191985_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
191985
Auke i importen av tenester
statistikk
2014-12-17T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false

Utanrikshandel med tenester3. kvartal 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i importen av tenester

Det vart importert tenester for nærare 55 milliardar kroner i 3. kvartal 2014. Dette er ein auke frå 2. kvartal 2014 på 8,8 prosent og 9,1 prosent høgare enn i same kvartal året før. Underskotet på balansen for tenestehandelen vart drygt 2 milliardar kroner i 3. kvartal 2014.

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Millioner kroner
3. kvartal 2014Endring i prosent
2. kvartal 2014 - 3. kvartal 20143. kvartal 2013 - 3. kvartal 2014
Eksport52 311-0,65,4
Import54 6388,89,1

I 3. kvartal 2014 eksporterte ikkje-finansielle føretak, inkludert næringa utanriks sjøfart, tenester for over 52 milliardar kroner. Eksporten auka med 5,4 prosent samanlikna med 3. kvartal 2013, men synte ein knapp nedgang på 0,6 prosent frå 2. kvartal 2014. Underskotet på balansen for tenestehandelen var det største sidan 3. kvartal 2012.

Størst import av petroleumstenester

I 3. kvartal 2014 vart det importert petroleumstenester for overkant av 12 milliardar kroner, 22,4 prosent av den totale tenesteimporten. Importen av forretnings-, profesjons- og tekniske tenester auka med nesten 3 milliardar kroner frå førre kvartal, og enda på 11 milliardar kroner.

Tenester knytte til sjøtransport var Noregs klårt største gruppe for tenesteeksport, med 38,6 prosent av totalen i 3. kvartal. Det vart eksportert sjøtransporttenester for om lag 20 milliardar kroner i 3. kvartal, uendra frå førre kvartal, men ein auke på over 2 milliardar frå 3. kvartal i fjor.

Næringa bergverksdrift og utvinning størst innanfor import

Til liks med 2. kvartal var bergverksdrift og utvinning den største næringa i 3. kvartal innanfor import. Det vart importert for om lag 14 milliardar kroner innanfor denne næringa, og ho stod for 26 prosent av tenesteimporten. Næringa transport og lagring stod for 24,4 prosent. Den tredje største næringa var fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting, som auka med 40,4 prosent frå 3. kvartal i fjor, og enda på godt over 5 milliardar kroner.

Innanfor eksport av tenester er framleis transport og lagring størst, med 50,6 prosent av den totale tenesteeksporten i 3. kvartal 2014. Dette svarar til over 26 milliardar kroner, ein auke på 16,4 prosent frå 3. kvartal 2013, og 2 prosent frå førre kvartal. Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting var nest største eksportnæring. Denne næringa auka med 5,9 prosent frå same kvartal i fjor, og var på over 7 milliardar i 3. kvartal 2014.

Auka import frå Norden

Noregs tenesteimport frå Norden auka i perioden 3. kvartal 2013-3. kvartal 2014 med dryge 3 milliardar kroner, og stod for 25,5 prosent av tenesteimporten. I verdi svarar dette til knapt 14 milliardar kroner. Tenesteimporten frå EU utanom Norden gjekk opp i same periode, frå over 20 milliardar kroner 3. kvartal 2013 til om lag 23 milliardar kroner i 3. kvartal 2014.

EU utanom Norden var største marknad for tenesteeksporten, med omkring 16 milliardar kroner i 3. kvartal. Det svarar til 30,7 prosent av total tenesteeksport. I 3. kvartal var det større tenesteeksport til Asia enn til Norden, 9 milliardar mot drygt 7 milliardar kroner. Totalt 17,5 prosent av Noregs tenesteeksport går til Asia.

Landgrupperingar i StatistikkbankenÅpne og lesLukk

Bakgrunn for Figur 1 – utanrikshandel med tenester, etter verdsdel – er no lagt inn i Statistikkbanken. Informasjonen finst i tabell 10193. Tilbake til 2. kvartal 2012 har det blitt nytta andre kjelder for å omfordele uspesifisert landfordeling i rapporteringa, same omfordeling er ikkje blitt gjort for 1. kvartal 2012, og dermed er andelen uspesifisert relativt sett større for denne perioden.