Statistikk innhold

Statistikk om

Avfall frå hushalda

Statistikken viser mengda avfall frå hushalda fordelt på materiale og behandling, og kva for renvasjonsordningar som er tilbydd i kommunen. Det omfattar òg sjølvkosttal, tala som ligg til grunn for berekning av avfallsgebyret. Tala er samla inn via KOSTRA for alle kommunar i landet.

Oppdatert: 16. juni 2025
Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Utvalde tal frå denne statistikken

  • Hushaldsavfall. Hovudtal
    Hushaldsavfall. Hovudtal1
    I altProsentvis endring
    2022202320242022 - 20232023 - 2024
    I alt. 1 000 tonn2 1242 0802 123-2,12,1
    Kg per innbyggjar387375379-3,21,3
    Levert til materialgjenvinning. 1 000 tonn1 9289429831,54,4
    Levert til materialgjenvinning. Kg per innbyggjar2 1691701760,43,6
    1Avfallsmengda er korrigert ned dersom næringsavfall er innblanda i hushaldsavfallet
    2Levert til materialgjenvinning inkluderer avfall til kompostering og biogass.
    Standardteikn i tabellar
  • Hushaldsavfall fordelt på materiale. 1 000 tonn
    Hushaldsavfall fordelt på materiale. 1 000 tonn
    202220232024
    I alt2 1242 0802 123
    Restavfall877851841
    Papp204191185
    Glas797679
    Plast525052
    Metall898693
    EE- avfall484748
    Matavfall202219227
    Treavfall227233233
    Hageavfall153150170
    Tekstil001
    Farleg avfall726983
    Byggavfall504449
    Forureina/ lett forureina masser393430
    Gips191919
    Bildekk444
    Anna987
    Standardteikn i tabellar
  • Behandling av hushaldsavfall. Fylke 1 000 tonn
    Behandling av hushaldsavfall. Fylke 1 000 tonn1
    I altMaterialgjenvinning2 Forbrenning2 Deponi2 Biogassproduksjon2 Kompostering2 Anna2
    20222 1245861 0957315718527
    20232 0805711 0507117020116
    20242 1235881 0507418421115
    2024
    Østfold12530742891
    Akershus25370113926269
    Oslo20355111517140
    Innlandet1824690919180
    Buskerud122365941390
    Vestfold1265235316200
    Telemark8732342990
    Agder1484665103240
    Rogaland1874885726200
    Vestland23555146127150
    Møre og Romsdal1002545315101
    Trøndelag - Trööndelage1825096320120
    Nordland - Nordlánnda95235032171
    Troms - Romsa - Tromssa5513322061
    Finnmark - Finnmárku - Finmarkku246151120
    1Avfallsmengda er korrigert ned dersom næringsavfall er innblanda i hushaldsavfallet
    2Tala viser avfall levert til ulik behandling, ikkje mengda som faktisk blei behandla.
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 4. juli 2022.

Anna avfall: Avfall som ikkje er definert i dei andre avfallskategoriane, som madrassar og fritidsbåtar opptil 15 fot.

Bildekk: Personbildekk, andre dekk (motorsykkeldekk).

Byggavfall: Tegl og takstein, betong med/utan armeringsjern, forureina betong og tegl, mineralull, keramikk og porselen, asfalt, takpapp/ tjærepapp.

Deponi: Permanent disponeringsstad for avfall ved deponering av avfallet på eller under bakken.

EE- avfall: Kvitevarar, kuldemøblar, elektronikk (burvarar), kablar og leidningar, lyskjelder, varmtvassbehaldarar, anna elektrisk, røykvarslarar.

Energiutnytting: Blir berekna ut i frå kor stor del av energien som blir nytta til oppvarming og liknande.

Farleg avfall: Avfall som ikkje hensiktsmessig kan behandlast saman med anna avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr. Impregnert trevirke, spillolje, maling, lim og lakk, sprayflasker, ikkje organisk, batteri, blyakkumulatorar, PCB-vindaugsruter, klorparafin vindaugsruter, ftalater (vinylbelegg), XPS-plater/byggplater (med bromerte flammehemmarar), PUR-skum, asbest

Forureina masser: Jord, stein, grus m.m. som er forureina, men ikkje klassifisert som farleg avfall.

Gips: Gipsplater, gipselement.

Gjenvinning: Nyttiggjering av avfall i form av materialgjenvinning eller forbrenning med energiutnytting.

Gjenvinningsstasjonar: Betente eller ubetente mottak av avfall, der abonnenten sjølv transporterar avfallet og sorterer det i containerar.

Glas: Blanda glasemballasje, vindaugsglas (ikkje laminert). Dersom glas og metall leverast samla, kan mengdene fordelast mellom glas og metall i forholdet 90 % glas og 10 % metall.

Hageavfall: Planterestar (kvist, gras m.v), røter/GROT, jord og bark.

Hushaldsavfall: Avfall frå normal verksemd i eit hushald (matrestar, emballasje, papir, kasserte møblar mm), også større gjenstandar. Avfall frå private hushald, fritidsbustader, studentbustader, pleie- og omsorgsbustader reknast med. Reine massar (jord, stein og grus) og kloakkslam er ikkje rekna som hushaldsavfall. Vraka bilar, heimekompostert mat- og hageavfall er ikkje medrekna i tala.

Kommunalt avfall: Hushaldsavfall pluss hushaldsliknande avfall frå næringslivet.

Lett forureina masser: Jord, stein, grus og anna ikkje farleg avfall som tilfredsstiller kriterium for mottak på deponi for inert avfall.

Mat og anna våtorganisk avfall: Organisk avfall som lett kan brytas ned i biologiske prosessar. Frå hushalda er det vanlegvis matavfall og våtorganisk avfall som visne blomar, bleier og tørkepapir.

Materialgjenvinning: Utnytting av avfallet slik at materialet blir tatt vare på heilt eller delvis. Eit døme er produksjon av skrivepapir frå innsamla returpapir.

Metallar: Kasserte forbruksvarer og emballasje av jern og metall frå hushald. Gjelder også metallemballasje som er samla inn saman med glas. Ikkje EE- avfall, batteriar, bilvrak eller metallar frå utsortering av botnaske.

Næringsavfall: Avfall frå privat/ offentleg verksemd, t.d. institusjonar, restaurantar, skular, militærleirar mm.

Papp og papir: Blanda papir/papp, kartong/drikkekartong, papp, aviser/tidsskrift og bøker.

Plast: Blanda plastemballasje og blanda plast/ hardplast. Ikkje gummi.

Restavfall: Avfallet som blir att etter at reine materialfraksjonar er utsortert. Restavfall, blanda brennbart avfall, blanda ikkje brennbart avfall, vindauge med karm, avfall frå strandrydding er medrekna.

Tekstil: Brukte klær, sko og tilbehør, blanda tekstil og tepper.

Treavfall: Reint ubehandla trevirke/ blanda trevirke som spon, flis og avkapp, pallar/emballasje og tremøbler.

Utsortert brennbart avfall: Brennbare fraksjonar som er sortert ut for å leverast samla til forbrenning i eit samforbrenningsanlegg. Om dei brennbare fraksjonane leverast til eit vanleg avfallsforbrenningsanlegg, skal det førast som restavfall. Ein forutsetter at det etter utsortering óg vil bli ein rest att som førast på "Restavfall". Utgått kategori f.o.m. 2019. 

Årsinnbyggjarar: Når det skal bereknast kg per innbyggjar for kommunane blir innbyggjartalet justert for hytter for å kompensere for det ekstra hushaldsavfallet som kjem frå hytterenovasjonen. I snitt blir kvar hytte brukt av fire personar ca. 30 dagar per år. Omrekna utgjer tre hyttar ein ekstra innbyggjar.

Omgrep knytta til sjølvkost

Direkte driftsutgifter: Arbeid, varar og tenester som kommunen brukar for å yte tenesten. Utgiftene kan direkte knyttast til den aktuelle tenesten.

Finansiell dekningsgrad: Uttrykker forholdet mellom kommunens gebyrinntekter i året, og kommunens gebyrgrunnlag for året. Nøkkeltalet er ein indikator på korleis gebyrinntektene vil utvikle seg i forhold til gebyrgrunnlaget dei neste åra. Nøkkeltalet må sjåast i samanheng med kommunens sjølvkostgrad.

Gebyrgrunnlag: Kommunens samla utgifter (direkte og indirekte driftsutgifter og kalkulatoriske kapitalkostnadar) som ligg til grunn for berekning av gebyra.

Henførbare indirekte driftsutgifter: Utgifter som er henført til administrasjon, kontroll eller revisjon.

Kalkulatoriske avskrivningar: Kostnadar ved bruk av varige driftsmidler som brukarane drar nytte av over fleire år, vert fordelt over samme avskrivningsperiode som i årsrekneskapen. Avskrivningane er lineære.

Kalkulatorisk rentekostnad (alternativkostnad): Eit uttrykk for alternativkostnaden ved å binde opp kapital i dei ulike sektorane.

Sjølvkost: Den totale kostnadsauka ein kommune eller eit selskap har ved å produsere ein bestemt vare eller teneste.

Sjølvkostfond: Kvart sjølvkostområde skal ha sitt eige sjølvkostfond. Differansen mellom gebyrinntekter og gebyrgrunnlag avsettast til eit sjølvkostfond hvis det er overskot, og motreknast mot eit sjølvkostfond hvis det er underskot, føresett at det er vedtatt at det skal vere full kostnadsdekning på gebyrområdet. Det samme gjeld hvis det er vedtatt at ein del av sjølvkost skal dekkast inn av gebyrar betalt av brukarane.

Sjølvkostgrad: Uttrykker forholdet mellom kommunens gebyrinntekter i året og kommunens gebyrgrunnlag for året tillagt avsetning til sjølvkostfond/ dekning av framført underskot eller fråtrekt bruk av sjølvkostfond/ framføring av underskot. Nøkkeltalet visar i kva for grad kommunen har greidd å dekke kostnadane på sjølvkostområdet med gebyrar betalt av brukarane.

Kommunane er gruppert i 16 grupper, etter folkemengd og økonomiske rammebetingelser. Grupperinga er basert på Langørgen, A., R. Aaberge og E.R. Åserud (2001): Gruppering av kommuner etter folkemengde og økonomiske rammebetingelser 1998. Rapporter 2001/35, Statistisk sentralbyrå.

Relatert innhold

Faktasider