Fiskarane leverte mest fisk i Møre og Romsdal

Publisert:

Fiskarar leverte mindre fisk i 2016 enn året før, men verdien av fangsten var større. Møre og Romsdal tok imot mest fisk.

Norske og utanlandske båtar leverte 2,1 millionar tonn fisk, reker, skaldyr og skjel i Noreg i 2016. I tillegg leverte norske båtar 347 000 tonn i utlandet. Førstehandsverdien av fisket var 22,3 milliardar kroner, syner den endelege fiskeristatistikken for 2016.

Leverte fisk for 4,8 milliardar i Møre og Romsdal

Rekna i både mengd og verdi var Møre og Romsdal det største fylket for mottak av fisk i 2016. I alt leverte norske og utanlandske båtar 459 000 tonn reker, skaldyr og skjel til ein førstehandsverdi på 4,8 milliardar kroner til fiskemottaka i Møre og Romsdal.

Deretter følgde Rogaland og Troms, med respektive 363 000 og 352 000 tonn. Sidan fangsten i Nordland og Troms inneheldt mykje torsk, hadde han høgare verdi enn fangsten i Rogaland. Dette gjer at Troms og Nordland følgjer etter Møre og Romsdal når vi rangerer etter verdi.

Figur 1. Fangstmengd frå norske og utanlandske båtar, fordelt på landingsfylke. 2016
Figur 1. Fangstmengd frå norske og utanlandske båtar, fordelt på landingsfylke. 2016
Mengde (tonn)
Nord-Trøndelag 7943
Andre fylker 9353
Hordaland 24137
Sør-Trøndelag 54672
Sogn og Fjordane 248340
FinnmarkFinnmárku 265688
Nordland 319773
Levert i utlandet (norske båtar) 346949
TromsRomsa 352101
Rogaland 363069
Møre og Romsdal 459497

Figur 2. Verdi av fangst frå norske og utanlandske båtar, fordelt på landingsfylke. 2016
Figur 2. Verdi av fangst frå norske og utanlandske båtar, fordelt på landingsfylke. 2016
Verdi (Milliardar kr)
Nord-Trøndelag 0.1
Hordaland 0.3
Andre fylker 0.4
Sør-Trøndelag 0.5
Levert i utlandet (norske båtar) 0.8
Sogn og Fjordane 1.8
Rogaland 2.0
FinnmarkFinnmárku 3.5
Nordland 3.6
TromsRomsa 4.7
Møre og Romsdal 4.8

Mindre mengd fisk, men større verdi

Norske båtar leverte 2,1 millionar tonn fisk, reker, skaldyr og skjel i Noreg og utlandet til ein førstehandsverdi på rekordhøge 18,7 milliardar kroner i 2016. Det er ein nedgang på 12 prosent for mengd og ei auke på 10 prosent for førstehandsverdi samanlikna med 2015. Utanlandske båtar leverte 386 000 tonn til Noreg i 2016.           

Dei endelege tala for fiskeria i 2016 viser små endringar i fangstmengd og førstehandsverdi samanlikna med dei førebelse tala som vart publiserte i januar 2017. 

Kontakt