som regelmessig går frå havet og opp i elvene for å forplante seg.
Vekt: Vekta av fisken gjeld kilo rund fisk.
Ordinær sesong: Perioden frå og med 1. juni til og med 4. august.
Utvida sesong: Fiske retta mot rømt oppdrettsfisk i perioden frå og med 5. august til og med 28. februar.
Før 1993 er talet på laks og vekta av laksen spesifisert for gruppene laks under 3 kg og laks 3 kg og over. Frå og med 1993 er laksen fordelt etter desse gruppene: Laks under 3 kg, laks mellom 3 og 6,9 kg og laks 7 kg og over.
Oppgåvene som blir sendt inn, kan vere av vekslande kvalitet. På grunn av mangelfulle og feilaktige opplysningar, må ein av og til bruke skjønn ved oppretting.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Frå og med 1989 blei drivgarnfiske forbode.
Frå og med 1993 blei det ny organisering av datainnsamlinga. Tidlegare samla laksestyra inn oppgåver og sende oss data for kommunar. Frå og med 1993 får vi fangstdagbøker direkte frå fiskarane. Trass i dei nemnde måle- og handsamingsfeila, reknar ein med at statistikken gir eit tilnærma rett bilete av utviklinga i fisket etter laks og sjøaure frå år til år. Ny organisering av datainnsamlinga gjer det likevel usikkert om tala for 1993 og seinare kan samanliknast med tal frå tidlegare år.
Frå og med 1997 vart det opna for fiske etter rømt oppdrettsfisk i utvida sesong i fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland og Troms.
Tal for elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye blir presentert i eigne artiklar frå SSB.
Tala blir publiserte i Dagens statistikk og i Statistikkbanken.
Grunnmaterialet blir lagra i Statistisk sentralbyrå. Registerdata og fangstdata ligg i Oracle-tabellar. Endeleg datafil lagrast på UNIX.
2012 © Statistisk sentralbyrå