260545
260545
Vi kastar det same som før
statistikk
2016-06-21T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Offentlig sektor;Svalbard
no
avfkomm, Avfall frå hushalda, hushaldsavfall, husrenovasjon, avfallshandsaming, attvinning, forbrenning, deponering, kjeldesortering, søppel, matavfall, avfallsmateriale (for eksempel papir, glass, plast), gebyrAvfall, KOSTRA, Natur og miljø, Natur og miljø, Offentlig sektor, Svalbard
true

Avfall frå hushalda2015

Innhald

Publisert:

Oppdatert:

Vi kastar det same som før

Renovasjonen tok hand om 2,3 millionar tonn hushaldsavfall i 2015, om lag det same som i 2014. I snitt kasta kvar og ein av oss 439 kilo hushaldsavfall. Det er om lag det same som i 2014.

Hushaldsavfall. Mengd i alt, levert til materialattvinning og gebyrinntekter. 1 000 tonn, kg per innbyggjar og kroner.1
I altProsent
2009201420152009 - 20152014 - 2015
1Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldsavfallet.
2Levert til materialattvinning inkluderer avfall til kompostering og biogass.
Rettet 24. juni 2016.
I alt. 1 000 tonn2 0392 2642 288121
Kg per innbyggjar42043843950
Levert materialattvinning. 1000 tonn.2876846867-13
Levert materialattvinning. Kg per innbyggjar2180164166-81
Gebyrinntekter per innbyggjar. Kroner.839942953141

Trass i lite endring i perioden 2014-2015 har det vore ei dobling av mengdene avfall på 20 år. På same tida har mengda sortert avfall auka om lag 6 gonger.

Avfallsmengda aukar mindre enn forbruket

Tala syner ein samanheng mellom forbruket i hushalda og kor mykje vi kastar. I åra fram til 2008 auka mengda hushaldsavfall i snitt med 5 prosent kvart år. Det var meir enn forbruksvolumet i hushalda målt ved privat konsum i faste prisar. Dei fem siste åra har derimot auken i avfallsmengda i snitt vore mindre enn volumauken i forbruket.

Frå 2014 til 2015 gjekk mengda hushaldsavfall opp med berre 1,1 prosent, medan forbruksvolumet voks 2 prosent. For kvar 1 000 kroner som går til forbruk, kastar vi om lag 2 kilo avfall.

Materialattvinninga aukar

Om ein reknar med avfall til biogass og kompostering, er det ein liten auke i mengda sendt til materialattvinning. Mengda avfall til materialattvinning utgjorde om lag 870 000 tonn, eller 38 prosent av alt hushaldsavfall, i 2015. Dette er 1 prosentpoeng meir enn året før. Det meste av auken ligg i at 13 000 tonn meir park- og hageavfall blei levert til kompostering.

Meir matavfall til biogass

Det blei sortert ut om lag 180 000 tonn matavfall og anna våtorganisk materiale i hushalda i 2015. Kompostering av matavfall gjekk ned med 14 000 tonn, medan mengda matavfall levert til biogass auka med 13 000 tonn. I om lag 130 kommunar går matavfallet saman med anna restavfall til forbrenning.

Ser vi på andre materiale, sto treavfall for den største mengda utsortert til attvinning: 280 000 tonn. Papir, papp og drikkekartong hadde ein nedgang for fjerde året på rad: om lag 7 000 tonn mindre i 2015 enn i 2014. Mengda restavfall låg på om lag 990 000 tonn i 2015, det same som året før..

160 000 tonn restavfall som blei sendt til forbrenning i andre land, inngår også i mengda avfall sendt til forbrenning med energiutnytting.

Attvinningsgraden uendra

Om vi reknar med den delen av brent avfall som blei energiutnytta, i tillegg til avfall sendt til materialattvinning, utgjorde mengda attvunne avfall 1,9 millionar tonn, eller 82 prosent av alt hushaldsavfall i 2015. Finnmark er fylket med størst auke i attvinningsgraden, og det nordlegaste fylket har no 82 prosent attvinning. Det er over 46 prosentpoeng meir enn i 2005. Auken for heile landet i det same tidsrommet var berre 11 prosentpoeng.

Mindre på deponi gir mindre utslepp

Tala syner at deponiforbudet verkar. Sjølv om mengda avfall har auka, går mengda klimagassar frå avfallet ned. Mindre organisk avfall til deponi og meir til attvinning fører til at litt under 1 million tonn CO2-ekvivalentar, eller 2 prosent av alle klimautsleppa, kjem frå avfallshandteringa kvart år. Det meste er utslepp frå avfall som er deponert opp til 40 år tilbake i tid.

Hushalda på Svalbard kastar berre halvparten så mykje avfall

Busette i Longyearbyen kasta om lag 170 kilo kvar i 2015, som er mindre enn halvparten av det dei busette på fastlandet kastar. Longyearbyen har teke i bruk matavfallskvernar til bruk i hushalda, noko som er med på å redusere mengda hushaldsavfall, men samstundes aukar utsleppa gjennom avlaupet. Andre forklaringar kan vere det spesielle busetnadsmønsteret med korte opphald og mindre bustader. Om lag 80 prosent av avfallet frå Longyearbyen blir sendt til forbrenning med energiutnytting på fastlandet.

Om lag midt på treet i Europa

I ei samanlikning mellom land i Europa for mengda kommunalt avfall har Statistisk sentralbyrå berekna at Noreg låg på 423 kilo avfall per innbyggjar i 2014. Det er om lag 50 kilo mindre enn snittet i Europa. Kommunalt avfall er summen av hushaldsavfall og forbruksavfall frå næringslivet som blir teke hand om i kommunal verksemd. Frå og med 2014 skal avfall frå byggeaktivitet i hushalda ikkje takast med. Treavfall er derfor trekt ut, og tala kan av den grunn ikkje samanliknast med tidlegere år.

Samanlikningar av mengde kommunalt avfall mellom land er uviss. Kva avfall som vert rekna med og korleis renovasjonen er organisert, varierer mellom landa.

Gebyrinntektene noko lågare enn gebyrgrunnlaget

Gebyrinntektene per innbyggjar har auka med 1 prosent frå 2014, medan gebyrinntektene per innbyggjar i perioden 2011-2015 har gått opp med 4 prosent.

Kommunane kan ikkje krevje inn meir frå hushalda enn dei samla kostnadene knytte til innsamlinga og handsaminga av hushaldsavfall. Dette følgjer av forureiningslova. Innanfor desse rammene kan kommunane differensiere avfallsgebyra om det fører til avfallsreduksjon og auka attvinning. Fordi det kan vere vanskeleg å fastsetje gebyra slik at gebyrinntektene er lik gebyrgrunnlaget for året, kan kommunen leggje opp gebyra slik at gebyrinntektene i løpet av inntil fem år er lik gebyrgrunnlaget for den tilsvarande perioden.

Gebyrinntektene var om lag 8 prosent lågare enn gebyrgrunnlaget i 2015. For perioden 2011-2015 er forskjellane i gebyrinntekt og gebyrgrunnlag ikkje like store: Summen av gebyrinntektene for denne perioden var om lag 5 prosent lågare enn summen av gebyrgrunnlaget. 

Gebyrgrunnlaget har auka med omtrent 17 prosent i den siste femårsperioden, 2011-2015, medan gebyrinntektene har auka med 9 prosent i det same tidsrommet.

Tekstilavfall gjev brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Frå og med 2011 er tekstilar til ombruk ikkje lenger rekna som avfall. Det medfører eit tidsseriebrot, og fører til at dei totale avfallsmengdene er om lag 1 prosent lågare enn om tekstilane hadde vore medrekna.

Gjenvinningsgrad, et mål for styresmaktene Åpne og lesLukk

Målet til styresmaktene er 80 prosent gjenvinning. Ein skal vere merksam på at målet gjeld alt avfall, og ikkje spesielt hushaldsavfall. Målene ble sist behandla i ein ny avfallsstrategi som kom i 2013.

I 2012 var den gjennomsnittlege energiutnyttingsgraden ved norske avfallsforbrenningsanlegg 78 prosent. Tala for 2014 er berekna ut frå same utnyttingsgrad.

Tala er korrigerte for avfall levert på attvinningsstasjonar og for innblanda næringsavfall i hushaldsavfallet..