240803_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
240803
Auka tenestehandel med utlandet
statistikk
2015-12-18T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false
Statistikk over norsk tjenestehandel med Norden, EU og andre regioner. Tallene viser bl.a. hvilke næringsgrupper og tjenester som har høyest importverdi og eksportverdi.

Utanrikshandel med tenester3. kvartal 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka tenestehandel med utlandet

Noregs import og eksport av tenester steig frå 2. til 3. kvartal 2015. Verdien av tenesteimporten var på 56 milliardar, medan eksporten av tenester enda på 58 milliardar kroner i 3. kvartal 2015. Det ga eit handelsoverskot på 2 milliarder kroner.

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Millioner kroner
3. kvartal 2015Endring i prosent
2. kvartal 2015 - 3. kvartal 20153. kvartal 2014 - 3. kvartal 2015
Eksport57 6363,22,7
Import56 0462,43,8

Frå 2. til 3. kvartal 2015 gjekk importen av tenester levert til norske ikkje-finansielle føretak, inkludert næringa utanriks sjøfart, opp med 2,4 prosent. Verdien av denne auka importen utgjorde om lag 1 milliard kroner. Samanlikna med det same kvartalet i 2014 auka tenesteimporten med omlag 2 milliardar kroner.

Eksporten av tenester kom opp i 58 milliardar kroner i 3. kvartal 2015, ei auke på om lag 2 milliardar kroner frå 2. kvartal 2015. Samanlikna med det same kvartalet i 2014 auka tenesteeksporten med 2,7 prosent eller i underkant av 2 milliard kroner.

Balansen for tenestehandelen i 3. kvartal 2015 enda med eit overskot på 2 milliardar kroner.

Sjøtransporttenester dominerar framleis tenesteeksporten

Sjøfartstenester utgjer meir enn ein tredel av Noregs tenesteeksport. I 3. kvartal 2015 vart det eksportert sjøfartstenester for om lag 22 milliardar kroner, som utgjorde 37,3 prosent av den totale tenesteeksporten. Samanlikna med 2. kvartal 2015 er det ein oppgong i eksportverdi på 149 millionar kroner. Eksport av forretnings-, profesjons- og tekniske tenester gjekk opp 3,1 prosent og enda på i underkant av 10 milliardar kroner i 3. kvartal. I verdi tilsvarar dette ein oppgang på om lag 288 millionar kroner.

I 3. kvartal var tenester knytte til petroleumsverksemd framleis Noregs største importgruppe. Importverdien av petroleumstenestene var om lag 11 milliardar kroner, som er 4,8 prosent mindre enn i det føregåande kvartalet. Kjøp av desse tenestene frå utlandet stod for 18,8 prosent av den totale tenesteimporten. Importen av forretnings-, profesjons- og tekniske tenester viste ein oppgang frå 2. til 3. kvartal på 3,2 prosent. Det svarar til ein oppgang i verdi på 312 millionar.

Transport og lagring største eksportnæring

Til liks med føregåande kvartal dominerar næringa transport og lagring med heile 49,8 prosent av den totale tenesteeksporten i 3. kvartal 2015. Transport og lagring gjekk opp 4,1 prosent samanlikna med 2. kvartal 2015. Føretak innanfor næringa fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting var den nest største næringsgruppa, med ein eksport på om lag 8 milliardar. 

Når det gjeld import av tenester, er det - som i dei føregåande kvartala - særleg næringa bergverksdrift og utvinning som saman med transport og lagring peikar seg ut. Føretaka innanfor bergverksdrift og utvinning står for 25,7 prosent, og næringa transport og lagring for 28,3 prosent av den totale tenesteimporten. I verdi tilsvarar dette høvesvis om lag 14 og 16 milliardar.

Samhandelen med Europa viktig

Eksporten til europeiske land stod for 53,8 prosent av tenestehandelen i 3. kvartal 2015 tilsvarande omlag 31 millardar kroner. EU utanom Norden er største marknad for tenesteeksporten, med omkring 20 milliardar, eller 34,9 prosent av total tenesteeksport. Handelen med nordiske land utgjorde 14,2 prosent. Tenesteeksporten til Asia og Sentral- og Nord-Amerika ligg på henholdsvis 18,8 prosent og 14,6 prosent.

Norske ikkje-finansielle føretak fekk 46,2 prosent av sine importerte tenester frå EU utanom Norden i 3. kvartal 2015, dette tilsvarar om lag 26 milliardar kroner. Nordiske land sto bak 21,7 prosent av den norske importen, og land frå Sentral- og Nord-Amerika sto bak 12,8 prosent medan asiatiske land sto bak 11,8 prosent av den norske tenesteimporten i 3. kvartal 2015.