54702_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/aar
54702
10 prosent er medlem i trus- og livssynssamfunn
statistikk
2011-12-06T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
trosamf, Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medlemmer, religionar (for eksempel kristendom, islam, buddisme), kyrkjesamfunn, Human-etisk forbundKultur og fritid, Religion og livssyn, Innvandring og innvandrere, Kultur og fritid
false

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja1. januar 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

10 prosent er medlem i trus- og livssynssamfunn

Trus- og livssynssamfunn som er utanfor Den norske kyrkja, og som får statstilskot, hadde 484 500 medlemmer per 1. januar 2011. Det er ein auke på 34 700, eller 8 prosent, frå året før. Det har vore størst vekst blant dei kristne trussamfunna.

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn per 1. januar 2011. Prosent

Av dei 4 920 305 personane som var busette i Noreg 1. januar 2011, var 484 500, eller 9,8 prosent, medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Veksten i medlemmer med statstilskot er høgare enn førre året. Nokre nye samfunn har kome til i statistikken for 2011, medan andre samfunn som har vore med tidlegare, ikkje er representerte i år.

Ein av to er medlemmer i kristne trussamfunn ...

Av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja som får statstilskot, har framleis dei kristne trussamfunna flest, med 266 800 medlemmer, eller 55 prosent. Dei kristne trussamfunna har hatt størst vekst i talet på medlemmer, 21 200, eller om lag 9 prosent. Den romersk-katolske kyrkja er det største kristne trussamfunnet eller trusretning, med 83 000 medlemmer. Talet på medlemmer i Den romersk-katolske kyrkja har auka med 16 000, eller 24 prosent. Denne auken kan sjåast i samanheng med auka innvandring frå andre land, spesielt Polen. Sjå statistikken for Innvandring og utvandring . Menigheiter innanfor pinserørsla tel om lag 39 600 medlemmer. Pinserørsla har hatt ein svak nedgang i talet på medlemmer siste året.

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn per 1. januar 2005-2011

... og 106 700 medlemmer i islamske trussamfunn

106 700, eller 22 prosent, av medlemmene i trus- og livssynssamfunn er medlemmer i islamske trussamfunn. Sjølv om talet på muslimar har auka med 7 800 medlemmer, er prosentdelen den same som tidlegare år. Buddhisme utgjer 3 prosent, medan hinduisme og sikhisme utgjer høvesvis 1,2 og 0,6 prosent per 1. januar 2011. Det er òg om lag same delen som åra før. Trussamfunn som hører til hinduisme, hadde størst prosentvis auke siste året, om lag 13 prosent, og desse samfunna har til saman 5 900 medlemmer.

Talet på medlemmer i Human-Etisk Forbund er 83 100 per 1. januar 2011. Andre livssynssamfunn har 1 400 medlemmer. Det har vore ein auke på nær 1 600 medlemmer viss ein ser desse samfunna under eitt.

Framleis flest nye medlemmer i Oslo

Det har vore ein vekst i talet på medlemmer i alle delar av landet. Oslo er framleis fylket der flest står i eit trus- eller livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. I hovudstaden er 118 000, eller 20 prosent, av folkemengda medlemmer i eit trus- eller livssynssamfunn, og om lag ein fjerdedel av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn er busette her. Oslo hadde òg den største auken i talet på medlemmer frå 1. januar 2010, med 8 900, eller 8,2 prosent.

Blant dei som er busette i Oslo, har dei islamske samfunna nærare 48 000 medlemmer, og kristne trussamfunn om lag 44 100 medlemmer. Dei kristne samfunna hadde den største auken i Akershus med om lag 4 400 medlemmer. 36,4 prosent av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn bur i Oslo og Akershus.

Statistikken baserer seg på søknader til fylkesmennene frå trus- og livssynssamfunna som søkjer om statstilskot det enkelte år. Medlemslistene til trus- og livssynssamfunna blir vidaresende til Brønnøysundregistra via fylkesmennene for ulike kontrollar og fjerning av dublettar. Statistisk sentralbyrå mottek ei aggregert datafil frå Brønnøysundregistra. Statistikkane frå og med 2005 kan ikkje samanliknast direkte med tidlegare år, av di datagrunnlaget er endra. Sjå Om statistikken .

For informasjon om tal frå Den norske kyrkja, sjå Kyrkje - KOSTRA .

Tabeller: