90481
statistikk
2012-12-19T10:00:00.000Z
Nasjonalregnskap og konjunkturer;Kultur og fritid
no
orgsat, Satellittregnskap for ideelle og frivillige organisasjoner, frivillig arbeid, dugnadsinnsats, verdiskaping.Organisasjoner og medlemskap, Nasjonalregnskap, Kultur og fritid, Nasjonalregnskap og konjunkturer
true

Satellittregnskap for ideelle og frivillige organisasjoner2010

Innhold

Verdiskapinga har passert 100 milliardar

Bruttoproduktet, ofte omtala som verdiskapinga, i ideelle og frivillige organisasjonar er rekna til å vere 101 milliardar kroner i 2010. Dette tilsvarer om lag 20 000 kroner per innbyggjar. Frivillig (ulønna) arbeid utgjorde heile 60 prosent av verdiskapinga i sektoren i 2010. Bruttoproduktet rekna utan ulønna arbeid var det same året 42 milliardar, som er vel 1,2 milliardar kroner høgare enn året før.

Bruttoprodukt i ideell og frivillig sektor utgjorde 1,7 prosent av BNP, som er uendra frå 2009. Inkludert ulønna arbeid utgjorde sektoren i 2010 3,9 prosent av BNP, som er noko lågare enn i 2009, men høgare enn i åra 2006-2008. Grunnen til denne utviklinga er at BNP i 2009 fall som følgje av finanskrisa internasjonalt, noko som gjorde at det relative bidraget frå ideell og frivillig sektor dette året blei stort. I 2010 har det igjen skjedd ei normalisering av delane.

Stabile bidrag frå aktivitetane til verdiskapinga

Det var dei same aktivitetane som bidrog mest til verdiskapinga i 2010 som året før. Helse og sosiale tenester, samt utdanning og forsking, stod til saman for nesten 60 prosent av bruttoproduktet i sektoren. I tillegg bidrog kultur og fritid med nesten 15 prosent.

Når vi inkluderer verdien av det ulønna arbeidet, som er om lag 60 milliardar kroner, endrar biletet seg noko. Delen til dei nemnte ulike velferdsaktivitetane fell til vel 30 prosent. Kultur og fritid aukar derimot sin del til nesten 40 prosent, noko som ikkje er overraskande ettersom det er her vi finn det meste av den frivillige verksemda.

Figur 1

Verdiskaping (ekskludert ulønna arbeid) i ideelle og frivillige organisasjonar, etter aktivitet. 2010. Prosent

Figur 2

Verdiskaping (inkludert berekna verdi for ulønna arbeid) i ideelle og frivillige organisasjonar, etter aktivitet. 2010. Prosent (Retta 14. mars 2013)

1,4 frivillige for kvar lønna person

Den frivillige (ulønna) innsatsen i Noreg i 2010 utgjorde til saman 115 000 årsverk, noko som tilsvarer 4,8 prosent av alle årsverka i Noreg. Denne delen har halde seg stabil dei siste åra.

Talet på frivillige overstig talet på lønna årsverk i sektoren. I 2010 stod det i gjennomsnitt vel 1,4 frivillige bak kvar lønna arbeidstakar. Flest frivillige per lønna arbeidstakarar finn vi innanfor kultur og fritid, miljøvern, lokalmiljø og bustad samt politiske organisasjonar. Relativt sett er det aktivitetane innanfor kultur og fritid som står for mesteparten, med nærare 60 prosent av dei frivillige årsverka. Av desse er det idretten som bidreg mest, som totalt sett utgjer om lag ein fjerdedel av all ulønna aktivitet i Noreg.

Motsett finn vi flest lønna per frivillig innanfor kategoriane utdanning og forsking, helse og sosiale tenester, interesseorganisasjonar og juridisk teneste, samt yrkes-, bransje-, og fagforeiningar.

Figur 3

Årsverk, etter aktivitet, lønnstakarar og ulønna. 2010 (Retta 14. mars 2013)

Ideelle og frivillige organisasjonar, nøkkeltal. 2006-2010
 
  2006 2007 2008 2009 2010
 
Ideelle og frivillige organisasjonar ekskludert ulønna arbeid          
Produksjon (sum driftskostnader). Millionar kroner 62 812 67 774 73 674 78 814 81 728
Bruttoprodukt. Millionar kroner 31 934 34 992 37 952 40 642 41 856
Årsverk (lønnstakarar). Tal 70 864 73 893 76 723 79 777 80 105
           
Bruttoprodukt som del av BNP. Prosent 1,5 1,5 1,5 1,7 1,7
Bruttoprodukt som del av BNP Fastlands-Norge. Prosent 2,0 2,0 2,0 2,2 2,1
Årsverk (lønnstakarar) som del av årsverk i alt for Norge. Prosent 3,3 3,3 3,3 3,5 3,5
           
Ideelle og frivillige organisasjonar inkludert ulønna arbeid          
Produksjon (sum driftskostnadar) inkludert verdien av ulønna arbeid. Millionar kroner  112 744  120 147  128 875  135 947  141 307
Bruttoprodukt inkludert verdien av ulønna arbeid. Millionar kroner 81 866 87 365 93 153 97 775  101 435
Ulønna årsverk. Tal  114 043  114 329  114 616  114 903  115 149
Årsverk i alt (lønnstakarar og ulønna). Tal  184 907  188 222  191 338  194 680  195 255
           
Bruttoprodukt inkludert verdien av ulønna arbeid som del av BNP 1 . Prosent 3,7 3,7 3,6 4,1 3,9
Bruttoprodukt inkludert verdien av ulønna arbeid som del av BNP Fastlands-Norge 2 . Prosent 5,0 4,8 4,9 5,1 5,0
Ulønna årsverk som del av årsverk i alt for Norge 3 . Prosent 5,1 4,9 4,7 4,8 4,8
Årsverk i alt (lønnstakarar og ulønna) som del av årsverk i alt for Norge 3 . Prosent 8,3 8,0 7,9 8,1 8,1
 
1   BNP inkludert verdien av ulønna arbeid
2   BNP Fastlands-Norge inkludert verdien av ulønna arbeid
3   Årsverk i alt for Norge inkludert ulønna årsverk

Tabeller:

Tilbakemelding

Fant du det du lette etter?