251993
251993
Svakaste folkevekst sidan 2006
statistikk
2016-12-15T08:00:00.000Z
Befolkning;Befolkning;Innvandring og innvandrere
no
folkemengde, Folkemengde og befolkningsendringar, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Befolkning, Innvandring og innvandrere
true

Folkemengde og befolkningsendringar2016, berekna tal

Dei årlege berekna tala blir publiserte kvart år i desember og presenterer den berekna folkemengda for det komande årsskiftet. Sidan dei endelege årstala per 1. januar kjem i februar, er dei berekna tala berre aktuelle i perioden desember-februar. SSB publiserer også kvartalsvise endringstal.

Innhald

Publisert:

Svakaste folkevekst sidan 2006

Folketilveksten i 2016 er berekna å bli 43 400 personar, eller 0,83 prosent. Det er andre året på rad at folkeveksten går ned, og veksten har ikkje vore så svak sidan i 2006. Ein ventar at det vil vere 5 257 000 busette her i landet 31. desember 2016.

Berekna folkevekst og folkemengde. Heile landet og dei ti største kommunane.
Dei ti største kommunane2016
Folkemengde 1. januar. Endelege talBerekna folkevekstBerekna folkemengde 31. desemberBerekna folkevekst. Prosent
Hele landet5 213 98543 3685 257 3530,8
Oslo658 3908 263666 6531,3
Bergen277 391970278 3610,3
Trondheim187 3533 096190 4491,7
Stavanger132 644324132 9680,2
Bærum122 3481 632123 9801,3
Kristiansand88 44776889 2150,9
Fredrikstad78 9671 15280 1191,5
Sandnes74 82067475 4940,9
Tromsø73 4801 00974 4891,4
Drammen67 89551668 4110,8

Nettoinnvandringa utgjer 60 prosent av veksten, mens 40 prosent er fødselsoverskot. Nedgangen i folkeveksten heng saman med redusert nettoinnvandring til landet sett i høve til toppåra 2007 - 2014 då om lag 70 prosent av folkeveksten var nettoinnvandring. Reduksjonen heng saman med auka utvandring av arbeidsinnvandrarar. Ein venter eit fødselsoverskot på om lag 17 600 personar.

Nettoinnvandringa frå utlandet er venta å bli om lag 25 800, som er 4 000 færre enn i 2015 og om lag 21 000 færre enn i toppåret 2012 då nettoinnvandringa utgjorde 47 300 personar.

Det berekna fødselsoverskotet på 17 600 vil være noko mindre enn i fjor, men utgjer jamvel ein noko større del av folkeveksten enn førre året, fordi nettoinnvandringa no er mindre.

Berekna folketal for fylka viser at det er Akershus, Sør-Trøndelag og Oslo som har den kraftigaste veksten. Akershus veks med 1,6 prosent, mens Sør-Trøndelag og Oslo veks med 1,3 prosent.

Asylsøkjarar som ikkje har fått opphaldsløyve, er ikkje registrerte som busette og difor ikkje med i berekningane.

Berekningane viser venta folketal ved utgangen av året 2016, og kommuneendringar som er venta 1. januar 2017, er difor ikkje med.

Berekna folkevekst i 2016. Kommunar.

Kartet fungerer ikke i alle nettlesere. Lenke til fullversjonBenevning i kartet rettet, 20. desember 2016.

Om berekninganeÅpne og lesLukk

Folkevekst og folkemengd er berekna ut frå folkeregisteropplysningar om fødslar, dødsfall og flyttingarsom var komne inn før 1. desember 2016. For desember 2016 er det i kvar kommune rekna med om lag tilsvarande endringar i folkemengd som i desember 2015. Dersom mønsteret for flyttingar, fødslar og dødsfall i desember 2016 viser seg å bli mykje ulikt det i desember året før, vil dei endelege tala for folkemengd 31. desember 2016 (og folketilveksten i 2016) avvike i samsvar med dei nye endringane.

For nokre kommunar vil difor berekna folketal 31. desember sjå ut som om ei utvikling er broten utan at det er tilfellet. Som regel vil dette gjelde små kommunar. Ein lyt difor sjå på berekna tal som førebels informasjon.

 

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB