90632_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
90632
Framleis vekst i tenesteimporten
statistikk
2012-12-12T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false

Utanrikshandel med tenester3. kvartal 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis vekst i tenesteimporten

Ikkje-finansielle føretak importerte tenester for 42 milliardar kroner i 3. kvartal 2012. Dette er ein auke på 5,5 milliardar kroner, eller 15 prosent, frå føregåande kvartal.

Utanrikshandel med tenester, etter verdsdel. Prosent

Hittil i år har norske ikkje-finansielle føretak, eksklusive næringa utanriks sjøfart, importert tenester for 111 milliardar kroner.

Tenesteeksporten til utlandet i 3. kvartal var på 29 milliardar, ein auke på om lag 3 prosent frå same kvartalet føregåande år. Tala syner ei jamn utvikling innanfor eksport. Samla sett eksporterte norske ikkje-finansielle føretak, eksklusive næringa utanriks sjøfart, tenester for 87 milliardar kroner dei tre første kvartala i 2012. Underskotet på tenestebalansen var dermed på 12,3 milliardar kroner.

Tenester knytte til transport og reiseverksemd auka mest

Det var spesielt tenestetypen transport og reiseverksemd som auka mest i 3. kvartal. Importen av desse tenestene gjekk opp frå 2,2 milliardar i 2. kvartal til 4,2 milliardar i 3. kvartal. Som i dei to føregåande kvartala vart importen dominert av petroleumstenester med ein verdi på 9,8 milliardar og forretnings-, profesjons og tekniske tenester med 8,2 milliardar. Desse tenestetypane stod for 43,5 prosent av importen i 3. kvartal.

Noregs eksport av tenester til utlandet vert framleis dominert av forretnings-, profesjons- og tekniske tenester, som stod for meir enn 30 prosent av den samla tenesteeksporten. Eksportverdien av desse tenestene var på 9,1 milliardar kroner i 3. kvartal. Petroleumstenester er Noregs nest største eksportgruppe innanfor tenester med 17,6 prosent av den samla tenesteeksporten. Desse tenestene viste ein svak nedgang på vel 2 prosent frå 2. til 3. kvartal 2012.

Utanrikshandel med tenester for 3. kvartal 2012, etter tenestetypar. Millionar kroner
Tenestetypar 2011 3. kvartal 2011 4. kvartal 2011 1. kvartal 2012 2. kvartal 2012 3. kvartal 2012
Tenestebalanse (Eksport-Import) -24 271 -7 622 -9 868 -4 820 -7 075 -12 306
             
Sum eksport  115 328 28 568 33 846 28 688 29 105 29 404
Leigearbeid og reparasjonar 15 201 4 218 4 515 3 242 3 784 3 228
Petroleumstenester 18 987 3 480 5 778 6 281 5 135 5 042
Bygge- og anleggstenester 1 189  452 97  365  356  384
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel 3 575  933 1 012  624  535  795
Jernbane- og landtransporttenester 3 588 1 167  818  853 1 091 1 089
Sjøtransporttenester 4 639 1 123 1 156 1 235 1 262 1 399
Lufttransporttenester 2 675  899  749  736  565  966
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd 6 403 2 245 1 253 1 141 1 382 1 758
Post- og teletenester 7 162 1 896 1 845 1 423 1 152 1 469
Leige av transportmidlar, maskiner og utstyr 1 397  328  456 1 051  872  664
IT-tenester 7 681 1 934 1 602 2 081 2 060 2 007
Forsking og utvikling (FoU) 3 132  625 1 013  497  595  544
Forretnings-, profesjons og tekniske tenester 34 620 8 132 11 892 8 275 9 199 9 114
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport 1 086  237  418  205  211  248
Andre tenester 3 993  899 1 242  679  906  697
             
Sum import  139 599 36 190 43 714 33 508 36 180 41 710
Leigearbeid og reparasjonar 9 927 3 090 3 249 2 318 2 976 2 814
Petroleumstenester 35 028 8 699 11 687 9 395 10 009 9 875
Bygge- og anleggstenester 5 131 1 092 2 295 1 391 1 458 2 430
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel 3 605 1 242  905  971  630 2 167
Jernbane- og landtransporttenester 6 743 1 642 1 972 1 334 1 426 1 573
Sjøtransporttenester 5 939 1 311 1 693 1 342 2 061 1 592
Lufttransporttenester 2 250  604  648  593  582 1 082
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd 12 584 4 097 3 179 2 218 2 193 4 232
Post- og teletenester 6 129 1 463 1 828 1 367 1 623 1 509
Leige av transportmidlar, maskiner og utstyr 2 428  553  751  835  630  939
IT-tenester 8 545 2 091 2 829 2 160 2 076 2 461
Forsking og utvikling (FoU) 2 288  566  807  583  610  665
Forretnings-, profesjons og tekniske tenester 29 661 7 369 9 410 6 766 7 579 8 259
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport 2 881  703  672  715  682  750
Andre tenester 6 459 1 668 1 789 1 520 1 645 1 362
Kilde:  Statistisk sentralbyrå.

Varehandelsnæringa importerte meir i 3. kvartal

Føretak innanfor varehandelen importerte tenester for 4,9 milliardar kroner i 3. kvartal mot 2,3 milliardar kroner i 2. kvartal. Også føretak innanfor transport og lagring auka importen i 3. kvartal, opp 48 prosent frå 2,8 milliardar kroner til 4,1 milliardar kroner. Trass vekst i dei ovannemnde næringane var det som i dei to føregåande kvartala næringa innanfor bergverksdrift og utvinning som var størst, med ein importverdi på over 14 milliardar kroner, som er 33,9 prosent av den samla tenesteimporten. Importen av desse tenestene auka med 30 prosent frå same kvartalet året før.

Det vart også i 3. kvartal i år, som i dei to føregåande kvartala, eksportert mest innanfor næringa fagleg, vitskapleg og tekniske tenester. Denne næringa stod for vel 27 prosent av tenesteeksporten og hadde ein verdi på om lag 8 milliardar kroner.

Utanrikshandel med tenester for 3. kvartal 2012, etter hovudnæringsgrupper. Millionar kroner
Hovudnæringsgrupper 2011 3. kvartal 2011 4. kvartal 2011 1. kvartal 2012 2. kvartal 2012 3. kvartal 2012
Tenestebalanse (Eksport-Import) -24 271 -7 623 -9 867 -4 820 -7 073 -12 308
             
Sum eksport  115 328 28 567 33 846 28 688 29 106 29 403
Bergverksdrift og utvinning 12 678 2 916 3 807 5 601 4 995 4 770
Industri 27 381 6 012 8 679 5 503 5 008 5 377
Bygge- og anleggsverksemd  415  106  122  100  185  227
Varehandel 5 893 1 311 2 059 1 071 1 098 1 226
Transport og lagring 12 208 3 936 2 677 2 645 3 118 2 971
Informasjon og kommunikasjon 18 027 4 089 4 982 4 214 4 090 4 438
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting 27 038 7 048 8 269 7 051 7 829 7 929
Forretningsmessig tenesteyting 7 093 1 848 2 170 2 083 2 177 2 241
Andre næringar 4 597 1 301 1 081  420  606  224
             
Sum import  139 599 36 190 43 713 33 508 36 179 41 711
Bergverksdrift og utvinning 42 501 10 865 13 827 12 862 13 215 14 126
Industri 19 478 4 828 7 134 3 417 4 579 4 588
Bygge- og anleggsverksemd 2 164  561  678  544  541  722
Varehandel 11 999 4 106 3 399 2 461 2 253 4 870
Transport og lagring 13 927 3 202 4 103 3 226 2 751 4 069
Informasjon og kommunikasjon 18 177 4 202 5 239 4 011 4 383 4 150
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting 16 406 4 546 4 866 3 827 4 691 4 246
Forretningsmessig tenesteyting 10 680 2 959 3 168 2 575 3 084 3 844
Andre næringar 4 269  921 1 299  585  682 1 096
Kilde:  Statistisk sentralbyrå.

Størst tenestehandel med EU utanfor Norden

Når det gjeld Noregs eksport og import av tenester, er det framleis EU-land utanfor Norden som vi sel mest til og kjøper mest frå. I 3. kvartal i år gjekk 35 prosent av den samla tenesteeksporten vår til desse landa, noko som tilsvarer verdiar for 10,3 milliardar kroner. Tenesteimporten frå denne regionen stod for 48,6 prosent, eller 20,3 milliardar kroner.

Endring av grupperingar i tabellane

Frå og med 1. kvartal 2012 vart det skilt ut tre nye grupperingar i tabellen for hovudnæringsgrupper: 1) Bygge- og anleggsverksemd

2) Fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting

3) Forretningsmessig tenesteyting.

Dette gjer at tabellen har vorte meir detaljert. Tabellane i tidlegare publiserte artiklar er difor ikkje direkte samanliknbare med tabellane frå og med 1. kvartal 2012.

Omlegging

Statistikken gjennomgår ei metodeomlegging, difor er tal for næringa utanriks sjøfart inntil vidare tekne ut av den kvartalsvise publiseringa for 2012.

Om statistikkgrunnlaget

Frå og med 1. kvartal 2011 vert denne statistikken publisert kvartalsvis.

Denne publiseringa brukar SN 2007 som standard for næringsgruppering. Det vil føre til nokre endringar i næringsplasseringa av visse føretak samanlikna med tidligare publiseringar, som var baserte på SN 2002.

Statistikken over utanrikshandel med tenester inngår som ein del av datagrunnlaget til utanriksrekneskapen for Noreg. Statistikken omfattar ikkje tal for finansiell sektor, private hushald, ideelle organisasjonar ei heller kommunal og statleg forvaltning. Tala som kjem fram i denne statistikken, er ikkje direkte samanliknbare med tal frå utanriksrekneskapen. Sjå menyvalet Om statistikken.

Statistikken vart etablert i 2005 på bakgrunn av at Noregs Bank la ned valutastatistikken, som utgjorde ein vesentleg del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen. Det vert publisert tal for hovudtypar av tenester, samt tal for korleis ulike hovudnæringsgrupper opptrer med omsyn til tenestehandel med utlandet. Det vert òg gjeve eit oversyn over tenestehandel fordelt på verdsdelar.