Oppgang i campingovernattingar fram mot mai

Publisert:

Endret:

Det var registrert 670 000 overnattingar ved norske campingplassar dei fire første månadene i år. Dette er ein vekst på 7 prosent sidan dei rekordlåge tala frå 2017 då talet på overnattingar fall med 17 prosent frå året før.

Overnattingsstatistikken registrerer overnattingar på alle norske campingplassar med ein kapasitet på minst 30 einingar. Tala frå januar, februar, mars og april syner at det er nordmenn som stod for auken hjå campingplassane. Norske overnattingar auka med 9 prosent, medan utanlandske overnattingar på campingplassar gjekk ned med 6 prosent samanlikna med året før.   

Figur 1.Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland

1 tertial 2014 1 tertial 2015 1 tertial 2016 1 tertial 2017 1 tertial 2018
I alt 783021 783791 752643 626270 670189
Utlandet i alt 74736 72237 75345 95794 89490
Norge 708285 711554 677298 530476 580699

Norske campingplassar hadde 670 000 overnattingar i 1. tertial. Overnattingar i bubil og på sesongkontraktar auka med høvesvis 23 og 27 prosent, medan overnattingar på campinghytter fall med 11 prosent. Auken i bruken av bubilar i 1. tertial har meir enn dobla seg dei siste tre åra frå 23 000 til 48 000.

Også blant hotella i Noreg var det auke, der talet på samla overnattingar auka med 3 prosent frå same tertial året før. Overnattingar på hyttegrender var om lag uendra, og for vandrarheimar vart det registrert ein nedgang. Samla sett for overnattingsbedriftene i Noreg var det ein 4 prosent oppgang i 1. tertial 2018 samanlikna med 1. tertial 2017.

Figur 2. Alle overnattingsbedrifter. Overnattingar etter gjestane sitt bustadland

1. tertial 2017 1. tertial 2018
I alt 7684604 7969337
Noreg 5759886 5934086
Utlandet 1924718 2035251

Størst auke nær skistader og i Trøndelag

Reiseundersøkinga hjå SSB omtalar reiseaktiviteten til nordmenn. Dei nyleg publiserte tala for 1. kvartal i 2018 syner at talet på innanlandsreiser til nordmenn auka meir enn utanlandsreisene deira. Auken i reiseaktiviteten heng saman med at påska fall i mars i år, mot april året før.

Tal frå yr.no viser at  vinteen i år  var av dei meir snørike dei siste åra. Den snørike vinteren er noko som overnattingsstatistikken tidlegare har kommentert. Det kan vere noko av forklaringa på at auken blant campingovernattingane var norske gjester, og at brorparten av auken for campingovernattingane var i område i nærleiken av skistader. Blant dei var det spesielt Oppland som auka mest. I områda rundt skistader, som Beitostølen og Hemsedal, rapporterte også hotell og hyttegrender ein auke i dei første fire månadene samanlikna med i fjor.

Fleire utanlandske overnattingar på hotella

Hotella har sett ein oppgang på 4 prosent i dei fire første månadene av 2018 målt mot den same perioden i fjor, og det var særleg auken i feriereisande som stod for auken. Ser ein på hotellovernattingar fordelte på bustadland, var det auken i hotellovernattingane til nordmenn som bidrog mest til den samla auken, men også overnattingar til utlendingar auka i 1. tertial 2018. Utanlandske overnattingar auka med 8 prosent, der særleg ein 33 prosent auke blant reisande frå USA og ein 12 prosent auke blant tyske reisande bidrog til denne auken.

Trass i den totale auken blei det registrert 4 prosent færre overnattingsgjestar frå både Kina og Storbritannia. Det var spesielt auken i fylka Oslo, Buskerud, Hordaland og Nordland som bidrog til den totale auken for utanlandske overnattingar i Noreg i 1. tertial. Den største prosentvise auken var det Svalbard som registrerte, med 24 prosent fleire utanlandske overnattingar i dei fire første månadene i år samanlikna med i fjor. Sogn og Fjordane hadde den største nedgangen med nesten 6 000, eller 16 prosent, færre utanlandske overnattingar målt mot i fjor.

Figur 3. Hoteller. Utanlandske overnattingar fordelt på bustadland

1 tertial 2017 1 tertial 2018
Utlandet ellers 442278 513913
Kina 38768 37073
Nederland 63338 62219
USA 91201 121083
Tyskland 114887 128270
Storbritannia 188614 180609
Danmark 193591 195049
Sverige 254773 258746

Om sesongkontraktar

Med sesongkontraktar meiner vi leige av ein fast plass for campingvogner til ein pris uavhengig av kor mykje vogna er i bruk. Mange campingplassar som rapporterer til SSB, har ikkje nøyaktige data for bruken av fastvogner. Totalt og partielt fråfall i spørsmålet om sesongkontraktar er høgt, sjølv om rapportørane blir bedne om å gi anslag der dei ikkje veit det eksakte talet på overnattingar. Ved overgang til Altinn har SSB satt inn fleire hjelpefelt for å gjere utfyllinga av skjema enklare. Med kjennskap til praksis ute på campingplassane og med overgang til nytt skjema bør ein vere varsam når ein bruker tala for sesongkontraktar.

 

Kontakt