151719
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
151719
Fleire hotellovernattingar i juli
statistikk
2014-09-05T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard, Transport og reiseliv
false
Statistikken inneholder tall for overnatting ved hotell, campingplasser, hyttegrender og vandrerhjem. I juli 2014 var det 2,57 millioner hotellovernattinger i Norge.

Overnattingarjuli 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire hotellovernattingar i juli

I juli 2014 var det 2,57 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 6 prosent fleire enn i juli 2013.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad
Juli 2014Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarJuli 2014
Overnattingar i alt5 371 3033 725 4171 645 88618 889 142
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter2 565 8531 650 298915 55512 043 460
Campingplassar2 330 3651 822 340508 0255 022 941
Hyttegrender409 835221 607188 2281 593 318
Norske Vandrerhjem65 25031 17234 078229 423
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet

Samanlikna med juli 2013 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 5,9 prosent, frå 1 053 millionar til 1 115 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk opp frå 774 til 794 kroner.

Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp med 101 000, eller 6 prosent, mellom juli 2013 og juli 2014. Utanlandske overnattingar hadde den same prosentvise veksten i denne perioden og steig med nærare 52 000 overnattingar.

Overnatting i samband med ferie og fritid eller yrke dominerer med høvesvis 72 og 25 prosent av overnattingane i juli 2014. Ferie- og fritidsovernattingar viste, saman med yrkesovernattingar, ein oppgang på respektive 5 og 11 prosent frå juli 2013 til den same månaden året etter. Derimot gjekk talet på kurs- og konferanseovernattingar ned med 3 prosent i den same perioden.

Fleire campingovernattingar

Talet på campingovernattingar utgjorde 2,3 millionar i juli 2014, som er ein oppgang på 6 prosent frå juli 2013. Norske og utanlandske overnattingar steig med respektive 7 og 4 prosent.

Færre overnattingar på hyttegrender

Det vart registrert snautt 410 000 overnattingar på hyttegrendene i juli 2014. Dette inneber ein nedgang på 5 prosent frå den same månaden i fjor. Det var 27 000, eller 11 prosent, færre norske, men samstundes 7 500, eller 4 prosent, fleire utanlandske hyttegrendovernattingar i juli 2014 enn i juli 2013.

Stadig fleire overnattingar på Svalbard

I juli 2014 var det i underkant av 16 000 hotellovernattingar på Svalbard. Det er 17 prosent fleire enn i juli 2013.

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB