231064
231064
Materialattvinninga går ned
statistikk
2015-07-07T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Svalbard;Offentlig sektor
no
avfkomm, Avfall frå hushalda, hushaldsavfall, husrenovasjon, avfallshandsaming, attvinning, forbrenning, deponering, kjeldesortering, søppel, matavfall, avfallsmateriale (for eksempel papir, glass, plast), gebyrAvfall, Natur og miljø, KOSTRA, Natur og miljø, Svalbard, Offentlig sektor
true

Avfall frå hushalda2014

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Materialattvinninga går ned

Renovasjonen tok hand om 2,3 millionar tonn hushaldsavfall i 2014. Sidan 2008 har det vore ein jamn nedgang i delen levert til materialattvinning. I 2014 blei om lag 37 prosent av avfallet utnytta anten til materialattvinning, kompostering eller biogassproduksjon, mot 44 prosent i 2008.

Hushaldsavfall. Mengd i alt, levert til materialattvinning og gebyrinntekter. 1 000 tonn, kg per innbyggjar og kroner.1
I altProsent
2008201320142008 - 20142013 - 2014
1Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldsavfallet.
2Levert til materialattvinning inkluderer avfall til kompostering og biogass.
I alt. 1 000 tonn2 0832 2552 26490
Kg per innbyggjar4344414381-1
Levert materialattvinning. 1000 tonn.2906885846-7-4
Levert materialattvinning. Kg per innbyggjar2189173164-13-5
Gebyrinntekter per innbyggjar. Kroner.780946942210

I snitt kasta kvar og ein av oss 438 kg hushaldsavfall i 2014. Det er 3 kg mindre enn i 2013, men likevel ei dobling av mengdene på 20 år. På same tida har sortering av avfall auka til om lag 6 gonger så mykje.

Attvinningsgraden går òg ned

Om ein i reknar med den delen av brent avfall som blei nytta til energi, i tillegg til avfall sendt til materialattvinning, utgjer mengda attvunne avfall 1,9 millionar tonn, eller 82 prosent av alt hushaldsavfall i 2014. Dette er eit prosentpoeng mindre enn året før. 160 000 tonn restavfall som blei sendt til forbrenning i andre land inngår også i mengda avfall sendt til forbrenning med energiutnytting.

Forbrenning tar over

Det er forbrenning og ikkje materialattvinning som tek unna for auken i mengda hushaldsavfall. Det blei brent om lag dobbelt så mykje avfall i 2014 som i 2004, som var fyste året med tal for forbrenning av hushaldsavfall. Av dei 1,3 millionar tonn avfall som blei brent i 2014, var 350 000 tonn sortert materiale, for det meste treavfall. Om lag 965 000 tonn var blanda restavfall.

Det blei levert 845 000 tonn til materialattvinning i 2014, som var 39 000 tonn mindre enn året før.

Avfallsmengda aukar mindre enn forbruket

Tala syner ein samanheng mellom forbruket i hushalda og kor mykje vi kastar. I åra fram til 2008 auka mengda hushaldsavfall i snitt med 5 prosent kvart år. Det var meir enn forbruksvolumet i hushalda. Dei fem siste åra har derimot auken i avfallsmengda i snitt vært mindre enn volumauken i forbruket.

Frå 2013 til 2014 gjekk mengda hushaldsavfall opp med berre 0,4 prosent, medan forbruksvolumet gjekk opp med 1,9 prosent. For kvar 1 000 kroner som går til forbruk, kastar vi om lag 2 kg avfall.

Vi sorterar ut meir mat

Det blei sortert ut om lag 182 000 tonn matavfall og anna våtorganisk materiale til kompostering og biogassproduksjon. Det er 8 000 tonn meir enn året før. I om lag 120 kommunar gjekk matavfallet saman med anna restavfall til forbrenning.

For andre materialar, sto papir, papp og drikkekartong for den største mengda utsortert til attvinning, men likevel med ein nedgang på om lag 16 000 tonn frå året før. Mengda restavfall auka med 11 000 tonn frå 2013 til 994 000 tonn i 2014.

Hushalda på Svalbard kastar lite

Busette i Longyearbyen kastar om lag 200 kg kvar i året, som er mindre enn halvparten av det dei busette på fastlandet kastar. Longyearbyen har teke i bruk matavfallskvernar til bruk i hushalda, noko som er med på å redusere mengda hushaldsavfall, men samstundes aukar utsleppa gjennom avlaupet. Andre forklaringar kan være det spesielle busetnadsmønsteret med korte opphald og mindre bustader. Om lag 80 prosent av avfallet blir sendt til forbrenning med energiutnytting på fastlandet.

Om lag midt på treet i Europa

I ei samanlikning mellom land i Europa for mengda kommunalt avfall har Statistisk sentralbyrå berekna at Noreg låg på 496 kg avfall per innbyggjar i 2013. Det er 15 kg meir enn snittet i Europa. Kommunalt avfall er summen av hushaldsavfall og alt forbruksavfall frå næringslivet som vert teke hand om i kommunal verksemd.

Samanlikningar av mengde kommunalt avfall mellom land er uviss. Kva avfall som reknast med og korleis renovasjonen er organisert varierer mellom landa.

Gebyrinntektene noko lågare enn gebyrgrunnlaget

Gebyrgrunnlaget per innbyggjar har auka med 4 prosent frå 2013, mens gebyrinntektene per innbyggjar i den same perioden har gått ned med 2 prosent.

Kommunane kan ikkje krevje inn meir frå hushalda enn dei samla kostnadene knytte til innsamlinga og handsaminga av hushaldsavfall. Dette følgjer av forureiningslova. Innanfor desse rammene kan kommunane differensiere avfallsgebyra om det fører til avfallsreduksjon og auka attvinning. Fordi det kan vere vanskeleg å fastsetje gebyra slik at gebyrinntektene er lik gebyrgrunnlaget for året, kan kommunen leggje opp gebyra slik at gebyrinntektene i løpet av inntil fem år er lik gebyrgrunnlaget for den tilsvarande perioden.

Gebyrinntektene var 8,4 prosent lågare enn gebyrgrunnlaget i 2014. For perioden 2010-2014 er forskjellane i gebyrinntekt og gebyrgrunnlag ikkje like store, då summen av gebyrinntektene for denne perioden var om lag 3 prosent lågare enn summen av gebyrgrunnlaget.

Tekstilar til ombruk ikkje lenger rekna som avfallÅpne og lesLukk

Frå og med 2011 er tekstilar til ombruk ikkje lenger rekna som avfall. Det medfører eit tidsseriebrot, og fører til at dei totale avfallsmengdene er om lag 1 prosent lågare enn om tekstilane hadde vore medrekna.

Gjenvinningsgrad, et mål for styresmaktene Åpne og lesLukk

Målet til styresmaktene er 80 prosent gjenvinning. Ein skal vere merksam på at målet gjeld alt avfall, og ikkje spesielt hushaldsavfall. Målene ble sist behandla i ein ny avfallsstrategi som kom i 2013.

I 2012 var den gjennomsnittlege energiutnyttingsgraden ved norske avfallsforbrenningsanlegg 78 prosent. Tala for 2014 er berekna ut frå same utnyttingsgrad.

Tala er korrigerte for avfall levert på attvinningsstasjonar og for innblanda næringsavfall i hushaldsavfallet..