Om statistikken

1. Administrative opplysingar

1.1. Namn

Stortingsvalet

1.2. Emnegruppe

00.01.10 - Stortingsval

1.3. Kor ofte og aktualitet

Kvart 4. år (Valår)

1.4. Regionalt nivå

Kommunenivå, for utvalde kommunar vert det òg laga tabellar med prosentfordeling av godkjende røyster avgjeve på dei største partia på krets/bydelsnivå.

1.5. Ansvarleg seksjon

320 - Seksjon for befolkningsstatistikk

1.6. Lovheimel

Statistikklova § 2-2 og Vallova § 15-7.

1.7. EU-rettsakt

Ikkje relevant.

1.8. Internasjonal rapportering

Ikkje relevant.

2. Bakgrunn og føremål

2.1. Føremål og historie

Føremålet er å lage offisiell statistikk frå stortingsvalet. Den fyrste offisielle statistikk over stortingsval blei lagt fram i Valmandsvala og Stortingsvala 1815-1855 (NOS III 219). Ein del av tala, særleg for vala til og med 1826, bygde på utrekningar. For desse vala har me difor berre oppgåver over mengd røysteføre og valde representantar. Statistikk over vala i 1888 og 1891 vart publisert i Meddelelser frå det Statistiske Centralbureau, for 1894 og 1897 i NOS Valgmandsvalgene og Stortingsvala, for 1900 og 1903 i NOS Valgtingene og valgmandstingene, og frå og med 1906 i NOS Stortingsval. Statistisk sentralbyrå sørga for utarbeidinga av statistikken til og med 1903 og igjen frå 1961. I den mellomliggande perioden låg arbeidet med statistikken hjå Stortingets kontor. I Historisk statistikk finn ein opplysningar om partia sine røystetal og representantar attende til 1906. For personar med røysterett, valde representantar og valdeltaking finn ein opplysningar attende til fyrst på 1800-talet.

2.2. Brukarar og bruksområde

Dei politiske partia er ihuga brukarar av statistikken, i det same er journalistar. Statistikken vert òg nytta av departementa for å utrekna partistøtte, og av kommunar og fylkeskommunar. Studentar, særskild dei som studerar statsvitskap, og valforskarar er andre brukargrupper. Statistikk ifrå stortingsval vert etterspurd òg ifrå journalistar, forskarar og studentar i andre land.

3. Om produksjon av statistikken

3.1. Omfang

Statistikken gjeld resultat i frå valet i alle kommunar. Det samlast inn tal for personar med røysterett, kor mange som røysta på førehand og på valting, vraka røyster og kor mange godkjende røyster som vart avgjeve for dei enkelte partia. Innvalde distriktsmandat og utjamningsmandat.

3.2. Datakjelder

Papirskjema sendt inn frå fylkesvalstyra til og med Stortingsval 2001. Ved valet i 2005 fekk SSB data på filar i frå Ergo Group. Frå og med Stortingsvalet 2009, internettskjema som vert sendt inn i frå fylkesvalstyra.

3.3. Utval

Totalteljing.

3.4. Datainnsamling

Fylkesvalstyras valprotokollar leggjast til grunn, desse suppleras med eigne skjema utsendt til kommunane, til og med 1997.

3.5. Kontroll og revisjon

Maskinelle kontrollar ved registrering av tal, vesentleg sumkontrollar og logiske samanhengar.

3.6. Berekningar

Ikkje relevant.

3.7. Konfidensialitet

Ikkje relevant.

4. Omgrep, variablar og grupperingar

4.1. Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Personar med røysterett
Krava til røysterett går fram av Grunnlova § 50 og Vallova § 3. Norske statsborgarar som fyller 18 år eller meir i valåret, som har vore registrert som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, vil automatisk koma med i manntalet. I tillegg kan norske statsborgarar som har vært busett i utlandet samanhengande over 10 år, krevja seg innførd i manntalet.

Avgjevne røyster
Godkjende røystegjevingar, skal stemma med mengda kryss i manntalet. I praksis vert talet regna som godkjende røyster pluss vraka og blanke.

Vraka røyster
Røystesetlar som av ulike årsaker ikkje vert godkjend pluss tomme konvoluttar. Godkjende røyster -- Talet på godkjende røystesetlar etter finteljing/kontrollteljing.

Valde representantar
Statistikken over representantar til Stortinget omfattar valde representantar. Representantane som før valet møtte fast for medlemmar av Regjeringa, er såleis tatt med blant vararepresentantane.

Attval og nyval av representantane
Valde representantar ved årets val, som tidligare har vært faste representantar etter opprykk ved dødsfall e.l., er gruppert under "møtt som vararepresentant". Det same gjeld tidlegare vararepresentantar som har møtt fast for medlemmar av Regjeringa.

4.2. Standard klassifikasjonar

Landsdelar: Landets fylke er frå og med valet i 1997 gruppert i landsdelar på fylgjande vis:
1. Oslo og Akershus 2. Hedmark og Oppland 3. Sør-Austlandet: Østfold, Buskerud, Vestfold, Telemark 4. Agder/Rogaland: Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland 5. Vestlandet: Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal 6. Trøndelag: Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag 7. Nord-Noreg: Nordland, Troms og Finnmark

Kommuneklassifisering, sentralitet. I nokre tabellar er landets kommunar gruppert i 8 klassar på grunnlag av oppgåver over næringsstruktur og sentralitet. Klassifiseringa er dokumentert i Standard for kommuneklassifisering 1994. Denne standarden gjeld frå og med val i 1997. Sentralitet er òg brukt åleine.

Grupperinga i landsdelar og kommuneklassifisering har helde seg til den til einkvar tid gjeldande standard. Det vil difor variera over tid.

5. Feilkjelder og uvisse

5.1. Måle- og handsamingsfeil

Mengda avgjevne og vraka røyster er i enkelte kommunar usikre. Det skyldes unøyaktigheit ved føring av valbok og feil i avkrysningsmanntalet. Mistolking vedrørande omgrepa vraka røystegjevingar/vraka røyster førekjem. Ei vraka røystegjeving framkjem ved at ein person møter opp, men får av ulike årsaker ikkje får sin røystegjeving godkjend. Då skal det heller ikkje kryssas av i manntalet og mengda slike røyster skal normalt ikkje takast med i statistikken. Det blir jamvel protokollert og i nokre fall på feil plass under vraka røyster (røystesetlar). Ved revidering må avgjevne og vraka røyster i nokre fall justerast/rettast etter skjønn der kommunane ikkje maktar å finne ut av feila.

5.2. Fråfallsfeil

Ikkje relevant.

5.3. Utvalsfeil

Ikkje relevant.

5.4. Andre feil

Ikkje relevant.

6. Samanlikningar og samanheng

6.1. Samanlikningar over tid og stad

Statistikk for dei ulike politiske partia fins attende til fyrst på 1900-talet. Under andre verdskrigen 1940-1945 vart det ikkje halde val. På kommunenivå er statistikken noko mangelfull for dei tidlegaste vala. Nokre av dei politiske partia har skifta namn. Det framkjem då av fotnotar i dei historiske tabellane.

6.2. Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant.

7. Kvar finn ein statistikken?

7.1 Publikasjonar og andre lenkjer

Elektronisk (Artikkel, tabellar og figurar) via Dagens statistikk på SSB si heime på Internett. Som papirpublikasjon, NOS Stortingsvalet.

7.2. Lagring og bruk av grunnmaterialet

Statistikkfilane langtidslagrast i SSB samt hjå Norsk samfunnsvitenskapleg datatjeneste (NSD) til forskningsføremål.


2009 © Statistisk sentralbyrå