281827
/utenriksokonomi/statistikker/ufats/aar
281827
Flest norske dotterføretak ligg i Europa
statistikk
2017-02-15T08:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
ufats, Norskkontrollerte føretaks aktivitet i utlandet, næringsinndeling (for eksempel industri, byggje- og anleggsverksemd, transport …), omsetting, sysselsetting, landinndeling.Fordringer og gjeld overfor utlandet , Utenriksøkonomi
true
Statistikken gir en oversikt over norsk næringsliv i utlandet. Du finner tall for sysselsetting og omsetning i verdensregioner og enkeltland.

Norskkontrollerte føretaks aktivitet i utlandet

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltall

4 513

norskkontrollerte føretak i utlandet

Norskkontrollerte føretak i utlandet
2015
FøretakOmsetning (mill. kr)Sysselsette
Alle land4 5131 279 956280 275
Europa3 144734 689164 762
Afrika11049 2364 358
Asia636178 78454 993
Nord- og Mellom-Amerika413218 89932 128
Sør-Amerika13581 77520 130
Oseania7516 5723 904

Se flere tabeller om emnet

Tabell 1 
Norskkontrollerte føretak i utlandet, etter næring (SN2007)

Norskkontrollerte føretak i utlandet, etter næring (SN2007)
20142015
FøretakOmsetning (mill. kr)SysselsetteFøretakOmsetning (mill. kr)Sysselsette
Alle næringar4 5011 220 461285 2194 5131 279 956280 275
Jordbruk, skogbruk og fiske4122 2524 9714725 3165 902
Bergverksdrift og utvinning110231 3057 973106188 3835 507
Industri1 144498 433119 6951 126564 926115 674
Elektrisitet, gass, vatn, avløp, renovasjon779 1351 39110811 2221 812
Byggje- og anleggsverksemd10617 3074 69710118 6434 565
Varehandel, reparasjon av motorvogner472141 19823 173494155 72524 707
Transport og lagring48761 47825 35049058 44625 105
Overnattings- og serveringsverksemd15410 1837 9811237 8287 190
Informasjon og kommunikasjon407121 62547 215462131 02146 250
Finansierings- og forsikringsverksemd30341 1587 79727338 5629 357
Omsetning og drift av fast eigedom50114 4782 79345118 5282 910
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting54541 82321 40753449 31520 845
Forretningsmessig tenesteyting1177 1217 0571378 3466 453
Øvrige næringar372 9663 719613 6963 998

Tabell 2 
Norskkontrollerte føretak i utlandet, geografisk fordeling

Norskkontrollerte føretak i utlandet, geografisk fordeling
20142015
FøretakOmsetning (mill. kr)SysselsetteFøretakOmsetning (mill. kr)Sysselsette
1ASEAN: Brunei Darussalam, Indonesia, Kambodsja, Laos, Myanmar/Burma, Malaysia, Filippinene, Singapore, Thailand, Vietnam.
2Finansielle offshore sentra: Andorra, Antigua og Barbuda, Anguilla, De nederlandske Antillene (t.o.m. 2010), Aruba (f.o.m. 2011), Barbados, Bahrain, Bermuda, Bahamas, Belize, Cookøyene, Curaçao (f.o.m. 2011), Dominica, Grenada, Guernsey, Gibraltar, Hong Kong, Isle of Man, Jersey, Jamaica (t.o.m. 2010), Saint Kitts og Nevis, Caymanøyene, Libanon, Saint Lucia, Liechtenstein, Liberia, Marshalløyene, Mauritius (f.o.m. 2011), Montserrat, Maldivene (t.o.m. 2010), Nauru, Niue, Panama, Filippinene, Seychellene (f.o.m. 2011), Singapore, Turks og Caicosøyene, Sint Maarten (Nederlandsk del) (f.o.m. 2011), Saint Vincent og Grenadine, Jomfruøyene (Britisk), Jomfruøyene (US),Vanuatu, Samoa
3Brasil: Detaljerte data for Brasil kun tilgjengelig frå årgang 2013.
Alle land4 5011 220 461285 2194 5131 279 956280 275
 
Verdsdelar
Europa3 208692 992169 2653 144734 689164 762
Afrika10856 2774 32211049 2364 358
Asia609164 80856 696636178 78454 993
Nord- og Mellom-Amerika378214 72431 231413218 89932 128
Sør-Amerika13478 42520 71613581 77520 130
Oseania6413 2342 9897516 5723 904
 
Utvalde landgrupper
EU3 055630 812161 3432 979663 149159 187
Europa unntatt EU og Norden13660 6457 67514870 6685 279
Norden1 470342 39375 0521 427344 77173 253
ASEAN126492 93121 052264105 61119 653
Finansielle offshore sentra222048 5656 87321750 1415 942
 
Utvalde land
Sverige1 000189 92753 091941192 18650 703
Danmark302123 76914 710306121 22215 395
Tyskland29368 80213 72722573 59412 582
Storbritannia22656 46514 61125560 46815 320
USA267175 35021 976294180 38022 991
Brasil38069 70017 4318369 86916 862

Om statistikken

Statistikken gjev ei oversikt over norsk næringsliv i utlandet. Dette gjeld dotterføretak i utlandet som er kontrollerte, direkte eller indirekte over 50 prosent, av eit føretak i Noreg. Ein ser på tal for føretak, sysselsette og omsetning fordelt etter næring og land.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

 

Norskkontrollert føretak

Eit norskkontrollert føretak er definert som eit føretak i utlandet som er kontrollert av eit føretak eller ein annan økonomisk eining i Noreg gjennom ein eigarpart på over 50 prosent.

Føretak

Etter Standard for næringsgruppering (SN2007) er eit føretak definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ein viss grad har sjølvstendig avgjerdsmyndigheit. I statistikken vert ein juridisk eining behandla som eit føretak. Ekesemplar på juridiske einingar er aksjeføretak, ansvarleg føretak og enkeltpersonføretak. Kun aktive føretak, med omsetning eller sysselsatte, er med i populasjonen.

Sysselsetting

Med sysselsette meiner ein summen av eigarar og lønnstakarar som arbeider i føretaket. Personar med meir enn eitt arbeidsforhold kan verte telte med som sysselsette i fleire næringar. Sysselsettingstala viser eit gjennomsnitt av talet på sysselsette i løpet av året.

Omsetning

Omsetning er definert som føretaket sine driftsinntekter fråtrekte offentlege tilskot og gevinst ved sal av anleggsmidlar. Skattar og avgifter er inkluderte, meirverdiavgift er ikkje inkludert.

Standard klassifikasjonar

Næringsgrupperinga er i samsvar med norsk Standard for næringsgruppering (SN 2007) , som byggjer på EUs næringsstandard NACE Rev. 2 og FNs næringsstandard ISIC Rev. 3.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Norskkontrollerte føretaks aktivitet i utlandet
Emne: Utenriksøkonomi

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for finansmarkedsstatistikk

Regionalt nivå

Nasjonalt nivå. Utlandet er landfordelt.

Kor ofte og aktualitet

Statistikken vert publisert årleg, innan 20 månader etter referanseåret.

Internasjonal rapportering

Rapportering til Eurostat og OECD .

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Rådata og reviderte mikrodata er lagra i samsvar med SSB sin standard for arkivering av filer (DataDok). Mikrodata er lagra for dei same periodane som dei publiserte data på SSB sine internettsider, og er tilgjengeleg til forskingsføremål etter SSB sine reglar for utlevering av data til slike føremål.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet er å gi ei samla oversikt over norskkontrollerte føretaks økonomiske aktivitet i utlandet. Statistikken er internasjonalt kjend som Foreign Affiliates Statistics (FATS). Den vert i kortform heretter kalla «utgåande FATS».

I Noreg blei tal for utgåande FATS samla inn for første gang i 2008.

Brukarar og bruksområde

Tal for norskkontrollerte føretaks aktivitet i utlandet vert nytta til mellom anna måling av graden av globalisering, internasjonale handelsforhandlingar og økonomisk forsking. Brukarar er myndigheiter, næringslivet, ambassadar, utdannings- og forskingsinstitusjonar med fleire. Dessutan vert data rapportert til Eurostat og OECD, i tråd med plikter i høve til EØS-avtalen og andre internasjonale avtaler.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Statistikk som ligg innanfor same område som utgåande FATS og eigarinteressene, er statistikk over norske direkteinvesteringar i utlandet (DI). Statistikken over norske direkteinvesteringar i utlandet sine behaldningar syner fordringar overfor utlandet i form av norskeigd aksjekapital og annan kapital knytt til direkteinvesteringar. Den seier lite om korleis norske eigarinteresser i utlandet påverkar økonomien i dei landa ein har investert i. FATS gjer oss i større grad i stand til å beskrive denne påverknaden, og denne statistikken er ein naturleg vidareføring av Statistisk sentralbyrås eksisterande statistikk på globaliseringsfeltet.

Statistikk for utanlandskontrollerte føretak i Noreg (inngåande FATS) viser tilsvarande forhold der utlendingar kontrollerer norske føretak. Statistikken byggjer på tilsvarande internasjonale krav som utgåande FATS.

Lovheimel

Statistikklova § 2-2 og § 3-2 ligg til grunn for SSB si innhenting av data frå rapportørane.

EØS-referanse

Europaparlaments- og rådsforordning (EØF) nr. 716/2007 av 20. juni 2007 om Fellesskapet sin statistikk om strukturen og aktiviteten til utanlandskontrollerte føretak (FATS-forordninga).

Statistikken vert utarbeidd i tråd med anbefalingar frå Eurostat, nedfelt i "Recommendations manual on the production of Foreign Affiliates Statistics".

Produksjon

Omfang

Statistikken dekkjer norskkontrollerte føretak i utlandet, det vil seie dotterføretak som vert kontrollerte anten direkte eller indirekte av eit føretak i Noreg. Sjå punkt under «omgrep» for nærmare definisjon av norskkontrollerte føretak. Kun aktive føretak, med omsetning eller sysselsatte, er med i populasjonen. Statistikken omfattar i prinsippet alle norske institusjonelle sektorar, men ikkje-finansielle føretak er i denne samanhengen den viktigaste sektoren.

Datakjelder og utval

Grunnlaget for statistikken er SSB si eiga innsamling av rapportar om investeringar i utlandet, som er ei felles innsamling med norske direkte investeringar i utlandet (DI). Rapportane gir informasjon om dei utanlandske føretaka som det norske føretaket eig, med rekneskapsinformasjon om omsetning og sysselsetjing. I tillegg nyttar ein informasjon i årsrekneskapane som er sende inn til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund og frå presse, internett og liknande, for å kartleggje endringar i investeringar i utlandet og til å kartleggje ultimat eigarland (landet der det «siste» føretaket i eigarkjeda ligg, det vil seie føretak som ikkje er kontrollert av eit anna føretak).

Utvalet dekkjer dei største føretaka (Cut-off utval) og berre aktive føretak er med i populasjonen. Storleiken på utvalet har auka sidan det første året det vart samla inn tal for (2008). Dei aller største føretaka har vore med heile tida.

Datainnsamling, editering og beregninger

Statistikk over aktiviteten til norskkontrollerte føretak i utlandet byggjer på SSB si innsamling av opplysningar om investeringar i utlandet. Statistikkgrunnlaget vert samla inn saman med informasjon til statistikk over norske direkteinvesteringar i utlandet (utgåande DI).

Dei innsamla data vert i stor grad kontrollerte mot fjorårstal og informasjon frå årsrekneskapane sende inn til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund. For dei føretaka som er med i undersøkinga gjer ein kontroll av eigarskapet gjennom å nytte informasjon frå rekneskapar og føretaka sine heimesider og liknande om dei ultimate eigarlanda til føretaka. Berre dei som har Noreg som ultimat eigarland (det vil seie. er eit norskkontrollert føretak) er med i denne statistikken.

Ein har så langt ikkje etablert metodar for oppblåsing til populasjonsnivå for tal på føretak, omsetning og sysselsetting i utlandet.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Tal vert ikkje offentleggjorde dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, og dette fører med seg fare for identifisering, det vil seie at tala kan førast attende til oppgåvegjevaren. Det same gjeld også ved fleire enn tre førekomstar dersom ein oppgåvegjevar er så stor at han kan bli identifisert.

Samanlikningar over tid og stad

Utvalet av føretak i statistikken har vorte større sidan starten i 2008, og dette kan påverka samanlikning av resultata over tid, særleg for nivåtal.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Kvaliteten på statistikken vert påverka av registergrunnlaget for datainnsamling og kvaliteten på data som vert innrapporterte. Oppgåvegjevaren kan fylle ut skjemaet feil, og SSB si behandling av data i samband med innregistrering kan føre til feil. Feil i denne samanhengen kan være bruk av feilaktig skala, til dømes kroner i staden for tusen kroner.

Statistikk over aktiviteten til norskkontrollerte føretak i utlandet byggjer på Statistisk sentralbyrå si eiga innsamling. Ein både purrar og gir tvangsmulkt etter dei reglane som gjeld i statistikklova. Det kan hende at einingar lar vere å overhalde rapporteringsplikta, men alle viktige einingar er med i statistikken.

Det finst nokon svakheiter med omsyn til populasjonsoppdatering og utvalstrekking. For å sikre høg grad av relevans til lågast mogleg kostnad legg ein stor vekt på å dekkje store einingar i populasjonen målt ved storleiken på variablane som skal rapporterast. Foreløpig er det ikkje gjennomførd utrekningar av utvalsfeilen for undersøkinga. Utvalstrekkinga føreset i utgangspunktet at sjølve populasjonen omfattar dei aller fleste einingane som har økonomiske fordringar og gjeld mot utlandet. Det finst så langt inga samla oversikt over føretak som har slike mellomværande, og i praksis vil det difor vere vanskeleg å fange opp alle relevante einingar ved utgangen av den einskilde rapporteringsperioden.

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB