113787
/natur-og-miljo/statistikker/avfkomm/aar
113787
Mengda avfall dobla på 20 år
statistikk
2013-07-09T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Offentlig sektor;Svalbard
no
avfkomm, Avfall frå hushalda, hushaldsavfall, husrenovasjon, avfallshandsaming, attvinning, forbrenning, deponering, kjeldesortering, søppel, matavfall, avfallsmateriale (for eksempel papir, glass, plast), gebyrAvfall, Natur og miljø, KOSTRA, Natur og miljø, Offentlig sektor, Svalbard
false

Avfall frå hushalda2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mengda avfall dobla på 20 år

I 2012 tok renovasjonen hand om 2,2 millionar tonn hushaldsavfall, eller om lag det doble av mengda i 1992. Avfall levert til materialattvinning utgjorde 40 prosent av dei totale mengdene siste året, om lag det same som året før.

Hushaldsavfall. Mengd i alt, levert til materialattvinning og gebyrinntekter. 1000 tonn, kg per innbyggjar og kroner.1
I altProsent
1992201120121992 - 20122011 - 2012
1Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldsavfallet.
2Levert til materialattvinning inkluderer avfall til kompostering og biogass.
I alt. 1000 tonn.1 0122 1832 172115-0,5
Kg per innbyggjar23743843082-2
Levert materialattvinning. 1000 tonn.286871866908-1
Levert materialattvinning. Kg per innbyggjar220172169741-2
Gebyrinntekter per innbyggjar. Kroner.9179170

Av 2,2 millionar tonn innsamla hushaldsavfall blei om lag 1,8 millionar tonn utnytta anten til materialattvinning eller energiutnytting, syner tal frå kommune-stat-rapporteringa (KOSTRA) for 2012.

Forbruket aukar, men avfallsmengda går ned

I snitt kasta kvar og ein av oss 430 kg hushaldsavfall i 2012. Det er 8 kg mindre enn i 2011. Men for den totale avfallsmengda blei nedgangen moderat. Det heng saman med auken i folketalet.

Tala syner ein samanheng mellom forbruket i hushalda og kor mykje vi kastar. For siste år auka forbruket med 3,1 1 prosent, medan avfallsmengda gjekk ned med 0,5 prosent.

I åra fram til 2008 auka mengda hushaldsavfall i snitt med 6 prosent kvart år, som var meir enn auken i forbruket i hushalda. I åra etter 2008 har trenden snudd og viser 1 prosent 1  avfallsauke, medan forbruket auka med 2,4 1 prosent i snitt.

For kvar 1 000 kroner som går til forbruk, kastar vi om lag 2 kg avfall.

Tal for forbruket i hushalda er henta frå den årlege nasjonalrekneskapen.

Små endringar i handteringa av avfallet

Det blei brent om lag 440 000 tonn meir avfall i 2012 enn i 2008, som var året før deponiforbodet blei sett i verk. Auken frå 2011 til 2012 var på 7 000 tonn 1 . Av dei 1,2 millionane tonna avfall som blei brent i 2011, var 290 000 tonn sortert materiale, mest treavfall. Om lag 940 000 tonn var blanda restavfall.

Det blei levert 9 000 1 tonn mindre til materialattvinning i 2012, enn året før. Fram til 2008 var det ein jamn årleg auke i den delen hushaldsavfall som blei levert til materialattvinning, medan trenden har vist ein svak nedgang frå 2008 til i dag.

Mindre på deponi gir mindre utslepp

Tala syner at deponiforbodet verkar. Med ein nedgang på 11 000 tonn frå 2011 til 2012 blei det samla sett lagt 40 000 tonn avfall på deponi i 2012. Mengda deponert avfall i 2012 var ein niandedel av mengda frå 2008.

Metan frå avfallsdeponi utgjer om lag 2 prosent av alle klimautslepp her i landet, eller om lag 1 million tonn CO2 ekvivalentar - ein nedgang på 0,8 millionar tonn frå 1990

Inga endring i attvinningsgraden

Om ein reknar med den delen av brent avfall som blei energiutnytta, i tillegg til avfall sendt til materialattvinning, utgjer mengda attvunne avfall 1,8 millionar tonn, eller 83 prosent av alt hushaldsavfall i 2012. Det er det same som året før. 160 000 tonn restavfall som blei eksportert til forbrenning i andre land, inngår også i mengda avfall sendt til forbrenning med energiutnytting.

Målet til styresmaktene var 75 prosent attvinning innan 2010. Ein skal vere merksam på at målet gjeld alt avfall, og ikkje spesielt hushaldsavfall.

I 2008 var den gjennomsnittlege energiutnyttingsgraden ved norske avfallsforbrenningsanlegg 77 prosent. Tala for 2012 er berekna ut frå same utnyttingsgraden.

Når avfall blir samla inn med renovasjonsbil og levert på mottaksstasjonar, kan det vere vanskeleg å registrere hushaldsavfall og næringsavfall kvar for seg. Tala er korrigerte for desse forholda så godt det lét seg gjere ut frå opplysningar frå kommunane.

Om lag midt på treet i Europa

I ei samanlikning mellom land i Europa for mengda kommunalt avfall har Statistisk sentralbyrå berekna at Noreg låg på 479 kg per innbyggjar i 2011. Dette er 17 kg mindre enn snittet i Europa.

Samanlikningar av mengda kommunalt avfall i ulike land er uviss. Kva som blir rekna med, og korleis renovasjonen er organisert, varierer mellom landa.

Gebyrgrunnlaget per innbyggjar uendra

Gebyrgrunnlaget per innbyggjar er uendra frå 2011, mens det har auka med 17,5 prosent sida 2008. Gebyrinntektene per innbyggjar har i den same perioden følgt den same utviklinga og har auka med 17 prosent.

Kostnader for avfallsektoren i kommunen blir dekte gjennom gebyr betalte av brukarane. For hushaldsavfall skal avfallsgebyra følgje sjølvkostprinsippet. Det innebér at gebyra skal innehalde alle kostnader knytte til handsaminga av hushaldsavfallet, og at kommunane ikkje kan krevje inn meir frå hushalda enn dei samla kostnadene knytte til innsamlinga og handsaminga av hushaldsavfall. Dette følgjer av forureiningslova. Innanfor desse rammene kan kommunane differensiere avfallsgebyra hvis det fører til avfallsreduksjon og auka attvinning. Av di det kan vere vanskeleg å fastsetje gebyra slik at gebyrinntektene er lik gebyrgrunnlaget for året, kan kommunen leggje opp gebyra slik at gebyrinntektene i løpet av inntil fem år er lik gebyrgrunnlaget for ein tilsvarande periode.

Gebyrinntektene er om lag 3 prosent lågare enn gebyrgrunnlaget i 2012, men for perioden 2008 til 2012 er summen av gebyrinntekt og gebyrgrunnlag tilnærma lik, av di gebyrinntektene for denne perioden berre er ein halv prosent lågare enn gebyrgrunnlaget.

1 Tala vart retta, 10. juli 2013.

Definisjonsendring gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Frå og med 2011 er tekstilar til ombruk ikkje lengre rekna som avfall. Det medfører eit tidsseriebrot, og fører til at dei totale avfallsmengdene er om lag 1 prosent lågare enn om tekstilane hadde vore medrekna.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB