657 milliardar kroner i samla skatteinnbetalingar

Publisert:

Hittil i år er det betalt inn 657 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er drygt 27 milliardar meir enn det som vart betalt i den same perioden i fjor.

 

Ifølgje skatterekneskapen står dei personlege skattytarane så langt i år for 537 milliardar kroner av dei samla innbetalingane. Dei upersonlege skattytarane utanom oljeselskapa har betalt inn 63 milliardar. Til saman har personlege og upersonlege skattytarar utanom oljeselskapa auka innbetalingane sine med 21 milliardar.

Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - oktober akkumulert. Prosentvis endring

2016-2017 2015-2016
Sum fylker unnateke kontinentalsokkelen 4.0 3.1
Finnmark Finnmárku 3.8 3.2
Troms Romsa 5.4 7.5
Nordland 5.7 4.8
Nord-Trøndelag 2.5 3.4
Sør-Trøndelag 1.7 4.6
Møre og Romsdal 1.3 -0.6
Sogn og Fjordane 4.0 3.1
Hordaland 1.9 1.3
Rogaland -4.7 1.7
Vest-Agder -3.8 1.0
Aust-Agder 4.2 3.0
Telemark 5.3 1.6
Vestfold 2.0 3.6
Buskerud 2.6 3.0
Oppland 2.5 3.8
Hedmark 2.7 4.7
Oslo 13.1 2.7
Akershus 3.2 5.4
Østfold 3.1 5.4

Per oktober 2017 ligg dei innbetalte oljeskattane på drygt 56 milliardar kroner, noko som svarar til ein auke på nesten 6 milliardar jamført med den same perioden i fjor. Dette er fyrste gong at dei akkumulerte oljeskattane er høgare i 2017 enn i 2016. Ved årsskiftet utgjorde oljeskattane 5,4 prosent av dei samla skatteinnbetalingane. I oktober er denne delen 8,6 prosent.

Figur 2. Samlet skatt på utvinning av petroleum i prosent av totale skatteinnbetalingar

Del
Des. 2008 31.7
Jun. 2009 25.6
Des. 2009 23.8
Jun. 2010 17.9
Des. 2010 22.1
Jun. 2011 21.4
Des. 2011 25.8
Jun. 2012 24.4
Des. 2012 26.9
Jun. 2013 25.1
Des. 2013 23.5
Jun. 2014 20.6
Des. 2014 20.3
Jun. 2015 15.8
Des. 2015 13
Jun. 2016 8.2
Des. 2016 5.4
Jun. 2017 6.1
Aug. 2017 7.4
Okt. 2017 8.6

Innbetalingane til stats- og kommuneforvaltninga har auka auka med til saman 15 milliardar kroner samanlikna med den same perioden i fjor. Av fylkeskommunane er det berre Vest-Agder og Rogaland som opplever negativ vekst i skatteinnbetalingane mellom i fjor og i år. Folketrygda har hittil i år motteke 251 milliardar kroner, noko som svarar til en auke på 2,6 prosent jamført med i fjor.

Faktaside