136965
statistikk
2013-10-29T10:00:00.000Z
Valg;Innvandring og innvandrere
no
stortingsvalg, Stortingsvalet, valresultat, valdeltaking, politiske parti, vallister, personar med røysterett, førehandsrøyster, godkjende røyster, mandatfordeling, storingsrepresentantarStortingsvalg, Valg, Valg, Innvandring og innvandrere
true

Stortingsvalet9. september 2013

Innhald

Rekordmange førehandsrøyster

Det vart avgjeve 30,2 prosent førehandsrøyster ved stortingsvalet i år. Det er ny rekord. Samstundes var valdeltakinga på 78,2 prosent. Dette utgjer i alt 2 848 000 godkjende røyster. Valdeltakinga var 1,8 prosentpoeng høgare samanlikna med valet for fire år sidan.

Stortingsval. Gjevne røyster etter røystetype og røystetidspunkt.
2013
Gjevne røyster
Godkjende røyster 2 836 029
Valting 1 980 774
Førehand 855 255
Vraka røyster 3 255
Valting 1 630
Førehand 1 625
Blanke røyster 12 874
Valting 9 173
Førehand 3 701
Figur 1. Stortingsvalet 2013. Røyster på utvalde parti
Figur 2. Stortingsvalet 2013. Røyster på førehand/valting
Figur 3. Stortingsvalet 2013. Valdeltaking i prosent 1900-2013
Figur 4. Stortingsvalet 2013. Røyster gjevne til Arbeidarpartiet, etter fylke. Prosent
Figur 5. Stortingsvalet 2013. Røyster gjevne til Senterpartiet, etter fylke. Prosent
Figur 6. Stortingsvalet 2013. Røyster gjevne til Høgre, etter fylke. Prosent
Figur 7. Stortingsvalet 2013. Røyster gjevne til Sosialistisk Venstreparti, etter fylke. Prosent
Figur 8. Stortingsvalet 2013. Røyster gjevne til Kristeleg Folkeparti, etter fylke. Prosent
Figur 9. Stortingsvalet 2013. Røyster gjevne til Venstre, etter fylke. Prosent
Figur 10. Stortingsvalet 2009. Røyster gjevne til Framstegspartiet, etter fylke. Prosent
Figur 1. Stortingsvalet 2013. Røyster på utvalde partiFigur 2. Stortingsvalet 2013. Røyster på førehand/valtingFigur 3. Stortingsvalet 2013. Valdeltaking i prosent 1900-2013Figur 4. Stortingsvalet 2013. Røyster gjevne til Arbeidarpartiet, etter fylke. ProsentFigur 5. Stortingsvalet 2013. Røyster gjevne til Senterpartiet, etter fylke. ProsentFigur 6. Stortingsvalet 2013. Røyster gjevne til Høgre, etter fylke. ProsentFigur 7. Stortingsvalet 2013. Røyster gjevne til Sosialistisk Venstreparti, etter fylke. ProsentFigur 8. Stortingsvalet 2013. Røyster gjevne til Kristeleg Folkeparti, etter fylke. ProsentFigur 9. Stortingsvalet 2013. Røyster gjevne til Venstre, etter fylke. ProsentFigur 10. Stortingsvalet 2009. Røyster gjevne til Framstegspartiet, etter fylke. Prosent

Talet på førehandsrøyster før stortingsvalet auka med 5,8 prosentpoeng i høve til valet i 2009. Det er 12,3 prosentpoeng fleire førehandsrøyster ved dette valet samanlikna med stortingsvalet i 2005. Samstundes er det ein klår samanheng mellom mengda førehandsrøyster og kommunane som deltok i e-valsprosjektet med røystegjeving via internett. Dei sju kommunane som hadde høgast del førehandsrøyster, deltok alle i e-prøveprosjektet. Alle dei 12 kommunane i e-valsprosjektet var mellom dei 21 kommunane som hadde høgast del førehandsrøyster. Høgast del førehandsrøyster hadde Bodø kommune i Nordland med 55,5 prosent. Deretter fylgde Tynset i Hedmark og Ålesund i Møre og Romsdal med høvesvis 53,6 og 52,2 prosent førehandsrøyster. Færrast førehandsrøyster kom i Audnedal i Aust-Agder med 12,5 prosent. Hægebostad i same fylket og Sigdal i Buskerud fekk 13,1 av røystene på førehand.

Fleire kommunar med høg valdeltaking

Valdeltakinga i år var på nivå med valet i 1997 som er den høgaste etter at valdeltakinga sank til under 80 prosent. I åra 1965-1989 var valdeltakinga over 80 prosent. Dersom me ser vekk frå denne 24-årsperioden, er valdeltakinga i år på eit normalt nivå. 89 kommunar hadde valdeltaking på 80 prosent eller meir. Dette er dobbelt så mange som ved førre stortingsvalet. Utsira kommune i Rogaland hadde som vanleg den høgaste valdeltakinga med 91,1 prosent, fylgd av Fedje i Hordaland og Kvitsøy i Rogaland med høvesvis 89,3 og 87,2 prosent. Dei kommunane som er på "topp ti-lista" over kommunar med høgast valdeltaking, er stort sett dei same frå val til val.

Flest kommunar i Nord-Noreg med låg valdeltaking

Det var 15 kommunar som hadde under 70 prosent valdeltaking, 13 av dei finn me i dei tre nordlegaste fylka. Av dei 50 kommunane med lågast valdeltaking ligg 39 i Nord-Noreg. Den kommunen med lågast valdeltaking ved dette valet var, slik det òg var i 2009, Moskenes i Nordland fylke med 65,1 prosent. Deretter fylgde Måsøy og Kautokeino, båe i Finnmark, med høvesvis 66,4 og 66,6 prosent.

Høgare valdeltaking i alle fylka

Valdeltakinga fordelt på fylke fylgjer det vanlege mønsteret med Akershus på topp og Finnmark på botn. Skilnaden i valdeltaking mellom desse to fylka er på over 10 prosentpoeng. Dei tre nordlegaste fylka ligg òg markert lågare i høve til resten av landet når det gjeld deltaking i stortingsval. Alle fylka har auke i valdeltakinga samanlikna med for fire år sidan. Den største oppgangen er i Sogn og Fjordane med 2,9 prosentpoeng og i Sør-Trøndelag med 2,8. Minst var auken i Finnmark med 0,3 prosent. Fleire fylke er no tilbake på same røystenivå som ved valet i 2005.

Akkurat like mange innvalde kvinner som sist

Som i 2009 vart det òg i år innvald 67 kvinner til Stortinget, noko som utgjer 40 prosent av representantane. Det er berre i førre stortingsperioden at det har vore like høg kvinnerepresentasjon. Høgast kvinnerepresentasjon har Senterpartiet med 70 prosent, med andre ord sju av ti representantar. Arbeidarpartiet har 51 prosent innvalde kvinner på stortinget. Som sist finn me Framstegspartiet nedst på lista med 21 prosent kvinner. Dette er 3 prosentpoeng lågare i høve til stortingsvalet i 2009. Dersom me ser på alle innvalde kvinner på Stortinget, utgjer kvinnene i Arbeidarpartiet 42 prosent av totalen.

Valdeltakinga blant unge har auka betydeleg

Valdeltakinga auka med 1,9 prosentpoeng blant dei røysteføre frå 2009 til 2013. Denne endringa er ikkje likt fordelt mellom aldersgruppene. Det er først og fremst blant unge veljarar at deltakinga auka. Det er ein markant auke i førstegongsveljaranes (18-21 år) deltaking, på 10 prosentpoeng. Også blant dei vi kan kalle "andregongsveljarar", aldersgruppa 22-25 år (som har hatt moglegheit til å delta i eit tidlegare stortingsval), auka deltakinga betydeleg frå 2009 til 2013.

I dei fleste andre aldersgruppene er det ei ikkje-signifikant endring i deltakinga frå 2009 til 2013. Unntaket er den eldste aldersgruppa som vi har data for ved begge vala (aldersgruppa 60-79 år). Også blant desse kan vi notere ein signifikant auke i deltakinga, men auken er ikkje så stor som blant dei yngste.

Tala for valdeltaking etter alder baserer seg på eit utval frå ei manntalsundersøking som blei gjennomført i forbindelse med Stortingsvalet 2013. Dette betyr at det er feilmarginar knytte til desse tala. Utvalet er på 9 608 røysteføre.