222541_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
222541
Oppgang i tenesteeksporten til utlandet
statistikk
2015-09-18T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false
Statistikk over norsk tjenestehandel med Norden, EU og andre regioner. Tallene viser bl.a. hvilke næringsgrupper og tjenester som har høyest importverdi og eksportverdi.

Utanrikshandel med tenester2. kvartal 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Oppgang i tenesteeksporten til utlandet

Noregs eksport av tenester steig frå 1. til 2. kvartal 2015. Tenesteeksporten enda på 58 milliardar kroner, medan det blei importert tenester for 56 milliardar. Det ga eit handelsoverskot på knappe 2 milliardar.

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Millioner kroner
2. kvartal 2015Endring i prosent
1. kvartal 2015 - 2. kvartal 20152. kvartal 2014 - 2. kvartal 2015
Eksport57 5033,18,0
Import55 8191,210,0

Frå 1. til 2. kvartal 2015 gjekk eksporten av tenester leverte av ikkje-finansielle føretak, inkludert næringa utanriks sjøfart, opp med 3,1 prosent. Verdien av denne auka eksporten utgjorde i underkant av 2 milliardar kroner. Samanlikna med det same kvartalet i 2014 auka tenesteeksporten med omlag 4 milliardar kroner.

Importen av tenester kom opp i 56 milliardar kroner i 2. kvartal 2015. Tenesteimporten steig dermed om lag 1 milliard kroner, eller 1,2 prosent, frå kvartalet før. Samanlikna med same kvartal føregåande år auka tenesteimporten med om lag 5 milliardar kroner. På bakgrunn av ny informasjon vart importen av tenester nedjustert i 1. kvartal 2015 med om lag 2 milliardar eller 3,5 prosent når ein samanliknar med dei allereie publiserte tala for 1. kvartal 2015.

Balansen for tenestehandelen i 2. kvartal 2015 enda med eit overskot på knappe 2 milliardar kroner.

Meir eksport av sjøtransporttenester

Sjøfartstenester utgjer meir enn ein tredel av Noregs tenesteeksport. I 2. kvartal 2015 vart det eksportert sjøfartstenester for om lag 21 milliardar kroner, som utgjorde 37,2 prosent av den totale tenesteeksporten. Eksport av forretnings-, profesjons- og tekniske tenester enda på i underkant av 10 milliardar kroner, og gjekk ned 11,3 prosent samanlikna med føregåande kvartal. I verdi tilsvarar dette ein nedgang på om lag 1 milliard kroner.

Tenester knytte til petroleumsverksemd er òg i 2. kvartal Noregs største importgruppe. Importverdien av petroleumstenestene var om lag 11 milliardar kroner, som er 4,5 prosent meir enn i det føregåande kvartalet. Kjøp av desse tenestene frå utlandet stod for 19,2 prosent av den totale tenesteimporten. Importen av forretnings-, profesjons- og tekniske tenester viste ein nedgang frå 1. til 2. kvartal på 10,7 prosent. Det svarar til ein nedgang i verdi på vel 1 milliard.

Transport og lagring største eksportnæring

Til liks med føregåande kvartal dominerar næringa transport og lagring med heile 47,7 prosent av den totale tenesteeksporten i 2. kvartal 2015; opp 0,1 prosent samanlikna med 1. kvartal 2015. Føretak innanfor næringa fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting var den nest største næringsgruppa, med ein eksport på om lag 8 milliardar.

Når det gjeld import av tenester, er det - som i dei føregåande kvartala - særleg næringa bergverksdrift og utvinning som saman med transport og lagring peikar seg ut. Føretaka innanfor bergverksdrift og utvinning står for 25,8 prosent, og næringa transport og lagring for 27,7 prosent av den totale tenesteimporten. I verdi tilsvarar dette høvesvis om lag 14 og 15 milliardar.

Samhandelen med Europa viktig

Eksporten til europeiske land stod for 52,7 prosent av tenestehandelen i 2. kvartal 2015, tilsvarande omlag 30 millardar kroner. Handelen med nordiske land utgjorde 12,6 prosent, og EU utanom Norden mottok tenester for 21 milliardar kroner, tilsvarande 36 prosent. Tenesteeksporten til Asia og Sentral- og Nord-Amerika ligg på henholdsvis 16,1 prosent og 14,9 prosent.

Norske ikkje-finansielle føretak fekk 39,7 prosent av sine importerte tenester frå EU utanom Norden i 2. kvartal 2015. Dette tilsvarar om lag 22 milliardar kroner. Nordiske land sto bak 21,6 prosent av den norske importen, og land frå Sentral- og Nord-Amerika sto bak 14 prosent medan asiatiske land sto bak 14,1 prosent av den norske tenesteimporten i 2. kvartal 2015.