Heildøgnstilbod er meir enn sjukeheim

Publisert:

Teljinga av plassar i institusjon og bustadar med bemanning er ikkje lenger heilt dekkjande for totalbildet av heildøgnstilbod.

Tenestene er ofte organiserte annleis enn før, og særleg blir det meir vanleg å kombinere dei med ny teknologi. I tillegg til i institusjon, kan ein gi heildøgnstilbod i kommunalt disponert bustad, i eigen private bustad, og som kombinasjon av ulike tenester.

Lovendring krev nye tal

Spesielt etter at heildøgnstilbod utover sjukeheim blei rettigheitsfesta i 2016, har det vore behov for å definere tydelegare kva som ligg i «heildøgn»-omgrepet.

Før denne nye retten er implementert i kommuneforvaltninga og i følgjestatistikk, er det utfordrande å seie noko klart om utviklinga i eit større perspektiv utover sjukeheimsplassar.

Saman med helsemyndigheitene og KS har SSB no starta arbeidet med å utvikle meir treffsikker statistikk for heildøgnstilbod.

Talet på heildøgnsplassar tilnærma uendra

Tilgjengeleg statistikk viser berre små endringar i talet på heildøgnsplassar. Ifølgje KOSTRA for 2016 held talet på sjukeheimsplassar fram med å gå svakt ned, til 39 583. For fyrste gong er det dessutan under 1 000 plassar i aldersheimar – 889. Samstundes er det ein tilsvarande auke i talet på bustader med heildøgnstilbod til 23 121.

Talet på plassar gir likevel ikkje heila sanninga. Det kan vere brukarar utanfor dei tradisjonelle plassane som kan ha heildøgnstilbod, og det kan vere bebuarar på sjukeheim og bustad med fast tilsette som ikkje har behov for heildøgnsteneste.

Dei siste ti åra har talet på eldre på 80 år og over vore tilnærma uendra, og lege på rundt 220 000. Sidan institusjonsplassar i sjukeheim eller aldersheim særleg er retta mot eldre, er det difor naturleg at ein ikkje har sett ein auke her. I åra framover kjem den lenge omtalte eldrebølgja, med ein auke på 10 000 i talet på dei på 80 år og over berre fram til 2020.

Då blir spørsmålet om vi vil sjå ein parallell auke i talet på tradisjonelle heildøgnsplassar, eller om alternative tilbod vil gjere seg gjeldande i større grad også for denne gruppa. Dette inneber at talet på institusjonsplassar framleis vil vere viktig, men må supplerast med andre tal.

Bustader med tilpassa bemanning kan vere eit alternativ til institusjon for eldre. Det er dessutan ei målsetjing at brukarar under 50 år ikkje skal ha langtidssopphald i institusjon. Då kan bustad med fast tilknytt bemanning eller varslingsteknologi vere aktuelt.

Figur 1

Figur 1. Plassar i heildøgns butilbod og utvikling i innbyggjartalet. 2008-2016

Arbeidet med å utvikla meir heilskapleg statistikk er i gong

Notat «Heldøgns» frå Helse- og omsorgsdepartementet og KS frå mars 2017 greier ut om korleis ein skal forstå heildøgnsomgrepet innanfor statistikk, forsking og tilskotsforvalting.

Ein tek utgangspunkt i brukar sitt behov, og framhevar særleg at kravet om «… med tilsvarende responstid som vedkommende ville fått på sykehjem» kan løysast på mange vis.

Til dømes kan kommunane med varslings- og lokaliseringsteknologi og personell i tilstrekkeleg nærleik – ikkje nødvendigvis i same bygning – tilby heildøgns teneste og tryggleik på ein heilt annan måte enn i ein sjukeheim eller bustad med fast tilknytt personell.

Notatet ynskjer ikkje å gi noko fasitsvar på kva heildøgnstilbod inneber. Særleg understrekar ein kommunane sitt ansvar for å vurdere kven som har behov for heildøgnstenester, og kva for ein måte ein best møter det individuelle tenestebehovet for desse på.

SSB kan bidra med å utvikle verktøy for å måle omfanget, innhaldet og utviklinga av heildøgnstilbod, og for å samanlikna kommunar og andre grupperingar. Kva som er fornuftig, forsvarleg og brukartilpassa samansetjing av tenester og teknologi i eit heildøgntilbod, er det opptil andre aktørar å vurdere.

Kontakt

Error occured rendering window "Artikkelside - faktaside inngang" (key 225) while handling request to site path: /0/helse/artikler-og-publikasjoner/heildognstilbod-er-meir-enn-sjukeheim?id=90&key=321358&profilertSeksjon=110&sidetype=artikler